Sigurd Kolsrud
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Sigurd Kolsrud (fødd 31. oktober 1888 i Østre Toten, død 10. desember 1957) var språkforskar. Frå 1923 til han døydde hadde han nynorskprofessoratet ved Universitetet i Oslo. I 1936 vart Kolsrud òg styrar av Norsk målførearkiv.
Bakgrunn
Han vaks opp i Østre Toten, som son av lærar Knut Kolsrud (1861-1937) og Berte Maria f. Bakke. Faren var opphaveleg frå Valdres, men vart i 1884 tilsett som lærar ved Smitborg skole i Balkegrenda på Toten. Teologen og kyrkjehistorikaren Oluf Kolsrud var ein eldre bror av Sigurd Kolsrud.
I 1899 fekk faren arbeid ved Løken skole i Løten, og familien flytta dit. Sigurd Kolsrud gjekk millomskulen og gymnaset i Hamar, der han tok latinartium i 1907.
Språkforskar
Hausten 1907 byrja han å lese filologi i Kristiania. Han vart snart målmann og medlem av Pønskarlaget, eit forum for norsklyndte studentar ved universitetet. Kolsrud var òg aktiv i Studentmållaget.
I desember 1913 tok han hovudfagseksamen med den særs gode karakteren 1,6. Oppgåva hadde tittelen Heidmarksmaalet 1315-1560. Kjeldekritisk innleiding.
Ekteskap og born
Kjelder og litteratur
- Sigurd Kolsrud i folketelling 1900 for Løten herred fra Digitalarkivet
- Sigurd Kolsrud i folketelling 1910 for Kristiania kjøpstad fra Digitalarkivet
- «Sigurd Kolsrud» i Store norske leksikon