Sekshusstølane (Ustaoset)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 10. mai 2019 kl. 12:03 av Kallrustad (samtale | bidrag) (pirk)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Reistar etter ein av stølane på Rennedalen. Biletet er teke mot vest.
Foto: Marianne Wiig (2012)

Sekshusstølane ligg på Ustaoset, Hol kommune. Ustedalsgardane søre Tufto (71/1) og Løyte (sjå Løytestølane) hadde på 1700-talet båe stølseigedomar på sørsida av Usteåne, lokalt kalla vestsida, på Ustaoset. Søre Tufto hadde Hyttudn, Bekreholt og Rennedalen. Hyttudn ligg på austsida av Biskolabekken, medan Bekreholt låg på vestsida av denne. Rennedalsstølane ligg vestafor Bekreholt og austafor Reinsvadet, og sørover strekk eigedomen seg i høgd med Ustetind.

I 1768 vart søre Tufto delt, og den nye garden vart kalla Sekshus. I delingskontrakta frå 1774 var langstølane Hyttudn, Bekreholt og Rennedalen delt slik at Elling Asleson Sekshus (1733-1803) vart eigar av dei søre delane, medan Gaute Gunvaldson søre Tufto (1721-1801) vart eigar av dei nordre.

I eit hamneforlik frå 1822 går det fram at Ola Sveinson Slåtta (1772-1845) på denne tida eig delar av Rennedalen, slik Sekshus også gjer. Øvre Slåtta sat på denne stølen kvart fjerde år.

For å få innløyst eit lån, selde Elling i 1838 sine delar i Hyttudn, Bekreholt og Rennedalen til syskenbornet sitt, Olaug Sveinsdotter nedre Sand (1795-1859). I skjøtet brukast samnamnet Sekshusstølane om dei tre stølane. Olaug skal ha tatt imot krøtter også frå andre gardar på stølane.

I 1845 vart Sekshusstølane selde på auksjon og overdregne til dei fire umyndige borna på Brattåker. Seinare same år selde eldstemann(?), Elling Olson Brattåker, med verje, dei videre til Knut Henrikson nordre Givsjord (1809-1866). Knut kjøpte også Slåtta sin del i Rennedalen, og denne selde Dordei, enka etter Knut, til sonen Henrik i 1868.

I 1935 kjøpte Guttorm Knutson Trøen (1892-1965), som eigde garden Solstad i Moen, Rennedalen og Sekshusstølane (utanom Bekreholt og Hyttudn?). Dei to eigedomane vart i samband med utskiftinga av Hyttelien sameige slått saman under namnet Rennedalen (64/2).

Alle stølsbygga blir i dag (2014) brukte som hytter. Guttorm selde mange hyttetomter på Rennedalen, noko også etterkomarane har halde fram med. Fallretten til Rennedalen selde Guttorm til Oslo lysverker for kr 2669. Gjennom jordlova fekk han løyst inn att jakt- og fiskeretten til Rennedalen, som fabrikkeigar Cæsar Emil Ramel Michelet (1834-1909) hadde kjøpt i 1894.

Det finst i dag (2014) reistar etter steinbuer fleire stader i Rennedalen, mellom anna på austre vollen der Guttorm og Birgit starta opp. Stølane Gamlerennedalen og Skarvestølsvieren låg også på Rennedalseigedomen. Den fyrste låg litt vest for Bekreholt, medan den andre låg aust for Ustebergstølen. På den attgrodde vollen til Skarvestølsvieren ligg ruinar etter to steinbuer.

Kjelder


Koordinater: 60°30′24″ N 8°6′33″ Ø