Sigurd Kolsrud: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (→‎Ekteskap og born: Marius Kolsrud døde i 2007)
Linje 18: Linje 18:
== Ekteskap og born ==
== Ekteskap og born ==


I 1915 gifte han seg med Dorthea Enebak (1890-1981) frå [[Rovde kommune|Rovde]] på [[Sunnmøre]]. Kona var dotter av gardbrukar Knut O. Enebak og Karen f. Redse. Kolsrud og kona fekk fire søner; to av dei vart framståande vitskapsfolk som far sin. [[Knut Kolsrud (1916-1989)|Knut Kolsrud]] (1916-89) vart ein kjend etnolog, medan broren Marius (1919-2007) var professor i teoretisk fysikk.
I 1915 gifte han seg med Dorthea Enebak (1890-1981) frå [[Rovde kommune|Rovde]] på [[Sunnmøre]]. Kona var dotter av gardbrukar Knut O. Enebak og Karen f. Redse. Kolsrud og kona fekk fire søner; to av dei vart framståande vitskapsfolk som far sin. [[Knut Kolsrud (1916-1989)|Knut Kolsrud]] (1916-89) vart ein kjend etnolog, medan broren [[Marius Kolsrud]] (1919-2007) var professor i teoretisk fysikk.


Familien budde på [[Vålerenga (strøk)|Vålerenga]] til 1922, då dei flytta til [[Stabekk (Bærum)|Stabekk]] i Bærum. I 1934 kjøpte Sigurd Kolsrud ein villa i [[Møllers vei (Bærum)|Møllers vei]] på [[Ramstad (Bærum)|Ramstad]]. Medan dei budde i Bærum, var Dorthea Kolsrud aktiv i lokalpolitikken og husflidssamskipnaden i bygda.
Familien budde på [[Vålerenga (strøk)|Vålerenga]] til 1922, då dei flytta til [[Stabekk (Bærum)|Stabekk]] i Bærum. I 1934 kjøpte Sigurd Kolsrud ein villa i [[Møllers vei (Bærum)|Møllers vei]] på [[Ramstad (Bærum)|Ramstad]]. Medan dei budde i Bærum, var Dorthea Kolsrud aktiv i lokalpolitikken og husflidssamskipnaden i bygda.

Sideversjonen fra 28. mai 2016 kl. 00:15

Kolsruds familiegravstad på Haslum kirkegård i Bærum.
Foto: Stig Rune Pedersen (2016).

Sigurd Kolsrud (fødd 31. oktober 1888 i Østre Toten, død 10. desember 1957) var språkforskar. Frå 1923 til han døydde hadde han nynorskprofessoratet ved Universitetet i Oslo. I 1936 vart Kolsrud òg styrar av Norsk målførearkiv.

Bakgrunn

Han vaks opp i Østre Toten, som son av lærar Knut Kolsrud (1861-1937) og Berte Maria f. Bakke. Faren var opphaveleg frå Valdres, men vart i 1884 tilsett som lærar ved Smitborg skole i BalkegrendaToten. Teologen og kyrkjehistorikaren Oluf Kolsrud var ein eldre bror av Sigurd Kolsrud.

I 1899 fekk faren arbeid ved Løken skole i Løten, og familien flytta dit. Sigurd Kolsrud gjekk millomskulen og gymnaset i Hamar, der han tok latinartium i 1907.

Språkforskar

Hausten 1907 byrja han å lese filologi i Kristiania. Han vart snart målmann og medlem av Pønskarlaget, eit forum for norsklyndte studentar ved universitetet. Kolsrud var òg aktiv i Studentmållaget. Folketeljinga for 1910 syner at han budde i Nordahl Bruns gate 3.

I desember 1913 tok han hovudfagseksamen med den særs gode karakteren 1,6. Oppgåva hadde tittelen Heidmarksmaalet 1315-1560. Kjeldekritisk innleiding. Etter eit studieopphald i Uppsala vart han i 1916 tilsett ved Riksarkivet, og i 1923 følgde han etter Marius Hægstad i nynorskprofessoratet i Kristiania.

Som vitskapsmann skreiv Kolsrud mellom anna om dei norske målføra, særleg austlandsmåla. I bladet Den 17de Mai formidla han kunnskap til ålmenta om faget sitt og aktuelle emne. Som leiar av Norsk målførearkiv (1936-57) og Norsk Ordbok (1931-41) var han ein sentral person i granskinga av norsk talemål.

Ekteskap og born

I 1915 gifte han seg med Dorthea Enebak (1890-1981) frå RovdeSunnmøre. Kona var dotter av gardbrukar Knut O. Enebak og Karen f. Redse. Kolsrud og kona fekk fire søner; to av dei vart framståande vitskapsfolk som far sin. Knut Kolsrud (1916-89) vart ein kjend etnolog, medan broren Marius Kolsrud (1919-2007) var professor i teoretisk fysikk.

Familien budde på Vålerenga til 1922, då dei flytta til Stabekk i Bærum. I 1934 kjøpte Sigurd Kolsrud ein villa i Møllers veiRamstad. Medan dei budde i Bærum, var Dorthea Kolsrud aktiv i lokalpolitikken og husflidssamskipnaden i bygda.

Kjelder og litteratur