Sauherad Historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. sep. 2017 kl. 11:54 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Sauherad historielag blei stifta 5. oktober 1986. Laget har gjeve ut Sauherad-kalenderen sidan 2015, i tillegg til anna lokalhistorisk litteratur.

Historikk

Det fyrste styret i historielaget såg slik ut: Arnt Håtveit, leiar, Anne Volltveit Kaasa, nestleiar, Anund Holte, kasserar, Kittil Prestholdt, sekretær, Hans Stenstad, styremedlem, Olav Klever, varamedlem, Hans Myrkås, varamedlem.

Etter dette har historielaget hatt desse leiarane.

  • Arnt Håtveit (1986-??)
  • Olav Klever (??-2004)
  • Bjørn Holta (2004-2012)
  • Eivind Lønheim (2012-dd)

Vedtekter

§1: Sauherad Historielag har som føremål å arbeide for interesse og forståing for kommunens historie frå fyrste tid til i dag.
§2: Inntil kultursoga for Sauherad er skriven, vil ein arbeide for eit best mogleg kjeldegrunnlag for denne, primært gjennom munnleg tradisjon.
§3: Alle som vil stø eller arbeide for dette føremålet kan bli medlemer ved å betale årskontingent. Kontingenten blir fastsett av årsmøtet.
§4: Årsmøtet er høgaste organ i laget. Det skal innkallast av styret med minst 14 dagars varsel. På årsmøtet skal styret legge fram revidert rekneskap og årsmelding, likeins arbeidsprogram og budsjett for året som kjem.
§5: Årsmøtet vel kvart år innan utgangen av januar månad eit styre på 5-7 medlemer med 2-4 varamedlemer. Leiaren blir vald særskild av årsmøtet. Årsmøtet vel og 2 revisorar. Styremedlemene blir valde for 2 år om gongen, slik at det på fyrste årsmøtet er 2 styremedlemer på val. Revisorane blir og valde for 2 år om gongen. Styre skal føre protokoll.
§6: Sauherad Historielag skal stå tilslutta Landslaget for lokalhistorie.
§7: Ved lovendring krevst 2/3 fleirtal, elles vanleg fleirtal. Dersom styret eller 1/3 av medlemene finn det nødvendig, kan det innkallast til ekstraordinært årsmøte.
§8: Vedtak om oppløysing av laget kan bare bli gjort på årsmøtet og krev 2/3 fleirtal. Ved oppløysing skal lagseigedomen tilfalle kommunen og nyttast i det lokale kulturarbeidet.

Kjelder

  • Lenke til Sauherad historielag si heimeside.