Sigurd Aarnseth

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigurd Aarnseth
Foto: Norske skolefolk (1952)

Sigurd Aarnseth (fødd 18. juli 1891 i Åsen i Nord-Trøndelag, død 20. desember 1987) var lærar, kyrkjesongar og lokalpolitikar i Åsen i noverande Levanger kommune. Venstre-mannen Aarnseth var ordførar i bygda 1938–42 og 1945.

Han var son av lærar Johan Arnt Aarnseth og Gurine f. Fossing. Sigurd Aarnseth tok eksamen ved Elverum lærerskole i 1916.

Som nyutdanna var han i 1916–17 lærar i Namdalseid, dinest i Melhus (1917–18). I 1918 vart Aarnseth tilsett som lærar i heimbygda Åsen, og kom etter kvart til Vedul krins. Frå 1933 var han òg kyrkjesongar i Åsen.

Sigurd Aarnseth hadde ei lang rekkje med tillitsverv. Han var formann i vegnemnda, prisnemnda, likningsnemnda og overlikningsnemnda, styreformann for Åsen samvirkelag (1923–53), Nord-Trøndelag kooperative distriktsforening (1929–33) og Åsen gamleheim, bankrevisor (frå 1924) og kommunerevisor 1924–37. Han var òg soknerådsformann og formann i Åsen Venstre. Frå 1945 var han overformynderirevisor i Nord-Trøndelag fylke. Aarnseth fekk Kongens fortenstmedalje i 1967.

27. august 1925 vart han gift med Maren Sofie Mo (1904–1987), dotter av stykkjunker Zefanias Mo og Karen Marta f. Buran. Sofie og Sigurd Aarnseth, som fekk to søner og to døtrer, er gravlagde på Åsen kyrkjegard.

Kjelder og litteratur

Hellem, Knut og Vudduaune, Arne Sigmund: Bygdebok for Åsen: Gårds- og slektshistorie: bind 2, Åsen bygdeboknemnd, Åsen 1992. Digital versjonNettbiblioteket