Sigurd Helland

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 5. sep. 2017 kl. 08:02 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigurd Helland.
Foto: Kristian D. Sætre

Sigurd Helland (f. 1921) bur på Helland i Vik kommune. Han er framleis ein ivrig jeger som har jakta sidan tidleg i barndommen. Han skaut si første rypa då han var 14, og sidan har han skote både hjort, rein, rev og anna småvilt. Er du heldig å treffa på han, har han alltid ei god jakthistorie på lur.

Intervju

Klokka 15.00 stod me utanfor dørinngangen til jaktmeistar Sigurd Helland. Han heiter Sigurd, men dei fleste kallar han Per Sigurd. Han fekk namnet Per fordi faren heitte Peder, og for at dei skulle skilja han frå ein annan kar i grenda med same namnet. Kjært barn har mange namn, og på grunn av dei gode og saftige uttrykka sine har han og fått tilnamnet "Peila-jo".

Me var til saman fire spente elevar frå ungdomstrinnet ved Feios skule, som skulle få høyra nokre flotte og spenningsfulle jakthistorier.

-Eg byrja allereie med jakt som 13 åring. Interessa fekk eg frå far min, som var ein ivrig jaktmann, fortel Per Sigurd.

Han har jakta på småvilt og storvilt, og etter ei livslang jaktkarriere så er det vel logisk med mange spennande jakthistorier. Før me fekk tid til å setja oss ned i sofaen, så var han allereie godt i gang med den første.

-Eg hugsar den gongen eg felte min første hjort. Eg gjekk på jakt oppe ved Haoane, og der plutseleg kom det fram ein kraftig og staut kronhjort med ei kodla ved sidan av seg. Fram med rifla og stilte meg inn og brente av eit skot mot kronhjorten. Hjorten stupte med hovudet først ned i bakken, og der låg han. Kodla bykste i fart og sprang med det ho kunne nedover lia. Då lada eg om rifla og brente til eit nytt skot, fortel ein ivrig Per Sigurd, mens han dreg fram den berømte tobakkspipa si.

– Ja, denna pipa har eg hatt mange gode minner med, fortel han mens han let røyken stiga ut omkring stova.

Kristian i 10 klasse er jaktinteressert og då han kjem til ordet spør han Per Sigurd om revejakta. Han fortel om stoveglaset sitt der han har tilbrakt mange timar med venting for å finna reven.

– Eg har kjøpt meg våpenskap. Eg har blitt fortald at det er meg ei god investering, men visst det plutseleg kjem fram ein røv så kan eg ikkje til å finna hagla i jaktskapet. Nei, eg har funne ut at det er mykje betre å ha geværet liggjande under TV-benken. Eg har og knytt glaset til ein liten hyssing som gjer at glaset ikkje går for langt opp på grunn av vinden. Dessutan så vil eg ikkje styre med å opna glaset viss eg skulle vere så heldig og sjå i ein røv på sletta, fortel Per Sigurd i latter.

- Kva er det du likar best å jakta på? spør Margrete.

- All jakt er kjekt, men eg trur nok rypejakt er min favoritt. Rypejakten har eg fare med sidan eg var liten og far min var jaktmann. Eg kan hugsa ein gong eg var på rypejakt om vinteren, og eg skal seia deg at eg er heilt sikker på at eg såg om lag 1000 ryper i ein flokk. Dette er heilt sant. Eg gjekk med hunden min, og der brast det til noko forferdeleg over fjelltoppen. Heile himmelen var omtrent kvitlagt med ryper, seier ein ivrig Per Sigurd.

- Fekk du fyrt av eit par skot mot rypene? spør Kristian.

- Å nei, det var ikkje mykje om og gjera, nei, du skjønna at dei var altfor lang vekke frå skotrekkevidde for min del, men artig var det no.

- Er det noko med jakta som ikkje alltid er så positivt? spør Kristian og Margrete.

- Nei, jakta i seg sjølv er no ganske triveleg, men det er no desse ulukkene og farane som oftast kan komma uventa med jakt. Då eg og far min var på rypejakt for ei god stund tilbake, så var det med englevakt at eg framleis er i live. Du skjønar at det var vinter og rypejakta var på sitt beste. Då me traska i snøen, fekk eg auga på ei rype som stod på ein liten topp. Eg drog fram hagla og hyvde i ei kula og drylte av garde så rypao fekk seg ei dryla. Far min stod att då eg drog fram for å henta ho. Då eg kom fram til ho, så byrja snøen å ta tak i føtna mine, og det var eit stort snøskred som stod på tur. Far min såg på at eg vart slengt nedover den bratte bakken, og han frykta for at eg hadde slege meg i hel. Eg fekk tak i eit lite tre som låg der, og det var nok redninga. Forbaska tyleskap for ei lita rypa, fortel Per Sigurd medan han fyrer opp pipa på ny.

Me får sjå avisartikkelen frå 2007 då Per Sigurd skaut ein hjort på ca 130-143 kg. Han skaut den nest største hjorten i si lange jaktkarriere 10. september 2007. Ein fantastisk kronhjort. Dagen etter storfangsten vart Per Sigurd intervjua av Sogn Avis. Dette kom på trykk i avisa med eit flott bilde av Per Sigurd medan han heldt fast i geviret til kronhjorten. Kronhjorten vart seinare sendt av garde til utstopping.

Me storkoste oss med dei gode historiene frå Per Sigurd, og klokka berre flaug forbi. To timar sat me der oppe, men me kunne lika godt ha helde på i fire timar til. Tilslutt så må me ta med det Per Sigurd sa om då han var ung og skulle på fest i Feios.

- Eg var ikkje gamle karen, og fest i Feios det var. Finkleda var på, og eit par flasker brennevin var godt nedpakka. I den tida var det slik at ein fann seg eit flott kvinnfolk, og so dansa ein til alkoholen og musikken tok slutt. Eg og ei dame stod og dansa, men der plutseleg kom det ein bråkjekk kar opptil meg og sa:

” Ska du ha juling?"

” Ja, det kan eg no," sa eg. Deretter drog eg eit skritt tilbake og sa: ”Ska du ha deg ei dryla?” og då sprang han av garde i ein einaste stor fart, fortel Per Sigurd medan me alle ler godt.

Me har ikkje teke med alle historiene til Per Sigurd, fordi me ikkje hugsar alle historiane lika godt att. Før me reiste heim, fekk me smaka nokre gode eple hjå Per Sigurd, og dei var verkeleg gode. Me takka han for at han tok seg tid til å bli intervjua, (og eg reknar med at alle var godt fornøgde.)

Opphavspersonar: Jøran Berdal, Margrete B Feidje, Lene Marie Pettersen og Kristian D Sætre.

Intervjuet med Sigurd Helland er ein del av Feios kulturløype.


Valknute Kaar 2009.gif Hele eller deler av Sigurd Helland er basert på en artikkel fra prosjektet Kulturminneløypa og er lagt ut på lokalhistoriewiki.no under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Når artikkelen har fjernet seg tilstrekkelig fra originalen, kan dette merket fjernes.
Flere artikler finnes via denne alfabetiske oversikten.