Selbjørn fiskerisogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 8. okt. 2019 kl. 13:41 av Kallrustad (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nokre årgangar av Fiskerisogekalender for Austevoll.

Selbjørn fiskerisogelag vart stifta i 1987. Då Selbjørn fiskarlag gjekk inn i Austevoll fiskarlag, som samla alle fiskarlaga i kommunen, bestemte medlemmene i laget på Selbjørn å endra fiskarlagvedtektene til å gjelda eit fiskerisogelag.

Fiskerisogekalender

Laget hadde nokre kroner på bok, og i § 2 i dei nye vedtektene heitte det at pengane skulle brukast til «å nedteikna og ta vare på den lokale fiskerihistoria i form av tekst og bilde». Fiskarlaget hadde ei kiste med lagsprotokollar, ulike andre dokument og nokre gjenstandar. Leiaren, Øystein Rabben, fekk etter førespurnad til Austevoll folkebibliotek positivt svar på å få plassera kista der, og dermed var kontakten med biblioteket oppretta. Frå den tid har laget bygd opp ei fiskeri- og sjøfartshistorisk samling ved biblioteket. Samlinga vart seinare utvida til å gjelda historie om utanriksfart, kystfart og annan maritim historie som har tilknytning til kommunen. Litteratur frå nokre få andre kystkommunar og landsdekkande større maritime historieverk har også fått sin rettmessige plass i samlinga. 1. januar 2012 bestod samlinga av 331 bøker, tidsskrift, ulikt kjeldemateriale, f. eks. loggbøker, og dvd’ar og videoar med filmar frå sjøfart og fiske.

Frå 1995 har laget gitt ut Fiskerisogekalender for Austevoll. Kalenderen har hatt med over 400 bilde av båtar og anna som viser ulikt frå kommunen si maritime historie tilbake til 1880-åra. Det er fyldige tekstar til dei fleste bilda.

Store kopiar av fotografia som har vore publiserte i fiskerisogekalenderen, utsmykkar korridorane på sjuke- og pleieheimen i kommunen, på ei av ferjene og på kjøpesenteret der biblioteket held til.

Munnleg kjelde

  • Fiskar, notbas og fiskeskipper Øystein Rabben

Litteratur

  • Våge, Nils Steinar: «Fiskeri- og sjøfartshistorisk samling ved Austevoll folkebibliotek». I Lokalhistorisk magasin nr. 3, 2012.