Setesdal

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Valle frå Åmli.
Foto: Siri Johannessen (2008).
Setesdal er kjend for å halde tradisjonar i hevd. Her medlemmer av Setesdalslaget i Oslo i bunad.
Foto: Dagbladet / Norsk Folkemuseum (1952)
Men, tradisjonene holdast framleis i hevd meir enn 60 år seinare enn på biletet frå Setesdalslaget. Her er fylkesordførar Bjørgulv S. Lund frå Valle kledd i «rette klede», med ordførarkjede på fylket sin kulturkonferanse i 2013.
Foto: Aust-Agder bibliotek og kulturformidling

Setesdal er dalføret langs Otravassdraget, som strekk seg frå lengst nord i tidlegare Aust-Agder fylke. Historisk har ein rekna de to kommunene Bykle og Valle kommune til Setesdal, medan området sørover vart kalla Otrudal. Etter kvart flytta ein grensa sørover til Bygland. Dalen vart då delt inn i Øvre og Nedre Setesdal. I dag reknar ein ofte også med Iveland og Evje og Hornnes til dalen, noko som medfører at meir enn halvparten av Aust-Agder tilhøyrer Setesdal. Dette området svarar til Setesdal fogderi, som eksisterte frå 1660 til 1919.

Namn

Fyrste ledd i namnet kjem frå norrønt setr, som tyder 'bustad'. Den tidlegaste kjende bruken av namnet er frå Magnus Lagabøtes landslov frå 1274, der dalen nord for Bygland omtalast som Sættre, som er ei dativform.

Geografi og kommunikasjon

Det er ein relativt trang dal, med Setesdalsheiane på både sider. Nede i dalen er det områder som tidlegare var nærastt uframkommelege, og dalen var derfor lenge isolert frå kysten i sør. Stiar og kløvveger på heiane var då einaste moglegheit til å komme fram. Frem til 1800-talet var det mest ferdsel til/frå Setesdal i retning aust-vest. Det vil si at iallefall midtre og øvre del av dalen hadde mest kontakt mot Rogaland og mot Fyresdal i Telemark. I mellomalderen skatta setesdølane til Stavanger.

Fyrst i 1846 vart hovudvegen frå Kristiansand til Bykle anlagt, og setesdølane trakk då meir mot byen i sør. Særleg i Bykle hadde det vore vanskeleg kommunikasjon sørover, då den smale og bratte Byklestigen var einaste veg. I dag er det riksveg 9, også kalla Setesdalsvegen, som er den viktigste ferdselsåra gjennom dalen.

I 1867 byrja dampbåttrafikken på Kilefjorden og Byglandsfjorden.

I 1896 vart Setesdalsbanen bygt fram til Byglandsfjord. Den vart nedlagt i 1962.

Kultur

I Setesdal har ein tatt vare på meir av mellomalderens byggeskikk, folkekunst og drakter enn dei fleste andre stader. Dalen har også ein rik tradisjon for segn og folkemusikk og for sine handverkstradisjonar. På Rysstad i Valle ligg både Setesdalsmuseet og Agder folkemusikkarkiv, og ellers er særleg sølvsmedane frå Setesdal kjend for sine arbeider.

Lokalavisa Setesdølen vert utgjeve i Bygland. Den lesast av et klart fleirtal av husstandane i dalen - i Bygland har ho meir enn 100 prosent dekning, fordi det også er mange utflyttarar og hytteeigarar som abonnerer.

Setesdalslaget i Oslo er eit innflyttarlag som vart grunnlagt i 1945. Etter ei tid utan særleg aktivitet vart det blåst liv i laget i 2009.

Språk

Utdjupande artikkel: Setesdalsmål

Det klassiske Setesdalsmålet kan høyrast frå sørenden av Bygland kommune opp til Kyrkjebygdi i Bykle. Sørover glir språket over i sørlandske dialektar, og nord i Bykle er det påverka av vest-telemarksmål. Det er eit sørleg e-mål, der infinitiv og ubestemt form eintal av linne hokjønsord ender på -e. Mange gamle trekk er teke vare på i målet, og Valledialekta reknast gjerne som den av dei norske dialektane som er mest særprega og vanskeleg å forstå for andre. Den gamalnorske overlange stavinga er mellom dei trekka som framleis finst i målføret. Såleis kan både vokal og konsonant ha i same staving ha lang kvalitet, som i noutt, austnorsk 'natt'. Dei gamalnorske lange vokalane diftongerast gjerne, som teime for austnorsk 'time' eller rout for austnorsk 'rot'. Sjølv nokre korte vokalar vert diftongert, som i hoæl, austnorsk 'hol' og biere, austnorsk 'bære'. Ein har også svarabhaktivokal i ubestemt form eintal av hankjønsord, der gamalnorsk hadde endeinga -r, som arm'ə for austnorsk 'arm'.

Dobbelkonsonanten -ll- har vorte til -dd- i slutten av ord, som i fjødd, austnorsk 'fjell'. Dette siste trekket finn ein også i fleire dialektar i Telemark og Vest-Agder. L-lyd foran labiale og velare konsonantar har falt vekk, til dømes i kåv'ə for austnorsk 'kalv' og foukk, austnorsk 'folk'. F-lyd vert til p i nokre posisjonar, som i lopt, austnorsk 'loft'.

Frå Austad og nordover vert dativ framleis nytta, jamvel om forma som i andre dialektar er under press. Dativendingane er i hankjøn og inkjekjøn eintal -æ, i hokjøn 'in(ne) og i fleirtal -ou.

Setesdalsmålet har også ein del ord som er særeigne for området, til dømes jungji, 'spisekniv'.

Skriftleg har Bygland, Valle og Bykle - dei tre kommunane som har det klassiske setesdalsmålet - vedtak om nynorsk som hovudform. For Bykle sin del passar dette også godt med påverkinga frå Telemark, då det også er ein nynorsknær dialekt.

Offentleg forvaltning

I tidleg mellomalder hadde området truleg ikkje nokon skreven lov, for det er ikkje med i Gulatingslagen. Fyrst i høgmellomalderen kom Setesdal fullt inn under riksstyret; som nemnt ovafor er Sættre med i landsloven frå 1274. Dalen vart ein del av Råbyggjelag, som omfatta det indre av Agder. Frå 1682 vart Råbyggjelag og Nedenes styrt som eitt amt, og i 1815 vart dei to formelt slått saman til Nedenes amt, i dag Aust-Agder fylke.

Som distrikt omfattar Setesdal Valle, Bykle, Bygland og Evje og Hornnes, med Evje som regionsenter og Setesdal regionråd som samarbeidsforum. Iveland tilhøyrer i denne samanhangen Kristiansandregionen, som dermed skil seg noko frå det gamle Setesdal fogderi.

Setesdal har ein eigen driftseining under Agder politidistrikt. Pr. 2015 er det fire lensmannskontor som ligg under Driftsenhet Setesdal: Valle og Bykle lensmannskontor, Bygland lensmannskontor, Evje og Hornnes lensmannskontor og Åseral lensmannskontor; sistnemnde reknast elles ikkje med til dalen, men det er mest praktisk å ha området under denne driftseininga.

Setesdalskommunane tilhøyrer Kristiansand tingrett under Agder lagdøme.

Kyrkja

Det fyrste teiknet på kristen tru i Setesdal er Galtelandsteinen på Evje, som nemnar far og son som var kristne, og som truleg var satt opp mellom 1016 og 1020. Dette er langt sør i dalen, og truleg tok det noko lenger tid før den nye trua spreidde seg nordover. Ingen av kyrkjene frå mellomalderen er bevart, men ein har rester av nokre av dei. Mest kjent er portalen frå Hylestad stavkyrkje.

Otredal prosti i Den norske kyrkje dekkjer Setesdal og Vennesla. Prestegjelda i Setesdal var Evje, Bygland og Valle. Bykle sokn var ein del av Valle prestegjeld, også etter at Bykle kommune vart oppretta i 1902. Sjå elles artiklane om prestegjelda for meir informasjon om sokneinndelinga.

Kjelder

Eksterne lenkjer