Siljan prestegjeld

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Siljan kyrkje var hovudkyrkje i prestegjeldet.
Foto: Ukjent / Nasjonalbiblioteket

Siljan prestegjeld var eitt av Den norske kyrkja sine prestegjeld i Telemark, svarande til Siljan kommune. Siljan sokn var annekssokn under Eidanger prestegjeld til 1847, og så under Gjerpen prestegjeld til 1856. Då det vart utskild ved kongelig resolusjon av 21. april 1856 fekk det namnet Slemdal prestegjeld, som vart endra til Siljan i 1917.

Einaste sokn i prestegjeldet var Siljan. Det låg under Skien prosti i Agder og Telemark bispedømme, og området utgjer no Siljan kyrkelege fellesråd.

Kyrkjebøker mm.

Kyrkjebøkene går attende til 1831; før dette må ein lete i bøkene for Eidanger prestegjeld.

Bøkene er tilgjengelege på Digitalarkivet: Siljan kyrkjebøker.

Litteratur og kjelder