Sersjant

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. jan. 2012 kl. 09:59 av Arnfinn Kjelland (samtale | bidrag) (Ny side: '''Sersjant''' kjem av latin og tyder opphavleg tenar (Falk og Torp). Det er mest kjent som nemning på ein militær befalsgrad, og har vore i bruk i den norske hæren frå den vart...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sersjant kjem av latin og tyder opphavleg tenar (Falk og Torp). Det er mest kjent som nemning på ein militær befalsgrad, og har vore i bruk i den norske hæren frå den vart etablert og fram til i dag. Da underoffiserane voks fram som eigen kategori vart sersjant den høgste graden i denne gruppa, seinare splitta i sersjant og kommandersersjant, der sistnemnde var overordna.

Også variantar som Capitaine des armes, furer, stabssersjant, vingsersjant (Luftforsvaret), kvartermester (Sjøforsvaret) har vore eller er framleis i bruk.

Litteratur

  • Falk og Torp 1903-06 (faksimile 1991): Etymologisk ordbok over det norske og det danske sprog. Bjørn Ringstrøms antikvariat