Sigurd Kolsrud

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Kolsruds familiegravstad på Haslum kirkegård i Bærum.
Foto: Stig Rune Pedersen (2016).

Sigurd Kolsrud (fødd 31. oktober 1888 i Østre Toten, død 10. desember 1957) var språkforskar. Frå 1923 til han døydde hadde han nynorskprofessoratet ved Universitetet i Oslo. I 1936 vart Kolsrud òg styrar av Norsk målførearkiv.

Bakgrunn

Han vaks opp i Østre Toten, som son av lærar Knut Kolsrud (1861-1937) og Berte Maria f. Bakke. Faren var opphaveleg frå Valdres, men vart i 1884 tilsett som lærar ved Smitborg skole i BalkegrendaToten. Teologen og kyrkjehistorikaren Oluf Kolsrud var ein eldre bror av Sigurd Kolsrud.

I 1899 fekk faren arbeid ved Løken skole i Løten, og familien flytta dit. Sigurd Kolsrud gjekk millomskulen og gymnaset i Hamar, der han tok latinartium i 1907.

Språkforskar

Hausten 1907 byrja han å lese filologi i Kristiania. Han vart snart målmann og medlem av Pønskarlaget, eit forum for norsklyndte studentar ved universitetet. Kolsrud var òg aktiv i Studentmållaget. Folketeljinga for 1910 syner at han budde i Nordahl Bruns gate 3.

I desember 1913 tok han hovudfagseksamen med den særs gode karakteren 1,6. Oppgåva hadde tittelen Heidmarksmaalet 1315-1560. Kjeldekritisk innleiding. Etter eit studieopphald i Uppsala vart han i 1916 tilsett ved Riksarkivet, og i 1923 følgde han etter Marius Hægstad i nynorskprofessoratet i Kristiania.

Som vitskapsmann skreiv Kolsrud mellom anna om dei norske målføra, særleg austlandsmåla. I bladet Den 17de Mai formidla han kunnskap til ålmenta om faget sitt og aktuelle emne. Som leiar av Norsk målførearkiv (1939-57) og Norsk Ordbok (1931-41) var han ein sentral person i granskinga av norsk talemål.

Ekteskap og born

Kjelder og litteratur