Sekkjenot

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 24. mar. 2010 kl. 23:38 av Oddvar Høydalsvik (samtale | bidrag) (Ny side: Sekkjenota: Rektangelforma not, godt innskoten, tau i fire hjørne. I tillegg tau med «dobl» på sidene. Ein færing for kvart hjørne i sitt tau (sjå modell på Austefjord Museum). Hans…)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sekkjenota: Rektangelforma not, godt innskoten, tau i fire hjørne. I tillegg tau med «dobl» på sidene. Ein færing for kvart hjørne i sitt tau (sjå modell på Austefjord Museum). Hans Aarset fortel etter far sin Knut H. Aarset f. 1894 som vaks opp på Storneset og fekk med seg dette som gutunge at «sekkjenota» var jamt i bruk rett før helga når landnota var komen på hengje.

Nota vart lagd på botnen bort for Stornesnaustet. Her er rein botn og her har alltid vore ein fiskerik plass. Når nota var komen på botnen byrja ein å «fly». Dette er å strø knust blåskjel eller småsild (agn / åte) på sjøen rett over nota. Dette sakk sakte mot sjøbotnen og då samla fisken seg for å ete rett over nota. Dei venta ei stund, etter gamal røynsle, så drog dei opp nota på signal. Alle hjørna måtte dragast på likt slik at det danna seg ein pose for samling av fisken. Ofte fekk dei svært mykje fisk. Dette var fisk laget delte og hadde med heim til helga som mat til familiane sine. Nota måtte naturlegvis hengjast opp til turk før ein gjekk heim.

Kjelder og informantar: