Sigrid Besteland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Sigrid Besteland
Foto: Ole Birger Lien/Setesdølen (25. juni 2011).
Sigrid spelar gangaren «Bestelanden» på hundreårsdagen.
Foto: Valle bygdeheim (2016).

Sigrid A. Besteland (fødd 13. april 1916, død 25. februar 2019) frå Hylestad i Valle kommune er dotter til tradisjonsberaren og spelemannen Andres Knutson Rysstad (1893–1984) og kona Helga Targjeisdotter f. Besteland (1895–1981). I 1951 vigde Sigrid med sylvsmeden Knut Niklosson Besteland (1914–1998), son av sylvsmeden og bonden Niklos Sigurdsson Helle (1875–1935) og Anne Gunnarsdotter Straume (1879–1943), og flytte til NordbøBesteland mest på grensa til Bygland kommune. Dei fekk tvo born, Niklos K. (f. 1953) og Helga (f. 1956).

Sigrid er det eldste av dei fem borna til Andres og Helga, ho hadde tre yngre systre og ein bror, og det er mykje musikk i slekta hennar. Faren var spelemann, nett som far sin Knut Torleivson Åkre frå Valle. Andres var læremeisteren til Hallvard T. Bjørgum og far hans Torleiv. På morssida var onkelen til Sigrid si gome på farssida, Sigrid Andresdotter Heddi, ein kjend spelemann – Knut Jonsson Heddi.

Ho begynte tidleg å spele fele. Heime hadde dei ei fele som ungane hadde på deling. I 1930-åra spela Sigrid på same konserten som meisterspelemannen og bureisaren Jørgen Tjønnstaul frå Telemark på Rysstad. Ho fortalde seinare at den lange mannen gjekk så opp i musikken der han stod mest på kanten av scenen, at ho var redd han skulle bikka over og detta ned. Tjønnstaulen skal ha overnatta hos Knut Jonsson Heddi den gongen, og spelemannen Daniel Sanden-Warg fortel at dei sov i same kvila, noko som viste kor gode vener dei var. Daniel fortalde og at det skal ha vore Sigrid og den nest yngste av systrene, Ingebjørg, som spela mest. Sigrid spela helst med, men ho var og den beste av dei i ungdomen. Ingebjørg som likte å tevla, ho deltok på fleire kappleikar.

Som ung var ho som månge andre på heia å gjette. Dei var då to hjuringar frå heimen på Åkre, og ho fortel at var «moro – men fælt stundom au». Det kunne være kaldt, og det snjodde stundom. Dei siste åra hadde ho fela med på heia, men sidan dei berre hadde ei måtte ho bli heime så dei andre kunne lera seg å spela. Sigrid fortalde at hu likte godt å spela, «men brudde meg ikkje om å tevle. Men eg trur eg va leike god for det. De e kje det sull te for tevla. Far min tevla ikkje helle.» Seinare var Sigrid i teneste fleire stader, mellom anna på Vallarheim Turiststasjon i Valle, og på fleire stader rundt Kristiansand.

Daniel fortalde ein historie om korleis det kunne gå føre seg at Sigrid lærde meir om felespel av grandonkelen, Knut Jonsson Heddi, då ho var på ein Nomelandsstøyl:

Hu va jo deir oppe [på heia] som budeie i ungdome, som so mange aire kvende, og Knut Jonsson han hengde der oppe i lange periodar, på Rauestoyl, trur eg de heit. Å der va'an å skraiv å draiv med rjupefangst å fisje. Så de va'kje reint sjelda' at han stakk innom desse heira, buende der heile tida, budeiane å så, og fekk vel noko mate å boitte ti se graute å mjokk å forsjiligt, å spela før da te dans å so, sleike ting. Å då fortalde Sigrei atte i alle fall ai gang at han - eg trur ikkje at Sigrei lærde noko direkte av å Knut altså frå fingje, menneh ho voks opp rett inn me ståga så ongane låga der attaføre å hoyrde når han spela, Knut Jonsson å ao fairen då, An-dris, som konna ailt, så å seie, de mi vite, a reportoare 'ass Knut. Såee, da ha vel båe hu og Injebjør, syster-enni.

[...] Det ho sa om 'an Knut Jonsson, de va' atte han kunna komme innom, osså spela føre då, å hu spela for hand, å viss det var nokko gali så reta han på di, der å då. Om han spela vel då di takji reitt, eller som han meinte at de syll gjerast, og så hermde ho. [...] 'An sointe endi a tak i ein slåtte som heitte Skuldalsbrurei. I dei slåtte så e dea takter på bas og på kvarte der de e slags veldige didringas, asså trilla. Så eg forstod det som om at 'an sointe 'en de takji kosse dei syll gjerast, at 'an leiksom syll kleive opp ette finglebainet med dai trillo der. Å di der takje ska symbolisere den der Skuldalsbrurei, de va e jente som droknast, og detti syll då på en måti ... illostrere dei byljon i vatne' då. Så de e so noko byljetook på terse. Å Sigrei lære dei då, direkte av å Knut.

Etter at ho vart gipte i 1951 tok ho seg av familien, og hjalp ektemaken noko med sylvarbeid. Etter at Sigrid flytte til Besteland kom veslesystra Ingebjørg jamt til Nordbø, der dei to lydde på «Folkemusikktimen» i hop. Dei var båe grueleg interessera i folkemusikk, og dreiv med spel. Då Ingebjørg vart gipt med Knut Olsson Rysstad la ho bort fela, men tok ho fram att på slutten av 1970-, kanskje tidleg i 1980-åra.

Hundreårsdagen

Hundreårsdagen 13. april 2016 feira Sigrid på Valle bygdeheim med familie og vener. Etter at Solveig Kyrvestad, leiaren for bygdeheimen, ynskte velkomen kom ordførar Steinar Kyrvestad med helsing frå kongen, innramma diplom og blomar frå Valle kommune. Middagen var setesdalssuppe og lefse, og føre marsipankaka og kaffien kom var det konsert med spelemennene Hallvard T. Bjørgum og Gunnar Stubseid. Ikkje berre spela dei «Brureslag» som Dreng Ose hadde lært av Eivind D. Aakhus i Amerika, slåtten «Sylvdråpen», «Hulderslåtten» etter Andres K. Rysstad og «Skjoldmøyslaget» etter Dreng Ose, nei – dei fortalde og mellom anna at Sigrid og Knut hadde dansa som brur og brudegom under Landskappleiken i Kristiansand i 1951, om felespelaren og kjempekvenda Ingebjørg Uppstad som gipte seg til Ose i Bygland. Spelemennene presentera og felone dei spela på: «Sigrid» som var 155 år gamal og hadde upplevd både Myllarguten, Lars Fykerud og Eivind D. Aakhus, og den trollstilte «Sæterjenta» etter Olav Hegland som berre var 105 år gamal. Det at Sigrid sjølv skulle handtera fela var uventa, men då Hallvard T. Bjøgum utfordra henne spela ho for fyrste gongen på mange år ein gangar: «Bestelanden». Ho fekk mykje applaus for det.

Kjelder

Førstehandskjelder
  • Samtale med sonen Niklos K. Besteland 20. mars 2013 (Harald Haugland)
  • Samtale med Daniel Sanden-Warg 16. mars 2016 på Agder Folkemusikkarkiv (Siri Johannessen)
  • Samtale med Sigrid Besteland 12. april 2016 (Harald Haugland og Siri Johannessen)
  • Opptak av feiringa på Valle bygdeheim 13. april 2016
Andre kjelder


Tree.ring.arp.jpg På Lokalhistoriewiki skriver vi artikler om hundreåringer. Vi oppfordrer historielag og enkeltpersoner til å bli med på denne dugnaden. Vi ønsker både bilder og tekst om personene.
Flere artikler og bilder finner du i denne alfabetiske oversikten.