Sentralt stadnamnregister

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Sentralt stedsnavnregister»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sentralt stadnamnregister (bokmål Sentralt stedsnavnregister, fork. SSR) er eit register over norske stadnamn i offentlig bruk. Det vart oppretta i 1991 i tråd med stadnamnlova av 1990. Registeret vert forvalta av Statens kartverk. Per 2018 var det registrert omkring ein million norske stadnamn, omkring 30 000 samiske namn og rundt 2500 kvenske namn.

Registeret var opphavleg hjemla i § 12 i stadnamnlova, men etter nokre endringar er det per 2020 hjemla i § 14: «Det skal førast eit sentralt stadnamnregister. Alle skriftformer som er endeleg fastsette, skal meldast til stadnamnregisteret av det organet som har gjort vedtaket. Opplysningane i registeret er offentlege.»[1] Offentlege etatar er pålagde å nytte dei registrerte namneformane. Om det ikkje er noko vedtak i SSR kan det offentlege nytte formar som var i bruk før 1. juli 1991, då lova trådte i kraft. SSR er fyrst og fremst meint som eit verktøy i forvaltninga, for å sikre at rett stadnamn vert nytta. Dette handlar ikkje berre om språkrøkt, men òg om at ein sikrer at vedtak er tydelege.

Private stadnamn, som navn på føretak, turisthytter, campingplassar og slikt, er ikkje regulert av stadnamnlova, men kan registrerast med status «privat» i SSR. Det er òg registert namn med status «historisk», der forma ikkje lenger vert nytta, men er dokumentert. Vidare ligg det mange namn med status «uvurdert», som er namn som er samla inn lokalt. Stadnamnlova gjeld berre i Fastlands-Noreg, men det er òg registrert nokre norske namn og andre relevante namn utafor verkeområdet. Desse har status «internasjonalt».

For samiske namn er det registrert kva for språk dei er på: nord-, sør-, lule- eller skoltesamisk. Kvenske namn er òg merka med språk, medan skogfinske namn er registrert som norske.

Referansar

Litteratur og kjelder

Eksterne lenkjer