Seljord Viselag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Seljord Viselag i 1979.
Foto: Norsk vise- og lyrikkforum, "Viseversa. 1979 Vol. 4 Nr. 2 : organ for Norsk vise- og lyrikkforum", Trondheim : NVLF, 1979.

Seljord Viselag blei skipa hausten 1975 av Kjell Oskar Selman, Gunnar Sveinsson, Margit Skrede og Torkjell Ringen.

Målet med laget var frå byrjinga å samle inn nye og gamle viser frå Seljord kommune, setje melodi til, og skrive ned notar og vers i bokform. Allereie året etter stifitnga gav viselaget ut boka "-og bygdi syng: Viser frå Seljord" på Tiden Forlag. Seinare gav laget ut ei heidersbok til Hans Gotfried Kivle som også inneheldt prosatekstar Kivle hadde skrive. Viselaget hadde også planar om å få til ein "Brøløs-festival" i sentrum av Seljord.[1]

I 1979 bestod styret i laget av Tone Straume (forkvinne), Mette Aanderaa (kasserar) og Kjell Oskar Selman (styremedlem).[2]

Arkiv

Seljord kommune tek vare på eit lite arkiv etter Seljord Viselag. Sjå oppføring i lista over privatarkiv frå Telemark.

Referansar

  1. Norsk vise- og lyrikkforum, 1979, s. 9.
  2. Norsk vise- og lyrikkforum, 1979, s. 9.

Kjelder og vidare lesning

  • Norsk vise- og lyrikkforum, "Viseversa. 1979 Vol. 4 Nr. 2 : organ for Norsk vise- og lyrikkforum", Trondheim : NVLF, 1979. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
  • Seljord Viselag, - og bygdi syng : viser frå Seljord, Oslo : Tiden, 1976. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
  • Kivle, Hans G., I dørglytten : dikt og prosa, Seljord : Seljord viselag, 1978. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.