Sigurd Blekastad: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(la inn to bemerkninger i skjult tekst)
(hbr)
(11 mellomliggende versjoner av 3 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
<onlyinclude>'''[[Sigurd Blekastad]]''' (fødd i [[Sel]] [[24. mai]] [[1848]], død same stad  [[31. juli]] [[1897]]) var forretningsmann og politikar. Han var stortingsrepresentant for [[Venstre]] 1882-1897. Han er kjend for å ha sett fram det forslaget i 1893 som førte fram til stortingsvedtaket om det reint norske flagget i 1898.</onlyinclude>  
<onlyinclude>{{thumb høyre|Sigurd Blekastad.jpg|<small>Sigurd Blekastad.</small>|Ukjent.}}'''[[Sigurd Blekastad]]''' (fødd i [[Sel]] [[24. mai]] [[1848]], død same stad  [[31. juli]] [[1897]]) var forretningsmann og politikar. Han var stortingsrepresentant for [[Venstre]] 1882-1897. Han er kjend for å ha sett fram det forslaget i 1893 som førte fram til stortingsvedtaket om det reint norske flagget i 1898. </onlyinclude>  


== Familien ==
== Familien ==
Han var fødd og oppvaksen på garden [[Blekastad]] i Sel. Foreldra var gardbrukarparet Ivar Olsen frå Nigard Bu og Guro Syversdotter Hyrve frå [[Skjåk]]. Dei hadde kjøpt Blekastad i 1840.  
<onlyinclude>Han var fødd og oppvaksen på garden [[Blekastad]] i Sel. Foreldra var gardbrukarparet Ivar Olsen frå Nigard Bu og Guro Syversdotter Hyrve frå [[Skjåk]]. Dei hadde kjøpt Blekastad i 1840.</onlyinclude>
 
Sigurd hadde tre sysken, Anne f. 1839, Ola f. 1843 og Ivar f.1850. Sjå elles meir om familie og slektskrins i artikkelen om [[Ivar Blekastad]].
Sigurd hadde tre sysken, Anne f. 1839, Ola f. 1843 og Ivar f.1850. Sjå elles meir om familie og slektskrins i artikkelen om [[Ivar Blekastad]].


Sigurd Blekastad gifta seg i 1876 med Karoline (Lina) Nilsen (1851-1906), frå ein arbeidarfamilie i [[Nes]]<!--kan denne lenken gjoeres litt mer spesifikk?--> på [[Romerike]].  
Sigurd Blekastad gifta seg i 1876 med Karoline (Lina) Nilsen (1851-1906), frå ein arbeidarfamilie i [[Nes kommune i Akershus|Nes]] på [[Romerike]].


== Ungdomstid og utdanningsveg ==
== Ungdomstid, utdanningsveg og lærargjerning ==
Etter allmugeskolen gjekk han på [[Christopher Bruun|Christopher Bruuns]] folkehøgskole på [[Romundgard]] på Nord-Sel vinteren 1868-1869.  Året etter var han i Danmark og fekk der mellom anna treffe den kjende friskule- og folkehøgskulemannen [[Kristen Kold]].  
Etter allmugeskolen gjekk han på [[Christopher Bruun|Christopher Bruuns]] folkehøgskole på [[Romundgard]] på Nord-Sel vinteren 1868-1869.  Året etter var han i Danmark og fekk der mellom anna treffe den kjende friskule- og folkehøgskulemannen [[Kristen Kold]].  


Blekastad var rekrutt på [[Jørstadmoen]] i 1871. Derifrå skreiv han ein artikkel i Dagbladet der han stilte seg sterkt kritisk til det han opplevde som soldat. For slik «respektstridig opptreden» vart han stilt for [[krigsrett]] hausten 1872. Han vart dømd til 20 dagars fengsel og sona straffa på [[Akershus]]<!--festning?--> ved juleleite 1872.  
Blekastad var rekrutt på [[Jørstadmoen]] i 1871. Derifrå skreiv han ein artikkel i Dagbladet der han stilte seg sterkt kritisk til det han opplevde som soldat. For slik «respektstridig opptreden» vart han stilt for [[krigsrett]] hausten 1872. Han vart dømd til 20 dagars fengsel og sona straffa på [[Akershus festning]] ved juleleite 1872.  


Vinteren 1871-1872 gjekk han igjen på skulen til Christopher Bruun, som nett da hadde flytta til [[Fykse]] i [[Gausdal]]. Han skal også ha hatt eit andre danmarksopphald, denne gongen på [[Askov folkehøgskule]].
Vinteren 1871-1872 gjekk han igjen på skulen til Christopher Bruun, som nett da hadde flytta til [[Fykse]] i [[Gausdal]]. Han vikarierte ein vinter for [[Andreas Austlid]] på [[friskulen i Lom]], da Austlid gjekk på bibelskule hjå Bruun. Det er motstridande opplysningar i litteraturen om dette var året 1873-1874 eller året etter.<ref>Blekastad, I. 1923 skriv 1873-1874 og at Sigurd var vikaren. Ofigsbø, H. 1926 side 59 skriv at Austlid var på bibdelskule 1874-1875. Haugen, R. 1980 s 51 nemner ikkje Sigurd Blekastad, men at Ivar Blekstad vart med Austlid undervisningsåret 1873-1874, da det vart 44 elevar ved skulen.</ref> I 1872 hadde nokre unge karar frå Lom som hadde gått på skulen til Bruun, skipa eit samtalelag der. Sigurd Blekastad fekk det til slik at laget vart opna også for jenter.
Blekastad skal også ha hatt eit andre danmarksopphald, denne gongen på [[Askov folkehøgskule]].


I Gausdal vart han kjend med [[Bjørnstjerne Bjørnson]], og byrja som huslærar på [[Aulestad]] hausten 1872. Det var her han vart kjend med Lina, som var tilsett i huset. Da han kom ut etter endt soning på Akershus, vart Blekastad henta av familien Bjørnson i hest og vogn og feira på ein fest som Bjørnson hadde arrangert om kvelden. Det var også på Aulestad at Sigurd og Lina hadde bryllaupsfesten sin i 1876.
I Gausdal vart han kjend med [[Bjørnstjerne Bjørnson]], og byrja som huslærar på [[Aulestad]] hausten 1872. Det var her han vart kjend med Lina, som var tilsett i huset. Da han kom ut etter endt soning på Akershus, vart Blekastad henta av familien Bjørnson i hest og vogn og feira på ein fest som Bjørnson hadde arrangert om kvelden. Det var også på Aulestad at Sigurd og Lina hadde bryllaupsfesten sin i 1876.


== Landhandlar og hotelleigar ==
== Landhandlar og hotelleigar ==
Sigurd og broren Ivar hadde saman drive ei krambu på eigedomen [[Mostugu]] på [[Otta]] alt frå slutten av 1860-åra. Da Sigurd gifta seg, vart det til at han overtok handelsverksemda aleine. Han dreiv så som forretningsmann på Otta så lenge han levde. Han bygde nytt og større hus, og starta hotelldrift attåt butikken. Rundt 1895 reiste han enda ein bygning, det som i dag er [[Engers boktrykkeri]]. Der heldt han fram med hotelldrifta, det fyrste [[Otta hotell]], medan han også dreiv butikk i fyrste etasjen i same bygget. Utsiktene til å gjere det bra med hotelldrift var gode sidan jernbanen kom til Otta i 1896, med stasjonen rett ved eigedomen til Blekastad.
Sigurd og broren Ivar hadde saman drive ei krambu på eigedomen [[Mostugu]] på [[Otta (tettsted)|Otta]] alt frå slutten av 1860-åra. Da Sigurd gifta seg, vart det til at han overtok handelsverksemda aleine. Han dreiv så som forretningsmann på Otta så lenge han levde. Han bygde nytt og større hus, og starta hotelldrift attåt butikken. Rundt 1895 reiste han enda ein bygning, det som i dag er [[Engers boktrykkeri]]. Der heldt han fram med hotelldrifta, det fyrste [[Otta hotell]], medan han også dreiv butikk i fyrste etasjen i same bygget. Utsiktene til å gjere det bra med hotelldrift var gode sidan jernbanen kom til Otta i 1896, med stasjonen rett ved eigedomen til Blekastad.


== Politikaren ==
== Politikaren ==
Linje 28: Linje 30:
I 1893 la Blekastad fram eit forslag om å innføre norsk flagg utan unionsmerke. Dette vart utgangspunktet for det endelege vedtaket om det reine flagget i 1898.
I 1893 la Blekastad fram eit forslag om å innføre norsk flagg utan unionsmerke. Dette vart utgangspunktet for det endelege vedtaket om det reine flagget i 1898.


== Referansar ==
<references/>
== Litteratur og kjelder ==
== Litteratur og kjelder ==
* Blekastad, Gunnhild: «Hundre år sida Ivar Blekastad skipa fyrste ungdomslaget i landet på Sel», i ''Årbok for Gudbrandsdalen 1968'', utg. av Dølaringen og Gudbrandsdal Historielag.
* Blekastad, Gunnhild: «Hundre år sida Ivar Blekastad skipa fyrste ungdomslaget i landet på Sel», i ''Årbok for Gudbrandsdalen 1968'', utg. av Dølaringen og Gudbrandsdal Historielag.
* Blekastad, Ivar: «Ungdomsrørsla», i ''Gudbrandsdølen'' 23. juni 1923.
* [http://www.bredebygden.com/Garder/Blekastad/blekastad.html Bredebygden lokalhistoriske selskap, nettside]
* [http://www.bredebygden.com/Garder/Blekastad/blekastad.html Bredebygden lokalhistoriske selskap, nettside]
* Haugen, Rolf: ''Grundtvigske friskoler i Gudbrandsdalen ca. 1870-1900.'' Hovudoppgåve i pedagogikk ved Pedagogisk forskningsinstitutt, hausten 1980.
* Hovdhaugen, Einar: «Sigurd Blekastad, ein norsk bondepolitikar» i ''Årbok for Gudbrandsdalen 1979'', Dølaringen Boklag 1979.
* Hovdhaugen, Einar: «Sigurd Blekastad, ein norsk bondepolitikar» i ''Årbok for Gudbrandsdalen 1979'', Dølaringen Boklag 1979.
* Koht, Halvdan: «Blekastad, Sigurd» i ''Norsk biografisk leksikon'', band 2, Oslo 1925.
* Koht, Halvdan: «Blekastad, Sigurd» i ''Norsk biografisk leksikon'', band 2, Oslo 1925.
* Ofigsbø, Hallvard: ''Gudbrandsdalsboka. Folk og vyrkje.'' Oslo 1926.
* Pryhn, Dag Erik: «Stortingsmannen Sigurd Blekastad», i ''Otta gjennom 100 år 1896-1996''. Utg. av Sel Historielag 1996.
* Pryhn, Dag Erik: «Stortingsmannen Sigurd Blekastad», i ''Otta gjennom 100 år 1896-1996''. Utg. av Sel Historielag 1996.
* {{hbr1-1|pd00000002732307|Sigurd Blekastad}}


{{DEFAULTSORT:Blekastad, Sigurd}}
{{DEFAULTSORT:Blekastad, Sigurd}}
[[Kategori:Personer fra Sel kommune]]
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Sel kommune]]
[[Kategori:Venstrepolitikere]]
[[Kategori:Venstrepolitikere]]
[[Kategori:Stortingsrepresentanter]]
[[Kategori:Hotelleiere]]
[[Kategori:Fødsler i 1848]]
[[Kategori:Fødsler i 1848]]
[[Kategori:Dødsfall i 1897]]
[[Kategori:Dødsfall i 1897]]
{{F1}}
{{nn}}

Sideversjonen fra 4. des. 2017 kl. 11:40

Mal:Thumb høyreSigurd Blekastad (fødd i Sel 24. mai 1848, død same stad 31. juli 1897) var forretningsmann og politikar. Han var stortingsrepresentant for Venstre 1882-1897. Han er kjend for å ha sett fram det forslaget i 1893 som førte fram til stortingsvedtaket om det reint norske flagget i 1898.

Familien

Han var fødd og oppvaksen på garden Blekastad i Sel. Foreldra var gardbrukarparet Ivar Olsen frå Nigard Bu og Guro Syversdotter Hyrve frå Skjåk. Dei hadde kjøpt Blekastad i 1840.

Sigurd hadde tre sysken, Anne f. 1839, Ola f. 1843 og Ivar f.1850. Sjå elles meir om familie og slektskrins i artikkelen om Ivar Blekastad.

Sigurd Blekastad gifta seg i 1876 med Karoline (Lina) Nilsen (1851-1906), frå ein arbeidarfamilie i NesRomerike.

Ungdomstid, utdanningsveg og lærargjerning

Etter allmugeskolen gjekk han på Christopher Bruuns folkehøgskole på Romundgard på Nord-Sel vinteren 1868-1869. Året etter var han i Danmark og fekk der mellom anna treffe den kjende friskule- og folkehøgskulemannen Kristen Kold.

Blekastad var rekrutt på Jørstadmoen i 1871. Derifrå skreiv han ein artikkel i Dagbladet der han stilte seg sterkt kritisk til det han opplevde som soldat. For slik «respektstridig opptreden» vart han stilt for krigsrett hausten 1872. Han vart dømd til 20 dagars fengsel og sona straffa på Akershus festning ved juleleite 1872.

Vinteren 1871-1872 gjekk han igjen på skulen til Christopher Bruun, som nett da hadde flytta til Fykse i Gausdal. Han vikarierte ein vinter for Andreas Austlidfriskulen i Lom, da Austlid gjekk på bibelskule hjå Bruun. Det er motstridande opplysningar i litteraturen om dette var året 1873-1874 eller året etter.[1] I 1872 hadde nokre unge karar frå Lom som hadde gått på skulen til Bruun, skipa eit samtalelag der. Sigurd Blekastad fekk det til slik at laget vart opna også for jenter. Blekastad skal også ha hatt eit andre danmarksopphald, denne gongen på Askov folkehøgskule.

I Gausdal vart han kjend med Bjørnstjerne Bjørnson, og byrja som huslærar på Aulestad hausten 1872. Det var her han vart kjend med Lina, som var tilsett i huset. Da han kom ut etter endt soning på Akershus, vart Blekastad henta av familien Bjørnson i hest og vogn og feira på ein fest som Bjørnson hadde arrangert om kvelden. Det var også på Aulestad at Sigurd og Lina hadde bryllaupsfesten sin i 1876.

Landhandlar og hotelleigar

Sigurd og broren Ivar hadde saman drive ei krambu på eigedomen MostuguOtta alt frå slutten av 1860-åra. Da Sigurd gifta seg, vart det til at han overtok handelsverksemda aleine. Han dreiv så som forretningsmann på Otta så lenge han levde. Han bygde nytt og større hus, og starta hotelldrift attåt butikken. Rundt 1895 reiste han enda ein bygning, det som i dag er Engers boktrykkeri. Der heldt han fram med hotelldrifta, det fyrste Otta hotell, medan han også dreiv butikk i fyrste etasjen i same bygget. Utsiktene til å gjere det bra med hotelldrift var gode sidan jernbanen kom til Otta i 1896, med stasjonen rett ved eigedomen til Blekastad.

Politikaren

Sigurd Blekastad var aktiv i det kommunale livet i Sel. Han kom i heradsstyret i 1878. Allereie året etter vart han andre varamann til Stortinget for Kristians amt. I 1882 vart han stortingsmann.

I rivningane i partiet Venstre som følgde etter at partiet kom i regjeringsposisjon i 1884, var Blekastad blant «nomadane», ei mellomgruppering mellom «dei moderate» og «det reine Venstre». Nomadane ønskte å halde partiet samla under Johan Sverdrups fortsatte leiarskap.

Blekastad var sekretær i Odelstinget 1889–1891 og sekretær i Stortinget 1892–1894.

I 1893 la Blekastad fram eit forslag om å innføre norsk flagg utan unionsmerke. Dette vart utgangspunktet for det endelege vedtaket om det reine flagget i 1898.

Referansar

  1. Blekastad, I. 1923 skriv 1873-1874 og at Sigurd var vikaren. Ofigsbø, H. 1926 side 59 skriv at Austlid var på bibdelskule 1874-1875. Haugen, R. 1980 s 51 nemner ikkje Sigurd Blekastad, men at Ivar Blekstad vart med Austlid undervisningsåret 1873-1874, da det vart 44 elevar ved skulen.

Litteratur og kjelder

  • Blekastad, Gunnhild: «Hundre år sida Ivar Blekastad skipa fyrste ungdomslaget i landet på Sel», i Årbok for Gudbrandsdalen 1968, utg. av Dølaringen og Gudbrandsdal Historielag.
  • Blekastad, Ivar: «Ungdomsrørsla», i Gudbrandsdølen 23. juni 1923.
  • Bredebygden lokalhistoriske selskap, nettside
  • Haugen, Rolf: Grundtvigske friskoler i Gudbrandsdalen ca. 1870-1900. Hovudoppgåve i pedagogikk ved Pedagogisk forskningsinstitutt, hausten 1980.
  • Hovdhaugen, Einar: «Sigurd Blekastad, ein norsk bondepolitikar» i Årbok for Gudbrandsdalen 1979, Dølaringen Boklag 1979.
  • Koht, Halvdan: «Blekastad, Sigurd» i Norsk biografisk leksikon, band 2, Oslo 1925.
  • Ofigsbø, Hallvard: Gudbrandsdalsboka. Folk og vyrkje. Oslo 1926.
  • Pryhn, Dag Erik: «Stortingsmannen Sigurd Blekastad», i Otta gjennom 100 år 1896-1996. Utg. av Sel Historielag 1996.
  • Sigurd Blekastad i Historisk befolkningsregister