Severin Aabø

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyre Severin Aabø (fødd 9. september 1888 i Sauda, død 21. juni 1957 i Stavanger) var ein lærar som hadde lengste bolken av yrkeskarrieren sin i Stavanger-skulen. Aabø var òg ein aktiv fråhaldsmann og sat som Venstre-mann i Stavanger bystyre.

Han var son av gardbrukarparet Signe og Knut K. Aabø og tok eksamen ved Notodden lærarskule i 1910.

Som nyutdanna hadde Aabø eit stutt vikariat i Grotland skulekrinsVoss, før han i 1911 byrja Aabø som lærar i Frue i Hetland. Der var han til 1919. Deretter arbeidde han ved Nylund skule i Stavanger. Frå 1938 til 1947 var Aabø skulestyrar ved Buøy skule, ein annan Stavanger-skule. Seinara var han ved Sørvik skule på Lindøy og ved Johannes skole, der han var overlærar. Severin Aabø hadde Statens reisestipend for folkeskulelærarar for å reise til Oslo for å studere teikne- og naturfagundervisning.

Aabø døydde plutseleg under ein tilskipnad på sin gamle skule, Johannes skole i Stavanger. I nekrologen i Stavanger Aftenblad heitte det at Aabø var «ein mykje dugande skulemann, både som pedagog og som administrator. Han hadde ein eigen givnad til å finna den rette tonen, både andsynes elever, foreldre og kolleger. Ved sidan av skulearbeidet var det fråhaldsrørsla Severin Aabø brann mest for». Frå 1924 var han skrivar i Rogaland distriktslosje og hadde elles fleire verv i fråhaldsrørsla. Han var religiøst interessert og sat i St. Petri menighetsråd.

Aabø gifte seg i 1916 med Sikke Skeie, fødd 1895 i Hetland. Ho var dotter av bonde Nils Skeie og Serina f. Lunde. Ekteparet Aabø fekk tre søner.

Kjelder og litteratur