Sektorhistorie: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
mIngen redigeringsforklaring
(9 mellomliggende versjoner av 5 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>Når ein granskar og framstiller historia til ein utvald del eller eit enkeltaspekt av lokalsamfunnet, kan vi kalle det '''sektorhistorie'''. Det kan vere ei bestemt næring, ei sosialt eller kulturelt distinkt gruppe, eit kulturfenomen eller noko anna.  
<onlyinclude>[[Bilde:Stemne Telemark Folkehøgskule.jpg|thumb|Stemne på [[Telemark Folkehøgskule]] i 1917. Det å skrive om skulene i ei bygd er eit døme på sektorhistorie. Men skriv ein om berre ein skule er det heller [[Hjelp:Lokal bedrifts-, organisasjons- og institusjonshistorie|institusjonshistorie]].]]
Når ein granskar og framstiller historia til ein utvald del eller eit enkeltaspekt av lokalsamfunnet, kan vi kalle det '''[[Hjelp:sektorhistorie|sektorhistorie]]'''. Det kan vere ei bestemt næring, ei sosialt eller kulturelt distinkt gruppe, eit kulturfenomen eller noko anna.  

Nokre døme på utgjevne bøker i sjangeren lokal sektorhistorie kan vise spennvidda:  
Nokre døme på utgjevne bøker i sjangeren lokal sektorhistorie kan vise spennvidda:  
Linje 15: Linje 16:
Trass dette har vi likevel funne det føremålstenleg å skilje ut ein «eigentleg sektorhistorie» som eigen sjanger. Den nemninga reserverer vi da for monografiar om lokale «sektorar» som omfattar noko meir enn t.d. ein enkelt skule, bedrift, organisasjon el.l. (Monografi = bok/avhandling om eitt emne, i motsetnad til t.d. artikkelsamlingar.)

[[Kategori:Metode|{{PAGENAME}}]]
[[Kategori:Sjangerteori|{{PAGENAME}}]]
{{Q1}}
[[Kategori:Metode]]
{{F1}}
{{Klasserommet}}

Sideversjonen fra 18. mar. 2020 kl. 09:47

Stemne på Telemark Folkehøgskule i 1917. Det å skrive om skulene i ei bygd er eit døme på sektorhistorie. Men skriv ein om berre ein skule er det heller institusjonshistorie.

Når ein granskar og framstiller historia til ein utvald del eller eit enkeltaspekt av lokalsamfunnet, kan vi kalle det sektorhistorie. Det kan vere ei bestemt næring, ei sosialt eller kulturelt distinkt gruppe, eit kulturfenomen eller noko anna.

Nokre døme på utgjevne bøker i sjangeren lokal sektorhistorie kan vise spennvidda:

  • Balvoll, Gudmund: Jordbruket i Vik fram til 1950. Utg. av Vik lokalhistoriske arkiv, 2001.
  • Fossen, Asbjørn: Småkårsfolk i ei Romeriksbygd [Aurskog]. Eget forlag, 1991).
  • Hove, Peter: Haram kyrkjesoge. Haram skulesoge. Haram bygdebok, 1975.
  • Lund, Bernt H.: Beretning om Oslo kommune for årene 1948-1986. Oslo kommune, bystyret 2000.
  • Moen, Eli: Modum - ei bygd, tre elver. Industrialiseringen av ei østlandsbygd 1870-1940. Modum kommune, 1993.
  • Walberg, Øystein: Skogbruk og sagbruk i Verdal. Verdalsboka, band 6, 1982-1983.
  • Ystad, Andreas: Soga om husmenn, plassar og strandbuarar. Inderøy bygdebok, band 3, 1964.

Grensene frå sektorhistorie til andre sjangrar er på mange vis flytande: Den emnedelte, generelle bygdeboka kan seiast å vere samansett av fleire sektorhistorier. Lokal institusjons-, bedrifts- og organisasjonshistorie er også spesialvariantar av sektorhistorie. T.d. inneheld mange jubileumsberetningar for lokale sparebankar så mykje bygdehistorie at ein kan vere i tvil om dei skal sjangerbestemmast som «bedriftshistorie» eller «sektorhistorie». Det same kan seiast om historia om lokale eller regionale elektrisitetsverk.

Mange gards- og slektshistoriebøker er likeins sektorhistorier i den forstand at dei legg einsidig vekt på den reint agrare delen av bygdesamfunnet. Dei aller fleste artiklane i lokalhistoriske årbøker handlar om delemne innan lokalhistoria.