Forskjell mellom versjoner av «Sigurd Blekastad»

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Språkvask og lenker)
(la inn to bemerkninger i skjult tekst)
Linje 5: Linje 5:
 
Sigurd hadde tre sysken, Anne f. 1839, Ola f. 1843 og Ivar f.1850. Sjå elles meir om familie og slektskrins i artikkelen om [[Ivar Blekastad]].
 
Sigurd hadde tre sysken, Anne f. 1839, Ola f. 1843 og Ivar f.1850. Sjå elles meir om familie og slektskrins i artikkelen om [[Ivar Blekastad]].
  
Sigurd Blekastad gifta seg i 1876 med Karoline (Lina) Nilsen (1851-1906), frå ein arbeidarfamilie i [[Nes]] på [[Romerike]].  
+
Sigurd Blekastad gifta seg i 1876 med Karoline (Lina) Nilsen (1851-1906), frå ein arbeidarfamilie i [[Nes]]<!--kan denne lenken gjoeres litt mer spesifikk?--> på [[Romerike]].  
  
 
== Ungdomstid og utdanningsveg ==
 
== Ungdomstid og utdanningsveg ==
 
Etter allmugeskolen gjekk han på [[Christopher Bruun|Christopher Bruuns]] folkehøgskole på [[Romundgard]] på Nord-Sel vinteren 1868-1869.  Året etter var han i Danmark og fekk der mellom anna treffe den kjende friskule- og folkehøgskulemannen [[Kristen Kold]].  
 
Etter allmugeskolen gjekk han på [[Christopher Bruun|Christopher Bruuns]] folkehøgskole på [[Romundgard]] på Nord-Sel vinteren 1868-1869.  Året etter var han i Danmark og fekk der mellom anna treffe den kjende friskule- og folkehøgskulemannen [[Kristen Kold]].  
  
Blekastad var rekrutt på [[Jørstadmoen]] i 1871. Derifrå skreiv han ein artikkel i Dagbladet der han stilte seg sterkt kritisk til det han opplevde som soldat. For slik «respektstridig opptreden» vart han stilt for [[krigsrett]] hausten 1872. Han vart dømd til 20 dagars fengsel og sona straffa på [[Akershus]] ved juleleite 1872.  
+
Blekastad var rekrutt på [[Jørstadmoen]] i 1871. Derifrå skreiv han ein artikkel i Dagbladet der han stilte seg sterkt kritisk til det han opplevde som soldat. For slik «respektstridig opptreden» vart han stilt for [[krigsrett]] hausten 1872. Han vart dømd til 20 dagars fengsel og sona straffa på [[Akershus]]<!--festning?--> ved juleleite 1872.  
  
 
Vinteren 1871-1872 gjekk han igjen på skulen til Christopher Bruun, som nett da hadde flytta til [[Fykse]] i [[Gausdal]]. Han skal også ha hatt eit andre danmarksopphald, denne gongen på [[Askov folkehøgskule]].
 
Vinteren 1871-1872 gjekk han igjen på skulen til Christopher Bruun, som nett da hadde flytta til [[Fykse]] i [[Gausdal]]. Han skal også ha hatt eit andre danmarksopphald, denne gongen på [[Askov folkehøgskule]].

Revisjonen fra 24. nov. 2009 kl. 15:19

Sigurd Blekastad (fødd i Sel 24. mai 1848, død same stad 31. juli 1897) var forretningsmann og politikar. Han var stortingsrepresentant for Venstre 1882-1897. Han er kjend for å ha sett fram det forslaget i 1893 som førte fram til stortingsvedtaket om det reint norske flagget i 1898.

Familien

Han var fødd og oppvaksen på garden Blekastad i Sel. Foreldra var gardbrukarparet Ivar Olsen frå Nigard Bu og Guro Syversdotter Hyrve frå Skjåk. Dei hadde kjøpt Blekastad i 1840. Sigurd hadde tre sysken, Anne f. 1839, Ola f. 1843 og Ivar f.1850. Sjå elles meir om familie og slektskrins i artikkelen om Ivar Blekastad.

Sigurd Blekastad gifta seg i 1876 med Karoline (Lina) Nilsen (1851-1906), frå ein arbeidarfamilie i NesRomerike.

Ungdomstid og utdanningsveg

Etter allmugeskolen gjekk han på Christopher Bruuns folkehøgskole på Romundgard på Nord-Sel vinteren 1868-1869. Året etter var han i Danmark og fekk der mellom anna treffe den kjende friskule- og folkehøgskulemannen Kristen Kold.

Blekastad var rekrutt på Jørstadmoen i 1871. Derifrå skreiv han ein artikkel i Dagbladet der han stilte seg sterkt kritisk til det han opplevde som soldat. For slik «respektstridig opptreden» vart han stilt for krigsrett hausten 1872. Han vart dømd til 20 dagars fengsel og sona straffa på Akershus ved juleleite 1872.

Vinteren 1871-1872 gjekk han igjen på skulen til Christopher Bruun, som nett da hadde flytta til Fykse i Gausdal. Han skal også ha hatt eit andre danmarksopphald, denne gongen på Askov folkehøgskule.

I Gausdal vart han kjend med Bjørnstjerne Bjørnson, og byrja som huslærar på Aulestad hausten 1872. Det var her han vart kjend med Lina, som var tilsett i huset. Da han kom ut etter endt soning på Akershus, vart Blekastad henta av familien Bjørnson i hest og vogn og feira på ein fest som Bjørnson hadde arrangert om kvelden. Det var også på Aulestad at Sigurd og Lina hadde bryllaupsfesten sin i 1876.

Landhandlar og hotelleigar

Sigurd og broren Ivar hadde saman drive ei krambu på eigedomen MostuguOtta alt frå slutten av 1860-åra. Da Sigurd gifta seg, vart det til at han overtok handelsverksemda aleine. Han dreiv så som forretningsmann på Otta så lenge han levde. Han bygde nytt og større hus, og starta hotelldrift attåt butikken. Rundt 1895 reiste han enda ein bygning, det som i dag er Engers boktrykkeri. Der heldt han fram med hotelldrifta, det fyrste Otta hotell, medan han også dreiv butikk i fyrste etasjen i same bygget. Utsiktene til å gjere det bra med hotelldrift var gode sidan jernbanen kom til Otta i 1896, med stasjonen rett ved eigedomen til Blekastad.

Politikaren

Sigurd Blekastad var aktiv i det kommunale livet i Sel. Han kom i heradsstyret i 1878. Allereie året etter vart han andre varamann til Stortinget for Kristians amt. I 1882 vart han stortingsmann.

I rivningane i partiet Venstre som følgde etter at partiet kom i regjeringsposisjon i 1884, var Blekastad blant «nomadane», ei mellomgruppering mellom «dei moderate» og «det reine Venstre». Nomadane ønskte å halde partiet samla under Johan Sverdrups fortsatte leiarskap.

Blekastad var sekretær i Odelstinget 1889–1891 og sekretær i Stortinget 1892–1894.

I 1893 la Blekastad fram eit forslag om å innføre norsk flagg utan unionsmerke. Dette vart utgangspunktet for det endelege vedtaket om det reine flagget i 1898.

Litteratur og kjelder

  • Blekastad, Gunnhild: «Hundre år sida Ivar Blekastad skipa fyrste ungdomslaget i landet på Sel», i Årbok for Gudbrandsdalen 1968, utg. av Dølaringen og Gudbrandsdal Historielag.
  • Bredebygden lokalhistoriske selskap, nettside
  • Hovdhaugen, Einar: «Sigurd Blekastad, ein norsk bondepolitikar» i Årbok for Gudbrandsdalen 1979, Dølaringen Boklag 1979.
  • Koht, Halvdan: «Blekastad, Sigurd» i Norsk biografisk leksikon, band 2, Oslo 1925.
  • Pryhn, Dag Erik: «Stortingsmannen Sigurd Blekastad», i Otta gjennom 100 år 1896-1996. Utg. av Sel Historielag 1996.