Setesdal Sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Logoen er laga av Folke Nesland

Setesdal Sogelag vart stifta 10. april 2013SetesdalsmuseetHylestad i Valle. Til stades var 22 personer frå Setesdalskommunane Bykle, Valle, Bygland og Evje og Hornnes. Sogelaget gjev ut årsskriftet Setesdal og setesdølar før påske kvart år.

Det fyrste styret
  • Leiar: Bjarne Tveiten (Bykle), med vara Magnhild Bjørnarå (Bykle)
  • Sekretær: Astri Rysstad (Valle)
  • Kasserar: Hallvard Tveit Berg (Valle), med vara Margit Dale (Valle)
  • Styremedlem: Magnhild Rygg (Bygland), med vara Torgeir Moseid (Bygland)

Bjarne Tveiten om korleis sogelaget blei til

Forsida til årsskriftet 2015

I Setesdal og setesdølar 2015 fortalde Bjarne Tveiten historia om sogelaget på side 4:

SOGELAGSLEIAREN HAR ORDET

Tysdag den 23.10.2012 møttest Magnhild Rygg frå Bygland, Knut K. Homme frå Valle, Bjarne Tveiten frå Bykle og Beint Foss frå Agder Historielag i det gamle stasjonsbyggetByglandsfjord. Dette var eit uformelt møte, og etter to liknande uformelle møte, vart det halde eit offisielt stiftingsmøte på Setesdalsmuseet den 10. april 2013. 22 personar frå Bygland, Valle og Bykle deltok. Då hadde Astri Rysstad alt lova å fungere som sekretær. Til styret blei desse valde: Magnhild Rygg, med vara Torgeir Moseid (Bygland), Hallvard Tveit Berg, med vara Margit Dale (Valle) og Bjarne Tveiten, med vara Magnhild Bjørnarå (Bykle). Møtelyden bestemde at styret sjølv skulle velje leiar, og det vart Bjarne Tveiten. På same tid vart årskontingenten sett til kr. 200,-.

Årsmeldinga for 2013 fortel mellom anna at styret i sogelaget har hatt fire formelle møte. Laget markerte i samarbeid med Bykle kommune/soknerådet Kulturminnedagen den 8. september i Lislestog, Bykle og i Bykle kyrkje. Tema for dagen var: «Historiens menn og kvinner». Olav Mosdøl kåserte om sterke byklekvinner og Anne Karin Kaasa underheldt med song. Årsmøtet vart halde den 7. mars.

Årsmelding for 2014 ligg ikkje føre enno, men Setesdal Sogelag saman med Setesdalsmuseet sto for Kulturminnedagen i september. Leonhard Jansen kåserte og duoen Knut Kjetil Møen og Inger Lise Stulien underheldt med spel og song.

Like sidan laget blei starta har det i bakgrunnen funnest eit ønske om å få til eit årsskrift i 2014. Det er det du no held på å lese. Andres Helle har teke på seg å redigere skriftet, og resultatet har blitt framifrå. Eg nyttar også høvet til å takka dei som har skrive artiklar, teikna og hjelpt til med bilde og liknande. Dessutan vil eg takke dei mange, rause annonsørane.

Per no har Setesdal Sogelag 107 medlemer, men vi ønskjer oss mange fleire. Viss du vil bli medlem, kan du vende deg til ein av oss i styret, eller til sekretæren vår, Astri Rysstad, så melder vi frå til den økonomisk ansvarlege i laget, Hallvard Tveit Berg. Han sender deg ein innbetalingsblankett.

Bjarne Tveiten, februar 2015

Styret

2016 – 2018

2016
  • Leiar: Bjarne Tveiten (Bykle), med vara Magnhild Bjørnarå (Bykle)
  • Sekretær: Astri Rysstad (Valle)
  • Kasserar: Hallvard Tveit Berg (Valle)
  • Styremedlem: Hallvard Homme (Valle), med vara Inger Lise Homme (Valle)
  • Styremedlem: Liv Åsne Austad Andersen (Bygland), med vara Torgeir Moseid (Bygland)
2017
  • Leiar: Arve Rauk (Bygland)
  • Skrivar: Hege Rygnestad (Bykle)
  • Kasserar: Torbjørn O. Frøysnes (Bygland)
  • Styremedlem: Reidun Taksdal Bjørnarå (Bykle)
  • Styremedlem: Knut K. Homme (Valle)
  • Varamedlem: Niklos K. Besteland (Valle)
  • Varamedlem: Helga Jacobsen (Bykle)
  • Varamedlem: Birgit Haugå Nordibø


2018 – 2020

2018–2019
  • Leiar: Vidar Toreid (Bygland)
  • Styremedlem: Reidun Taksdal Bjørnarå (Bykle)
  • Styremedlem: Knut K. Homme (Valle)
  • Varamedlem: Niklos K. Besteland (Valle)
  • Varamedlem: Birgit Haugå Nordibø (Bygland)


2020
  • Leiar: Vidar Toreid (Bygland)
  • Nestleiar: Birgit Breive Lidtveit (Bykle)
  • Kasserar: Torgrim Nordgarden (Bygland)
  • Skrivar: Karin Bøe (Valle)
  • Styremedlem: Vigdis Jeiskelid (Bykle)
  • Styremedlem: Torgeir Moseid, redaktør (Bygland)


Kjelder

  • Kolofonen i årsskriftet Setesdal og setesdølar 2015, ISBN 978-82-999944-0-8
  • Kolofonen i årsskriftet Setesdal og setesdølar 2017, ISBN 978-82-99944-2-2
  • Kolofonen i årsskriftet Setesdal og setesdølar 2020, ISBN 978-82-99944-5-3
  • E-post frå leiaren i Sogelaget i 2018-'19
  • Tveiten, Bjarne: «Sogeleiaren har ordet», s. 4, i årsskriftet Setesdal og setesdølar 2015, ISBN 978-82-999944-0-8



Register for Setesdal og setesdølar, årsskriftet til Setesdal Sogelag
(ISSN 2387-5720 frå 2017)
Setesdal sogelag logo (Folke Nesland).png
2015–20192020–2024
Sorterbart register