Sigmund Løvåsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. jul. 2021 kl. 07:07 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori:Oppegård» til «[[Kategori:Oppegård (tidligere kommune)»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Sigmund Løvåsen (fødd 16. august 1977 i Trysil) er forfattar. Han fekk fleire priser for debutromanen Nyryddinga fra 2003, og har òg fått god kritikk for seinare romanar, skodespel og dikt.

Han tok Forfattarstudiet i Bø, eit eittårig høgskolekurs i skjønnlitterær skriving, og har òg studert ved Universitetet i Oslo og Gøteborgs universitet. Han mottok både Tarjei Vesaas' debutantpris og P2-lytternes romanpris for 2003 for romanen Nyrryddinga. I 2005 fekk han Sigmund Skard-stipendet, og i 2010 Bjørnsonstipendet.

Ved sida av ¨å vere forfattar er Løvåsen engasjert i registrering og vedlikehald av kulturlandskapet på heimstaden Svartskog i Oppegård kommune. Kulturlandskapet er eit viktig element i forfattarskapet, noko som ikkje minst er tydeleg i diktsamlinga Med øksene dei hauster inn fra 2018, der både Svartskog og Trysil er til stades i tekstane.

Skodespelet Daga kom ut i 2004, og blei same året oppført på Hedmark Teater.

Frå 2012 til 2017 var han leiar for Den norske Forfatterforening.

Bibliografi

Litteratur og kjelder