Sigurd Kolsrud: Forskjell mellom sideversjoner
(opnar for redigering) |
|||
Linje 1: | Linje 1: | ||
{{thumb|Sigurd Kolsrud gravminne Bærum.jpg|Kolsruds familiegravstad på [[Haslum kirkegård]] i [[Bærum]].|[[Stig Rune Pedersen]]|2016}} | {{thumb|Sigurd Kolsrud gravminne Bærum.jpg|Kolsruds familiegravstad på [[Haslum kirkegård]] i [[Bærum]].|[[Stig Rune Pedersen]]|2016}} | ||
'''[[Sigurd Kolsrud]]''' (fødd 31. oktober 1888 i [[Østre Toten]], død 10. desember 1957) var språkforskar. Frå 1923 til han døydde hadde han nynorskprofessoratet ved [[Universitetet i Oslo]]. I 1936 vart Kolsrud òg styrar av [[Norsk målførearkiv]]. | '''[[Sigurd Kolsrud]]''' (fødd 31. oktober 1888 i [[Østre Toten]], død 10. desember 1957) var språkforskar. Frå 1923 til han døydde hadde han nynorskprofessoratet ved [[Universitetet i Oslo]]. I 1936 vart Kolsrud òg styrar av [[Norsk målførearkiv]]. | ||
Linje 15: | Linje 14: | ||
I desember 1913 tok han hovudfagseksamen med den særs gode karakteren 1,6. Oppgåva hadde tittelen ''Heidmarksmaalet 1315-1560. Kjeldekritisk innleiding.'' Etter eit studieopphald i Uppsala vart han i 1916 tilsett ved [[Riksarkivet]], og i 1923 følgde han etter [[Marius Hægstad]] i nynorskprofessoratet i Kristiania. | I desember 1913 tok han hovudfagseksamen med den særs gode karakteren 1,6. Oppgåva hadde tittelen ''Heidmarksmaalet 1315-1560. Kjeldekritisk innleiding.'' Etter eit studieopphald i Uppsala vart han i 1916 tilsett ved [[Riksarkivet]], og i 1923 følgde han etter [[Marius Hægstad]] i nynorskprofessoratet i Kristiania. | ||
Som vitskapsmann skreiv Kolsrud mellom anna om dei norske målføra, særleg austlandsmåla. I bladet ''[[Den 17de Mai]]'' formidla han kunnskap til ålmenta om faget sitt og aktuelle emne. Som leiar av Norsk målførearkiv ( | Som vitskapsmann skreiv Kolsrud mellom anna om dei norske målføra, særleg austlandsmåla. I bladet ''[[Den 17de Mai]]'' formidla han kunnskap til ålmenta om faget sitt og aktuelle emne. Som leiar av Norsk målførearkiv (1936-57) og [[Norsk Ordbok]] (1931-41) var han ein sentral person i granskinga av norsk talemål. | ||
== Ekteskap og born == | == Ekteskap og born == |
Sideversjonen fra 27. mai 2016 kl. 08:15
Sigurd Kolsrud (fødd 31. oktober 1888 i Østre Toten, død 10. desember 1957) var språkforskar. Frå 1923 til han døydde hadde han nynorskprofessoratet ved Universitetet i Oslo. I 1936 vart Kolsrud òg styrar av Norsk målførearkiv.
Bakgrunn
Han vaks opp i Østre Toten, som son av lærar Knut Kolsrud (1861-1937) og Berte Maria f. Bakke. Faren var opphaveleg frå Valdres, men vart i 1884 tilsett som lærar ved Smitborg skole i Balkegrenda på Toten. Teologen og kyrkjehistorikaren Oluf Kolsrud var ein eldre bror av Sigurd Kolsrud.
I 1899 fekk faren arbeid ved Løken skole i Løten, og familien flytta dit. Sigurd Kolsrud gjekk millomskulen og gymnaset i Hamar, der han tok latinartium i 1907.
Språkforskar
Hausten 1907 byrja han å lese filologi i Kristiania. Han vart snart målmann og medlem av Pønskarlaget, eit forum for norsklyndte studentar ved universitetet. Kolsrud var òg aktiv i Studentmållaget. Folketeljinga for 1910 syner at han budde i Nordahl Bruns gate 3.
I desember 1913 tok han hovudfagseksamen med den særs gode karakteren 1,6. Oppgåva hadde tittelen Heidmarksmaalet 1315-1560. Kjeldekritisk innleiding. Etter eit studieopphald i Uppsala vart han i 1916 tilsett ved Riksarkivet, og i 1923 følgde han etter Marius Hægstad i nynorskprofessoratet i Kristiania.
Som vitskapsmann skreiv Kolsrud mellom anna om dei norske målføra, særleg austlandsmåla. I bladet Den 17de Mai formidla han kunnskap til ålmenta om faget sitt og aktuelle emne. Som leiar av Norsk målførearkiv (1936-57) og Norsk Ordbok (1931-41) var han ein sentral person i granskinga av norsk talemål.
Ekteskap og born
I 1915 gifte han seg med Dorthea Enebak (1890-1981) frå Rovde på Sunnmøre. Kona var dotter av gardbrukar Knut O. Enebak og Karen f. Redse. Kolsrud og kona fekk fire søner; to av dei vart framståande vitskapsfolk som far sin. Knut Kolsrud vart ein kjend etnolog, medan broren Marius (1919-?) var professor i teoretisk fysikk.
Familien budde på Vålerenga til i 1922, då dei flytta til Stabekk i Bærum. I 1934 kjøpte Sigurd Kolsrud ein villa i Møllers vei på Ramstad. Medan dei budde i Bærum, var Dorthea Kolsrud aktiv i lokalpolitikken og husflidssamskipnaden i bygda.
Kjelder og litteratur
- Sigurd Kolsrud i folketelling 1900 for Løten herred fra Digitalarkivet
- Sigurd Kolsrud i folketelling 1910 for Kristiania kjøpstad fra Digitalarkivet
- «Sigurd Kolsrud» i Hvem er Hvem 1948
- «Sigurd Kolsrud» i Store norske leksikon
- Venås, Kjell: Sigurd Kolsrud, Oslo 2005.