Sauda III

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 7. okt. 2020 kl. 11:53 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Kraftstasjonen Sauda III stod ferdig i 1930. Arkitektane Bjercke og Eliassen stod for utforminga av stasjonen, og det var det lokale kraftselskapet A/S Saudefaldene som var utbyggjar.

Kraftstasjonen Sauda III ligg som eit landemerke, sentralt i Sauda, og godt synleg når ein kjem inn fjorden. Vasskrafta var grunnlaget for industrireisinga i Sauda, og det var A/S Saudefaldene som stod for utbygginga. Kraftutbygginga med Sauda I-IV skjedde i ein femtiårsperiode frå 1919 (Sauda I) til 1967 (Sauda IV). Kraftstasjonen Sauda III starta å produsera kraft 15. februar 1931, og heldt det gåande fram til aggregata blei slått av for godt i 2008. Sauda III vart då erstatta av det nybygde Sønnå kraftverk.

Utbygginga Sauda III, med kraftstasjonen, røyrgata og dammen ved Storlivatnet, har nokre særeigne og særskilde løysingar som er verdt å ta vare på. Mellom anna er dammen ved Storlivatnet rekna som eit pionerarbeid innan norsk dambygging. Dammen vart planlagt av den kjende dameksperten og ingeniøren Christian Fredrik Grøner. Arbeidet og planlegginga av sjølve kraftstasjonen stod dei like kjende arkitektane Andreas Bjercke og Georg Eliassen for.

Arkitektane

Arkitektduoen Bjercke og Eliassen var mellom dei mest nytta, kjende og premierte arkitektane i landet fram til 1950-åra. Arbeidet deira hadde stor breidd, og omfatta alt frå industribygningar til offentlege bygg, institusjonar, bustader, hytter og reguleringsplanar.

For desse arbeida fekk dei ei rekkje utmerkingar og prisar. Av prisa byggverk kan ein nemna sjømannsskulane i Tønsberg (1925) og på Ekeberg(1923), Oslo Lysverker sitt administrasjonsbygg (1933), Vestkantbadet i Oslo (1933), og Norges Rederforbund (1941).[1]

Bjercke og Eliassen valde alltid kvalitet i sine bygningar, noko som kjem tydeleg fram i val og bruk av material. Dei la vekt på kunstnariske innslag, og på balansen mellom dekorative detaljar, flatar og bygningsvolum. Dette kjem fram av brev datert Oslo 24. oktober og 5. desember 1929. Her skriv arkitektane om bygningsmessig innreiing og utstyr at: "Alt arbeide skal være absolut 1ste klasses håndverksmessig utførelse[2]. Dette kvalitetskravet følgjer alle arbeid av arkitektduoen, og gjeld heile vegen frå teiknebrettet fram til den ferdige bygningen. Dette gjaldt ikkje berre Bjercke og Eliassen, men ein heil generasjon arkitektar. Dei står slik i ein tradisjon der ein la vekt på grundig handverk og kunstnarleg utføring.

Arkitekturen til Bjercke og Eliassen følgjer internasjonal stilutvikling. Dei første arbeida står i ein nasjonalromantisk tradisjon, og hentar element frå historiske stilarter. Frå midten av 1920-åra og utover vart fleire av dei norske arkitektane opptekne av eit moderne formspråk som resulterte i nyskapande funksjonalistiske bygningar. Bjercke og Eliassen var mellom dei arkitektane som takla godt overgangen frå nyklassisismen til funksjonalismen. Begge desse stilartane kan ein finna i bygningane deira. I somme bygningar er stilarten reindyrka, men dei kunne òg blande saman stilartar og -element i ein og same bygning. Kraftstasjonen Sauda III er eit døme på dette – eit byggverk med element frå nyklassisisme, funksjonalisme og art deco.

Vasskraftarkitektur

Kraftstasjonen Sauda III føyar seg altså inn i rekkja av arkitektteikna kraftstasjonar, men stikk seg samstundes ut – som ein atypisk, moderne og påkosta kraftverksbygning[3].

I den tidlege vasskraftarkitekturen, særskild før 1900, vart inspirasjon og førebilete henta i borg- og kyrkjearkitektur. Utover på 1900-talet vart arkitektar sett på oppgåva i å formgje kraftstasjonane. Dette var ein ny type bygning, og ein ville finna fram til eit arkitektonisk formsvar som stod til kraftstasjonen si funksjon, og til tida og samfunnet generelt.

Kraftstasjonen sine funksjonelle krav la sterke føringar og rammer for form og uttrykk. Maskinsalen er det største rommet i lengd, breidd og høgd. I dei eldre anlegga oftast turbin og generator (aggregat) kopla saman med ein horisontal aksel, og begge er då plassert i maskinsalen[3]. Desse kraftstasjonane (slik som Sauda III) har ei vertikal oppstilling, der berre toppen av generatoren er synleg i maskinsalen, og resten av maskineriet ligg i etasjane under.

Maskinane er tunge, og med dei kraftige rotasjonskreftene dei set i sving er det trong for solid fundamentering. Maskinane utviklar dessutan varme, og kraftstasjonane må ha gode ventilasjonssystem. For tilsyn, vedlikehald og installasjon følgjer det òg ei rekkje krav: Ein må ha godt lys, gjerne dagslys. Vidare treng ein store portar for å få utstyr inn og ut, god takhøgd, og system med traverskran i taket for løfting. Traverskrana i maskinsalen legg så føringar for veggkonstruksjon og plassering av glasopningar.[3]

Arkitektane søkte å tilføra kraftstasjonane noko meir enn rein funksjon. Kraftstasjonane fekk slik uttrykk frå ulike stilretningar innanføre arkitekturen: Nasjonalromantikk, jugend, nybarokk, nyklassisisme, art nouveau, art deco, funksjonalisme, brutalisme. Desse kraftstasjonane ligg i dagen, og ikkje i fjell som moderne kraftstasjonar gjer.

Anlegget Sauda III

Røyrgata med forankringsklossar og trallebane.

Byggverket Sauda III balanserer fleire ulike arkitektoniske stilartar. Nyklassisismen gir bygningen hint til tidleg arkitektur i formspråk og komposisjon. Dei funksjonelle trekka strammar bygningen opp og gjer den moderne. Art deco-elementa bind det heile saman. Den eksklusive og flotte utsmykkinga i art deco er skjeldsynt i norsk samanheng.

Eksteriør

I dagen, med fjellet bakom og fjorden framom ligg kraftstasjonen Sauda III.  Frå fjellet kan ein følje røyrgata, via forankringsklossar, og ned til stasjonen. Røyrgata, det særeigne tårnet, og sjølve kraftstasjonen møter ein når ein kjem langs vegen frå smelteverket. Frå dei ni hola øvst i tårnet gjekk kraftleidningane ut, og kopla slik anlegget til industrien. I dag står berre hola att, og leidningane er fjerna. Frå fjorden ser ein tårnet reisa seg bak kraftstasjonen, med det bølgjeforma taket som karakteristisk profil: Straumlinjeform for straumuttak. Sjølve kraftstasjonen viser her finsida fram: Den sjøgrøne veggen med detaljar – stiliserte figurar, ventilasjonsopningar, bandgesims, pilastrar og takprofil – i kontrasterande kvitt. Dei tre dekorative "koauga" må ikkje forvekslast med vindauge, dei har ein heilt annan og viktig funksjon: Ventilasjon for dei tre aggregata i rommet innaføre. Relieffdekoren i dei runde ventilasjonsopningane finn ein att i forankringsklossen i røyrgata.

Til venstre for dei tre "auga" er eit smalt ståande glas ramma inn av kraftige kvitmåla profilar. Glaset gir lys inn – og utsikt ut – til monteringshallen. Over dette partiet går eit langt horisontalt glasfelt med ruteinndeling, eit klart trekk frå funksjonalismen. Her får ein lys inn til maskinsalen, i underkant av banen til traverskrana. Glasbandet vert avbrote av konstruksjonen si klåre rytme av søyler, som òg er synlege inne i maskinsalen. Denne rytmen er teken opp att i partiet over. Her står fem kvitmåla pilastrar og "held oppe" takgesimsen. Dei dannar slik ei nyklassisistisk ramme om dei fire stiliserte skulpturane. Dyrking av slik stilisert form ved hjelp av avansert geometri kjenneteiknar art deco-stilen.

I tråd med tida stasjonen vart bygd i, er taket flatt. Det flate taket understrekar samstundes det "tempelaktige" i den øvste nyklassisistiske delen. Dette ser ein ikkje minst i nordfasaden med inngangspartiet. Her prydar ein tempelgavl øvst, med eit rundt glas under. I glaset kjem ei stilisert rose fram. Nedst på fasaden står den store glasporten. Porten har eit flott geometrisk mønster i kjend art deco-stil.

Kraftstasjonen vart bygd i plasstøypt betong, og så pussa og måla. Gjennom historia har bygget hatt ulik fargesetting. Under krigen vart bygget kamuflasjefarga av tyskarane, og har kanskje òg vore raudmåla. Anita Helstrup finn i si bacheloroppgåve[2] eit brev frå Eliassen til Saudefaldene, datert 21.2.1930: "Vårt arbeide med kraftstasjonens yttre farvebehandling er nedlagt i modellen som oversendes. Den er i henhold til tidligere avtale med Dem holdt i rødbrunt"[2]. Listverk og detaljar vart i følgje same brev måla i ein lys grå farge. I dag står kraftstasjonen fram, sjøgrøn med detaljar i kvitt. Ei flott fargesetting som understrekar form og dekor, og som står godt til landskapet.

Interiør

Inne frå maskinsalen med «rosevindauget» i gavlen.

Innvendig er vegg og tak kvitmåla, og søylene som held traverskrana har fått ein mørk sjøgrøn farge. Armatur og utstyr går i dei same fargane. Golvet i maskinsalen og monteringshallen er lagt med lyse fliser, medan overgangen mellom vegg og golv er markert med mørke fliser.

Arkitektane forklarte nøye korleis ein skulle utforma detaljar, og kva material som skulle nyttast. Eit døme på dette er diskusjonen om ei handlist. Det gjaldt spiraltrappa som tek ein frå monteringshallen og opp til maskinsalen, og handlista på rekkverket her. Om denne handlista skriv Helstrup[2] at arkitektane ønskte seg lakkerte jernlister. Dei hadde nett innvigd Kunstnernes hus, og der fungerte det jo flott med handlist i jern! Saudefaldene var ikkje med på arkitektnotene, og skreiv til direktør Kloumann i 1930 at "man bør jo ikke sammenligne som arkitektene gjør, en kraftstation med kunstnerhuset i Oslo, og i stedet for at dette rekkverk skal bestrykes av damehender, må man være forberedt på at det stadig blir benyttet av oljede hender. Selv ved de mest udmerkede driftforhold kan ikke betjeningen holde sine hender rene"[2].

Vern

Sauda III er eit av fleire anlegg som blei foreslått freda i Statkraft sin landsverneplan[4]. Riksantikvaren vedtok freding av anlegget Sauda III den 31. august 2020. Fredinga omfattar røyrgate, stasjonsbygning, trallebane og ventilkammer i fjell. Riksantikvaren skriv følgjande om formålet med fredinga:

Formålet med fredningen er å bevare Sauda III som et helhetlig kultur- og kraftproduksjonsmiljø, bygget for industriformål, og som et arkitekturhistorisk viktig eksempel på et kraftverk i art deco-stil.

Kraftstasjonsbygningen har en gjennomført arkitektur med spesialtegnete detaljer, og er tegnet av arkitektene Bjercke og Eliassen. Flere innredningsdetaljer, trapp og belysning vitner om at anlegget er formgitt og gjennomført med høy kvalitet.

Rørgaten er opprinnelig og inngår i det helhetlige kraftverksmiljøet. Forankringsklossene har en dekorativ utforming.[5]

Referanser

  1. Norsk Kunstnerleksikon. Universitetsforlaget, Oslo 1982
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Helstrup, Anita. Søndenå kraftstasjon; industrielt kulturminne, eller kraftstasjon tatt ut av drift? Bacheloroppgåve ved UiS, Stavanger 2007
  3. 3,0 3,1 3,2 Siteringsfeil: Ugyldig <ref>-tagg; ingen tekst ble oppgitt for referansen ved navn :0
  4. https://www.riksantikvaren.no/prosjekter/landsverneplaner/
  5. [1] Riksantikvaren, Fredninger - Sauda III kraftverk

Kjelder

Litteratur

  • Arkitektur i Norge: Årbok 1997. Pax forlag, Oslo 1997
  • Fosstveit, Kirsten Hellerdal. Kraftstasjon Sauda III. Årsskrift 2013. Sauda sogelag, Sauda 2013
  • Fosstveit, Kirsten Hellerdal. Modernismen kom til Ryfylke. Folk i Ryfylke 2016. Ryfylkemuseet, Sand 2016
  • Helstrup, Anita. Søndenå kraftstasjon; industrielt kulturminne, eller kraftstasjon tatt ut av drift? Bacheloroppgåve ved UiS, Stavanger 2007
  • Norsk Kunstnerleksikon. Universitetsforlaget, Oslo 1982
  • Stang, Kaare; Art Deco i Norge. Forlaget press, Oslo 2005
  • Stav, Ivar; Norsk kraftverksarkitektur. Kulturminner i norsk kraftproduksjon. Norges vassdrags- og energidirektorat, Oslo 2006

Historiske foto