Sigurd Kolsrud: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (→‎Ekteskap og born: Marius Kolsrud døde i 2007)
m (hbr)
(9 mellomliggende versjoner av 4 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
{{thumb|Sigurd Kolsrud gravminne Bærum.jpg|Kolsruds familiegravstad på [[Haslum kirkegård]] i [[Bærum]].|[[Stig Rune Pedersen]]|2016}}
{{thumb|Sigurd Kolsrud foto.jpg|Sigurd Kolsrud.|Ukjent, faksimile frå Eskeland (1956):  ''I strid for norsk mål. Noregs mållag 1906-1956''.}}
'''[[Sigurd Kolsrud]]''' (fødd 31. oktober 1888 i [[Østre Toten]], død 10. desember 1957) var språkforskar. Frå 1923 til han døydde hadde han nynorskprofessoratet ved [[Universitetet i Oslo]]. I 1936 vart Kolsrud òg styrar av [[Norsk målførearkiv]].
'''[[Sigurd Kolsrud]]''' (fødd 31. oktober 1888 i [[Østre Toten]], død 10. desember 1957) var språkforskar. Frå 1923 til han døydde hadde han nynorskprofessoratet ved [[Universitetet i Oslo]]. I 1936 vart Kolsrud òg styrar av [[Norsk målførearkiv]].


Linje 17: Linje 17:


== Ekteskap og born ==
== Ekteskap og born ==
{{thumb|Sigurd Kolsrud gravminne Bærum.jpg|Kolsruds familiegravstad på [[Haslum kirkegård]] i [[Bærum]].|[[Stig Rune Pedersen]]|2016}}
I 1915 gifte han seg med Dorthea Enebak (1890-1981) frå [[Rovde kommune|Rovde]] på [[Sunnmøre]]. Kona var dotter av gardbrukar Knut O. Enebak og Karen f. Redse. Kolsrud og kona fekk fire søner; to av dei vart framståande vitskapsfolk som far sin. [[Knut Kolsrud (1916-1989)|Knut Kolsrud]] (1916-89) vart ein kjend etnolog, medan broren [[Marius Kolsrud]] (1919-2007) var professor i teoretisk fysikk.


I 1915 gifte han seg med Dorthea Enebak (1890-1981) frå [[Rovde kommune|Rovde]] på [[Sunnmøre]]. Kona var dotter av gardbrukar Knut O. Enebak og Karen f. Redse. Kolsrud og kona fekk fire søner; to av dei vart framståande vitskapsfolk som far sin. [[Knut Kolsrud (1916-1989)|Knut Kolsrud]] (1916-89) vart ein kjend etnolog, medan broren Marius (1919-2007) var professor i teoretisk fysikk.
Familien budde på [[Vålerenga (strøk)|Vålerenga]] til 1922, då dei flytta til [[Stabekk (Bærum)|Stabekk]] i Bærum. I 1934 kjøpte Sigurd Kolsrud ein villa i [[Møllers vei (Bærum)|Møllers vei]] på [[Ramstad (Bærum)|Ramstad]]. Medan dei budde i Bærum, var [[Dorthea Kolsrud]] aktiv i lokalpolitikken og husflidssamskipnaden i bygda.
 
Familien budde på [[Vålerenga (strøk)|Vålerenga]] til 1922, då dei flytta til [[Stabekk (Bærum)|Stabekk]] i Bærum. I 1934 kjøpte Sigurd Kolsrud ein villa i [[Møllers vei (Bærum)|Møllers vei]] på [[Ramstad (Bærum)|Ramstad]]. Medan dei budde i Bærum, var Dorthea Kolsrud aktiv i lokalpolitikken og husflidssamskipnaden i bygda.


== Kjelder og litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==
* {{hbr1-1|pf01036392129420|Sigurd Kolsrud}}.
*{{folketelling|pf01052766001853|Sigurd Kolsrud|1891|Østre Toten}}
*{{folketelling|pf01037052001143|Sigurd Kolsrud|1900|Løten herred}}
*{{folketelling|pf01037052001143|Sigurd Kolsrud|1900|Løten herred}}
*{{folketelling|pf01036392129420|Sigurd Kolsrud|1910|Kristiania kjøpstad}}
*{{folketelling|pf01036392129420|Sigurd Kolsrud|1910|Kristiania kjøpstad}}
*[http://runeberg.org/hvemerhvem/1948/0296.html «Sigurd Kolsrud» i ''Hvem er Hvem 1948'']  
*[http://runeberg.org/hvemerhvem/1948/0296.html «Sigurd Kolsrud» i ''Hvem er Hvem 1948'']  
*Eskeland, Ivar: ''I strid for norsk mål : Noregs mållag 1906-1956''. Oslo : Noregs mållag, 1956. {{bokhylla|NBN:no-nb_digibok_2008050700023}}
*{{SNL-artikkel|https://snl.no/Sigurd_Kolsrud|Sigurd Kolsrud}}
*{{SNL-artikkel|https://snl.no/Sigurd_Kolsrud|Sigurd Kolsrud}}
*Venås, Kjell: ''Sigurd Kolsrud'', Oslo 2005.
*Venås, Kjell: ''Sigurd Kolsrud'', Oslo 2005.
Linje 40: Linje 43:
[[Kategori:Fødsler i 1888]]
[[Kategori:Fødsler i 1888]]
[[Kategori:Dødsfall i 1957]]
[[Kategori:Dødsfall i 1957]]
{{nn}}

Sideversjonen fra 8. aug. 2017 kl. 08:31

Sigurd Kolsrud.
Foto: Ukjent, faksimile frå Eskeland (1956): I strid for norsk mål. Noregs mållag 1906-1956.

Sigurd Kolsrud (fødd 31. oktober 1888 i Østre Toten, død 10. desember 1957) var språkforskar. Frå 1923 til han døydde hadde han nynorskprofessoratet ved Universitetet i Oslo. I 1936 vart Kolsrud òg styrar av Norsk målførearkiv.

Bakgrunn

Han vaks opp i Østre Toten, som son av lærar Knut Kolsrud (1861-1937) og Berte Maria f. Bakke. Faren var opphaveleg frå Valdres, men vart i 1884 tilsett som lærar ved Smitborg skole i BalkegrendaToten. Teologen og kyrkjehistorikaren Oluf Kolsrud var ein eldre bror av Sigurd Kolsrud.

I 1899 fekk faren arbeid ved Løken skole i Løten, og familien flytta dit. Sigurd Kolsrud gjekk millomskulen og gymnaset i Hamar, der han tok latinartium i 1907.

Språkforskar

Hausten 1907 byrja han å lese filologi i Kristiania. Han vart snart målmann og medlem av Pønskarlaget, eit forum for norsklyndte studentar ved universitetet. Kolsrud var òg aktiv i Studentmållaget. Folketeljinga for 1910 syner at han budde i Nordahl Bruns gate 3.

I desember 1913 tok han hovudfagseksamen med den særs gode karakteren 1,6. Oppgåva hadde tittelen Heidmarksmaalet 1315-1560. Kjeldekritisk innleiding. Etter eit studieopphald i Uppsala vart han i 1916 tilsett ved Riksarkivet, og i 1923 følgde han etter Marius Hægstad i nynorskprofessoratet i Kristiania.

Som vitskapsmann skreiv Kolsrud mellom anna om dei norske målføra, særleg austlandsmåla. I bladet Den 17de Mai formidla han kunnskap til ålmenta om faget sitt og aktuelle emne. Som leiar av Norsk målførearkiv (1936-57) og Norsk Ordbok (1931-41) var han ein sentral person i granskinga av norsk talemål.

Ekteskap og born

Kolsruds familiegravstad på Haslum kirkegård i Bærum.
Foto: Stig Rune Pedersen (2016).

I 1915 gifte han seg med Dorthea Enebak (1890-1981) frå RovdeSunnmøre. Kona var dotter av gardbrukar Knut O. Enebak og Karen f. Redse. Kolsrud og kona fekk fire søner; to av dei vart framståande vitskapsfolk som far sin. Knut Kolsrud (1916-89) vart ein kjend etnolog, medan broren Marius Kolsrud (1919-2007) var professor i teoretisk fysikk.

Familien budde på Vålerenga til 1922, då dei flytta til Stabekk i Bærum. I 1934 kjøpte Sigurd Kolsrud ein villa i Møllers veiRamstad. Medan dei budde i Bærum, var Dorthea Kolsrud aktiv i lokalpolitikken og husflidssamskipnaden i bygda.

Kjelder og litteratur