Schive

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Minnesmerke over tre sokneprester ved namn Søren Schive ved Bjelland kyrkje i Marnardal. Ein fjerde Søren Schive var kapellan der.
Foto: Chris Nyborg (2017).

Schive er ei norsk slekt med danske røter. Namnet kjem frå byen Skive på Jylland, og som stamfar reknast Thorn Ollufsen (omkr. 1500–1560) som var borgar der. Den første frå slekta som kom til Noreg var presten Søfren Thornsen Schive (omkr. 1545–1582). Han skal ha hatt band til Noreg på morssida: morfaren skal ha vore ein Peder Lauritssen som var prest i Finnås, men dette er usikre opplysningar.[1] Slekta har utmerka seg med ein rekkje prestar, ikkje minst Søren Schive (1623–1705), kjend som «den vise Bjellandpresten».

Det fantest óg ei slekt Schive i Trondheim, som tvillaust kan knyttast til den gamle kjøpstaden Skive på Jylland. Derifrå innvandra det ved byrjinga av 1600- tallet fleire ubeslekta personar til Trondhjem. Som familiens eldste kjende medlem reknar ein Lauritz Jenssen Skifve, som etter forstandar Hornemans genealogiske samlingar i Trondhjems Stiftsarkiv, nemnast som rådmann i Trondhjem i 1639 og var gift med Else Christensdatter. Hans son Jens Lauritsen Schive vart eigar av Ila Mølle. Hans son igjen var proprietær Reinholt Johannes Schive. Slekt bestod i flere ledd av rådmenn og prester.

Den eldre Schive-slekta

Den yngre Schive-slekta

Den eldste vi kjenner i denne slekta er auditør Johan Conrad Schive (1763–1837), som skal ha vore fødd i København.

Referansar

  1. Seland 1976: 10.

Litteratur