Severin Aarskog

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. jan. 2020 kl. 09:18 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori:Sande kommune (Møre og Romsdal)» til «[[Kategori:Sande kommune»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Utdrag frå nekrologen i Stavanger Aftenblad (10. juni 1949).

Severin Aarskog (fødd 26. juni (?) 1874 i RovdeSunnmøre, død 6. juni 1949), ofte berre S. Aarskog, var lærar og lokalpolitikar i Høle kommune ved Sandnes.

Han vaks opp i Årskog i Rovde, Sande kommune, som son av Johannes R. og Birte Aarskog. Severin Aarskog tok eksamen ved Kristiansand seminar i 1895. I 1896 fekk han stipend til lærarkurset i Tromsø. Også den yngre broren Johan vart lærar.

Som nyutdanna var han 1895-97 lærar i Målselv i Troms, i krinsane Målselven, Tagelvdal, Rognmo og Sollid. Dei neste to åra (1897-99) arbeidde Aarskog i Bjerkreim i Rogaland, der han var lærar ved skulane Bjerkreim, Lauperak og Ørsdal. Frå 1899 var han tilsett ved Horve skule i Høle, som no er ein del av Sandnes kommune.

I Høle hadde Aarskog fleire kommunale ombod. Han sat mellom anna som medlem av Høle heradsstyre 1912-21 og frå 1928. Severin Aarskog var formann i fattigstyret 1908-12 og frå 1932, og i bolken 1910-14 var han formann i likningsnemnda. Frå 1913 var han dessutan bankkasserar.

Han var gift med Anna Sørensdotter f. Røvde (1874-1937), dotter av Søren og Sunniva Røvde. Severin og Anna Aarskog fekk sonen Ragnvald (1900-46) og dottera Solveig (1902-?).

Severin Aarskog døydde andre pinsedag 1949, nær 75 år gammal. I eit minneord i Stavanger Aftenblad heitte det mellom anna at han var «kjend for den gilde frukthagen sin», og at han dreiv med jakt og sportsfiske. «Han var ein av dei som årvisst var på sunnmørslaget sine møte i Stavanger, og her og vil han verte sakna.»

Kjelder og litteratur