Simen Skappel: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 12: Linje 12:


Det er openbert at Simen Skappel må ha hatt mykje erfart kunnskap frå oppveksten både om landbruk og sosiale forhold som skulle kome han til nytte i hans yrkesgjerning.
Det er openbert at Simen Skappel må ha hatt mykje erfart kunnskap frå oppveksten både om landbruk og sosiale forhold som skulle kome han til nytte i hans yrkesgjerning.
== Yrkesgjerning ==
Simen Skappel hadde landbruksutdanning frå Noreg og Danmark. I folketeljinga 1900, da han framleis er ugift og heimebuande, er han oppførd som agronom og landbrukslærar. Han studerte deretter statistikk, historie og sosialøkonomi.
Han var tilsett i Statistisk sentralbyrå frå 1902 til han gjekk av for aldresgrensa i 1936. Frå 1928 var han byråsjef der. Han leia avdelinga for landbruksstatistikk. Han planla dei fullstendige jorbruksteljingane, den fyrste i 1907, og han skreiv sjølv publikasjonane om teljingane.
Skappel kombinerte fagområdet sitt på ein ypparleg måte med historiske kunnskapar, og kan reknast som ein pioner innan landbrukshistorisk forsking. Han utgav i åra 1902-1904 tre arbeid om hestehaldets, fehaldets og åkerbrukets histirie utgjeve av Selskapet for Norge Vel.


== Referansar ==
== Referansar ==
<references/>
<references/>

Sideversjonen fra 12. jun. 2017 kl. 19:21

Denne artikkelen er under aktiv utvikling og vil derfor framstå som en kladd inntil denne malen er fjernet. Du er velkommen til å delta i den videre utviklingen av artikkelen!


Simen Skappel (fødd i Ringsaker 7. februar 1866, død i Oslo 15. juli 1945) var agronom, statistikar, landbruks- og lokalhistorikar. Mest kjend i ettertid er han for avhandlinga Om husmandsvæsenet i Norge frå 1922, som framleis er eit standardverk for studiet av emnet. Han stod sentralt i utviklinga av jordbruksstatistikken i dei fyrste tiåra av 1900-talet.

Bakgrunn og familie

Han var fødd og oppvaksen på Skapal, ein av dei største og beste gardane i Ringsaker. Foreldra var gardbrukarparet Halvor Skappel (1829-1906) og Julie fødd Flifleth (Hersoug) (1833-1909). Faren var mellom anna bankmann, ordførar og hadde ei rekkje andre tillitsverv, engasjert i Venstre-rørsla frå 1870-åra.

Simen Skappel gifta seg i Kristiania 28. mars 1904 med Aagot Lunde, fødd på Morterud i Nord-Odal 12. januar 1882, død i Oslo 12. juli 1929. Dei fekk borna Margot Hildegard Skappel (1903-1982) og Egil Fliflet Skappel (1906-1947) [1]

Gardfolk og plassfolk på Skapal

Skapal utgjorde eit stort og mangfaldig gardssamfunn i Simens barndom. I folketeljinga 1875[2] utgjer kjernefamilien ni personar (foreldre og sju heimeverande born), og besteforeldra budde også på garden som føderådsfolk saman med ei ugift dotter. Tre andre ugifte søsken av gardbrukaren utgjorde eit eige hushald på garden. Dei hadde ei tenestejente og ein losjerande dagarbeidar i huset. Tenarskapet i hovudhushaldet utgjorde sju personar, og det var dessutan ein gutunge på legd og ei gammal kone som delvis var forsørga av fattigvesenet, dels livnærde seg av «binding» (strikking?). Av tenestefolket var berre ein stallkar. Det indikerer vel at den faste mannlege arbeidskrafta på den store garden kom frå husmannsplassane under garden. Det låg i følgje folketeljinga 1875 seks plassar under garden med i alt 31 påbuande personar. Blant plassfolket var det ein skomakar, ein skreddar og ein salmaker.

Det er openbert at Simen Skappel må ha hatt mykje erfart kunnskap frå oppveksten både om landbruk og sosiale forhold som skulle kome han til nytte i hans yrkesgjerning.

Yrkesgjerning

Simen Skappel hadde landbruksutdanning frå Noreg og Danmark. I folketeljinga 1900, da han framleis er ugift og heimebuande, er han oppførd som agronom og landbrukslærar. Han studerte deretter statistikk, historie og sosialøkonomi.

Han var tilsett i Statistisk sentralbyrå frå 1902 til han gjekk av for aldresgrensa i 1936. Frå 1928 var han byråsjef der. Han leia avdelinga for landbruksstatistikk. Han planla dei fullstendige jorbruksteljingane, den fyrste i 1907, og han skreiv sjølv publikasjonane om teljingane.

Skappel kombinerte fagområdet sitt på ein ypparleg måte med historiske kunnskapar, og kan reknast som ein pioner innan landbrukshistorisk forsking. Han utgav i åra 1902-1904 tre arbeid om hestehaldets, fehaldets og åkerbrukets histirie utgjeve av Selskapet for Norge Vel.


Referansar

  1. Geni.com
  2. Skapal i folketelling 1875 for Ringsaker fra Digitalarkivet