Sigurd Kolsrud: Forskjell mellom sideversjoner
Linje 18: | Linje 18: | ||
== Ekteskap og born == | == Ekteskap og born == | ||
I 1915 gifte han seg med Dorthea Enebak (1890-1981) frå [[Rovde kommune|Rovde]] på [[Sunnmøre]]. Kona var dotter av gardbrukar Knut O. Enebak og Karen f. Redse. Kolsrud og kona fekk fire søner; to av dei vart framståande vitskapsfolk som far sin. [[Knut Kolsrud (1916-1989)|Knut Kolsrud]] vart ein kjend etnolog, medan broren Marius (1919-?) var professor i teoretisk fysikk. | I 1915 gifte han seg med Dorthea Enebak (1890-1981) frå [[Rovde kommune|Rovde]] på [[Sunnmøre]]. Kona var dotter av gardbrukar Knut O. Enebak og Karen f. Redse. Kolsrud og kona fekk fire søner; to av dei vart framståande vitskapsfolk som far sin. [[Knut Kolsrud (1916-1989)|Knut Kolsrud]] (1916-89) vart ein kjend etnolog, medan broren Marius (1919-?) var professor i teoretisk fysikk. | ||
Familien budde på [[Vålerenga (strøk)|Vålerenga]] til 1922, då dei flytta til [[Stabekk (Bærum)|Stabekk]] i Bærum. I 1934 kjøpte Sigurd Kolsrud ein villa i [[Møllers vei (Bærum)|Møllers vei]] på [[Ramstad (Bærum)|Ramstad]]. Medan dei budde i Bærum, var Dorthea Kolsrud aktiv i lokalpolitikken og husflidssamskipnaden i bygda. | Familien budde på [[Vålerenga (strøk)|Vålerenga]] til 1922, då dei flytta til [[Stabekk (Bærum)|Stabekk]] i Bærum. I 1934 kjøpte Sigurd Kolsrud ein villa i [[Møllers vei (Bærum)|Møllers vei]] på [[Ramstad (Bærum)|Ramstad]]. Medan dei budde i Bærum, var Dorthea Kolsrud aktiv i lokalpolitikken og husflidssamskipnaden i bygda. |
Sideversjonen fra 27. mai 2016 kl. 08:20
Sigurd Kolsrud (fødd 31. oktober 1888 i Østre Toten, død 10. desember 1957) var språkforskar. Frå 1923 til han døydde hadde han nynorskprofessoratet ved Universitetet i Oslo. I 1936 vart Kolsrud òg styrar av Norsk målførearkiv.
Bakgrunn
Han vaks opp i Østre Toten, som son av lærar Knut Kolsrud (1861-1937) og Berte Maria f. Bakke. Faren var opphaveleg frå Valdres, men vart i 1884 tilsett som lærar ved Smitborg skole i Balkegrenda på Toten. Teologen og kyrkjehistorikaren Oluf Kolsrud var ein eldre bror av Sigurd Kolsrud.
I 1899 fekk faren arbeid ved Løken skole i Løten, og familien flytta dit. Sigurd Kolsrud gjekk millomskulen og gymnaset i Hamar, der han tok latinartium i 1907.
Språkforskar
Hausten 1907 byrja han å lese filologi i Kristiania. Han vart snart målmann og medlem av Pønskarlaget, eit forum for norsklyndte studentar ved universitetet. Kolsrud var òg aktiv i Studentmållaget. Folketeljinga for 1910 syner at han budde i Nordahl Bruns gate 3.
I desember 1913 tok han hovudfagseksamen med den særs gode karakteren 1,6. Oppgåva hadde tittelen Heidmarksmaalet 1315-1560. Kjeldekritisk innleiding. Etter eit studieopphald i Uppsala vart han i 1916 tilsett ved Riksarkivet, og i 1923 følgde han etter Marius Hægstad i nynorskprofessoratet i Kristiania.
Som vitskapsmann skreiv Kolsrud mellom anna om dei norske målføra, særleg austlandsmåla. I bladet Den 17de Mai formidla han kunnskap til ålmenta om faget sitt og aktuelle emne. Som leiar av Norsk målførearkiv (1936-57) og Norsk Ordbok (1931-41) var han ein sentral person i granskinga av norsk talemål.
Ekteskap og born
I 1915 gifte han seg med Dorthea Enebak (1890-1981) frå Rovde på Sunnmøre. Kona var dotter av gardbrukar Knut O. Enebak og Karen f. Redse. Kolsrud og kona fekk fire søner; to av dei vart framståande vitskapsfolk som far sin. Knut Kolsrud (1916-89) vart ein kjend etnolog, medan broren Marius (1919-?) var professor i teoretisk fysikk.
Familien budde på Vålerenga til 1922, då dei flytta til Stabekk i Bærum. I 1934 kjøpte Sigurd Kolsrud ein villa i Møllers vei på Ramstad. Medan dei budde i Bærum, var Dorthea Kolsrud aktiv i lokalpolitikken og husflidssamskipnaden i bygda.
Kjelder og litteratur
- Sigurd Kolsrud i folketelling 1900 for Løten herred fra Digitalarkivet
- Sigurd Kolsrud i folketelling 1910 for Kristiania kjøpstad fra Digitalarkivet
- «Sigurd Kolsrud» i Hvem er Hvem 1948
- «Sigurd Kolsrud» i Store norske leksikon
- Venås, Kjell: Sigurd Kolsrud, Oslo 2005.