Sigurd Kolsrud

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 8. aug. 2017 kl. 09:31 av Cnyborg (Samtale | bidrag) (hbr)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sigurd Kolsrud.
Foto: Ukjent, faksimile frå Eskeland (1956): I strid for norsk mål. Noregs mållag 1906-1956.

Sigurd Kolsrud (fødd 31. oktober 1888 i Østre Toten, død 10. desember 1957) var språkforskar. Frå 1923 til han døydde hadde han nynorskprofessoratet ved Universitetet i Oslo. I 1936 vart Kolsrud òg styrar av Norsk målførearkiv.

Bakgrunn

Han vaks opp i Østre Toten, som son av lærar Knut Kolsrud (1861-1937) og Berte Maria f. Bakke. Faren var opphaveleg frå Valdres, men vart i 1884 tilsett som lærar ved Smitborg skole i BalkegrendaToten. Teologen og kyrkjehistorikaren Oluf Kolsrud var ein eldre bror av Sigurd Kolsrud.

I 1899 fekk faren arbeid ved Løken skole i Løten, og familien flytta dit. Sigurd Kolsrud gjekk millomskulen og gymnaset i Hamar, der han tok latinartium i 1907.

Språkforskar

Hausten 1907 byrja han å lese filologi i Kristiania. Han vart snart målmann og medlem av Pønskarlaget, eit forum for norsklyndte studentar ved universitetet. Kolsrud var òg aktiv i Studentmållaget. Folketeljinga for 1910 syner at han budde i Nordahl Bruns gate 3.

I desember 1913 tok han hovudfagseksamen med den særs gode karakteren 1,6. Oppgåva hadde tittelen Heidmarksmaalet 1315-1560. Kjeldekritisk innleiding. Etter eit studieopphald i Uppsala vart han i 1916 tilsett ved Riksarkivet, og i 1923 følgde han etter Marius Hægstad i nynorskprofessoratet i Kristiania.

Som vitskapsmann skreiv Kolsrud mellom anna om dei norske målføra, særleg austlandsmåla. I bladet Den 17de Mai formidla han kunnskap til ålmenta om faget sitt og aktuelle emne. Som leiar av Norsk målførearkiv (1936-57) og Norsk Ordbok (1931-41) var han ein sentral person i granskinga av norsk talemål.

Ekteskap og born

Kolsruds familiegravstad på Haslum kirkegård i Bærum.
Foto: Stig Rune Pedersen (2016).

I 1915 gifte han seg med Dorthea Enebak (1890-1981) frå RovdeSunnmøre. Kona var dotter av gardbrukar Knut O. Enebak og Karen f. Redse. Kolsrud og kona fekk fire søner; to av dei vart framståande vitskapsfolk som far sin. Knut Kolsrud (1916-89) vart ein kjend etnolog, medan broren Marius Kolsrud (1919-2007) var professor i teoretisk fysikk.

Familien budde på Vålerenga til 1922, då dei flytta til Stabekk i Bærum. I 1934 kjøpte Sigurd Kolsrud ein villa i Møllers veiRamstad. Medan dei budde i Bærum, var Dorthea Kolsrud aktiv i lokalpolitikken og husflidssamskipnaden i bygda.

Kjelder og litteratur