Sekkjenot

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 15. apr. 2018 kl. 21:59 av Oddvar Høydalsvik (Samtale | bidrag) (kmv)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sekkjenota i vasskorpa

Sekkjenot: Rektangelforma not, godt innskoten, tau i fire hjørne. I tillegg tau med «dobl» på sidene. Ein færing for kvart hjørne i sitt tau (sjå modell på Austefjord Museum). Hans Aarset fortel etter far sin Knut H. Aarset f. 1894 som vaks opp på Storneset og fekk med seg dette som gutunge at «sekkjenota» var jamt i bruk rett før helga når landnota var komen på hengje for turking.


Nota vart lagd på botnen bort for Stornesnaustet. Her er rein botn og her har alltid vore ein fiskerik plass. Når nota var komen på botnen byrja ein å «fly». Dette er å strø knust blåskjel eller småsild (agn / åte) på sjøen rett over nota. Dette sokk sakte mot sjøbotnen og då samla fisken seg for å ete rett over nota.


Sekkjenota i vasskorpa med hjørnetaua på stemnerull eller sute

Dei venta ei stund, etter gamal røynsle, så drog dei opp nota på signal. Alle hjørna måtte dragast på likt slik at det danna seg ein pose for samling av fisken. Ofte fekk dei svært mykje fisk. Dette var fisk laget delte og hadde med heim til helga som mat til familiane sine. Nota måtte naturlegvis hengjast opp til turk før ein gjekk heim.


Kjelder og informantar:


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Sekkjenot er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.