Sarvsjå (Bykle gnr 15/66)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. mai 2020 kl. 06:52 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «fylke = Aust-Agder» til «fylke = Agder»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sarvsjå
Gjerden 60c.jpg
Sarvsjå pr 30.6.2006.
Foto: Aanund Olsnes
Rydda: 1978
Utskilt: 1978
Stad: Bykle (Kyrkjebygdi)
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 15
Bnr: 66
Type: Bustadeigedom

Sarvsjå er tomt nr 7 i Øvre Sarv i Bykle. Tomta vart utskilt frå bnr 11 i 1978, då I/S Øvre Otra kaupte henne hjå Bykle kommune, og sette opp ein tenestebustad for byggjeleiaren på Vatnedalsdammen.

  • Åge Bakken, f 1946
g 1. m Ann, busett Trondheim
g 2. m Birgit Døvre, f 1943, d 2014 Born:
  • Arne, f 1973
  • Anna, f 1978
  • Joachim, f 1989

Åge Bakken kjem opphavleg frå LonevågOsterøy, men vaks opp i Laksevåg, nåverande Bergen kommune. Han er sivilingeniør, og då han kom til Bykle i 1978, var han kjend i bygda frå fyrr, ettersom han hadde hatt sumararbeid her for konsulentfirmaet Grøner i åra 1976 og 1977. Etter ferdigstillinga av Vatnedalsdammen i 1984 gjekk han over til å arbeide for Bykle kommune eit par års tid, då han fekk i oppgåve å byggje opp og draga i gang L/L Bykle industri, det som nå heiter A/S Bykle Vindu. I denne perioden budde han i ein tenestebustad som Bykle kommune kaupte til dette fyremålet, det er grannehuset, Lyngtun, bnr 67.

Medan han var i Bykle møtte Åge Birgit Døvre frå Fagernes, ho arbeidde med kunsthandverk i Henriksentunet. Etter at dei flutte herifrå, gifte dei seg, og var sidan engasjerte i utviklingsprosjekt i Mosambik, Bangladesh og Nicaragua i 15-16 år. Då dei kom attende til Noreg i 2001, slo dei seg ned på heimegarden hennes i Fagernes. Han arbeider for tida (2003) som rådgjevande ingeniør med oppdrag fleire stader, mest i Troms.

Då Vatnedalsanlegget var ferdig, kaupte Gudmund Gjerden og Angjerd Myrum huset her hjå kraftselskapet. Gudmund var frå Nordstog, og son åt Torleiv P. Gjerden og kona, Ingebjørg Torleivsdotter, fødd Røysland.

  • Gudmund T. Gjerden, f 1953, d 2005
g 1982 m Angerd O. Myrum, f 1954, ikkje born.

Angerd er frå Myrum i Valle, bnr 5, og dotter åt Olav Gunnarsson Myrum og kona, Anne Torleivsdotter, fødd Jore. Ho er avdelingsleiar i Otra Kraft. Gudmund var anleggs- og kraftverksarbeidar.


0941 Bykle komm.png Sarvsjå (Bykle gnr 15/66) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Sarvli • Neste bolk: Lyngtun