Simen Skappel

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 26. jun. 2018 kl. 14:09 av Kallrustad (Samtale | bidrag) (Bakgrunn og familie)
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Familien Skappel på Skapal i 1893. Simen Skappel nr. 2 frå venstre med foreldra Halvor og Julie nærast på hans venstre side.
Foto: Anton Øhre/Digitalt museum

Simen Skappel (fødd i Ringsaker 7. februar 1866, død i Oslo 15. juli 1945) var agronom, statistikar, landbruks- og lokalhistorikar. Mest kjend i ettertid er han for avhandlinga Om husmandsvæsenet i Norge frå 1922, som framleis er eit standardverk for studiet av emnet. Han stod sentralt i utviklinga av jordbruksstatistikken i dei fyrste tiåra av 1900-talet.

Bakgrunn og familie

Han var fødd og oppvaksen på Skapal, ein av dei største og beste gardane i Ringsaker. Foreldra var gardbrukarparet Halvor Skappel (1829-1906) og Julie fødd Flifleth (Hersoug) (1833-1909). Faren var mellom anna bankmann, ordførar og hadde ei rekkje andre tillitsverv, engasjert i Venstre-rørsla frå 1870-åra.

Simen Skappel gifta seg i Kristiania 28. mars 1904 med Aagot Lunde, fødd på Morterud i Nord-Odal 12. januar 1882, død i Oslo 12. juli 1929. Dei fekk borna Margot Hildegard Skappel (1903-1982) og Egil Fliflet Skappel (1906-1947). [1]

Gardfolk og plassfolk på Skapal

Skapal utgjorde eit stort og mangfaldig gardssamfunn i Simens barndom. I folketeljinga 1875[2] utgjer kjernefamilien ni personar (foreldre og sju heimeverande born), og besteforeldra budde også på garden som føderådsfolk saman med ei ugift dotter. Tre andre ugifte søsken av gardbrukaren utgjorde eit eige hushald på garden. Dei hadde ei tenestejente og ein losjerande dagarbeidar i huset.

Tenarskapet i hovudhushaldet bestod av sju personar med ulike oppåver: husholderske, stallkar, barnepike, to stuepiker/kokker, budeie og underbudeie. Det var dessutan ein gutunge på legd og ei gammal kone som delvis var forsørga av fattigvesenet, dels livnærde seg av «binding» (strikking?). Bortsett frå stallkaren var alle tenestefolka kvinner. Det indikerer vel at den faste mannlege arbeidskrafta kom frå husmannsplassane under garden. Det låg i følgje folketeljinga 1875 seks plassar under Skapal med i alt 31 påbuande personar. Blant plassfolket var det ein skomakar, ein skreddar og ein salmaker.

Det er openbert at Simen Skappel må ha hatt mykje erfart kunnskap frå oppveksten både om landbruk og sosiale forhold som skulle kome han til nytte i hans yrkesgjerning. Det har sikkert danna noko av bakgrunnen for eigenskapar som sjef for Statistisk sentralbyrå Gunnar Jahn framheva i ei avisomtale i samband med at Skappel avslutta si lange teneste i byrået i 1936: «Til det [dvs. Skappels djupe forståinga av historiske og sosial utviklingsprosessar. Wiki-merknad.] kommer at han med sin sterke virkelighetssans og sin følelse av å være knyttet til norsk jordbruk har kunnet se og forstå tingene innenfra.»

Yrkesgjerning

Simen Skappel hadde landbruksutdanning frå Noreg og Danmark. I folketeljinga 1900, da han framleis er ugift og heimebuande, er han oppførd som agronom og landbrukslærar.[3] Han gjennomførde dessutan omfattande sjølvstudium innan statistikk, historie og sosialøkonomi.

Han var tilsett i Statistisk sentralbyrå frå 1902 til han gjekk av for aldresgrensa i 1936. Frå 1928 var han byråsjef der. Han leia avdelinga for landbruksstatistikk. Han planla dei fullstendige jorbruksteljingane, den fyrste i 1907, og han skreiv sjølv publikasjonane om teljingane. Metodar og kvalitetsnivå i dette arbeidet vekte internasjonal oppsikt.

Landbruks- og lokalhistorikar

Skappel kombinerte fagområdet sitt på ein ypparleg måte med historiske kunnskapar, og kan reknast som ein pioner innan landbrukshistorisk forsking. Han utgav i åra 1902-1904 tre arbeid om hestehaldets, fehaldets og åkerbrukets historie utgjeve av Selskapet for Norges Vel. Han var i mange år medarbeidar i utgjevinga av verket Norges land og folk under leiing av Amund Helland. Av lokal- og regionalhistoriske arbeid frå Skappels hand kan nemnast bøkene Hedemarkens Amt 1814-1914 (til grunnlovsjubileet) og Ringsaker Sparebank 1847-1927 (1928). I 1916 kom boka Eiendomsbesiddere i Norges landdistrikter, med ei innleiing om historiske jordeigedomsforhold og med portrett og biografiar over større jordeigarar i landet anno 1916.

Om husmannsvesenet

I 1922 kom så boka om husmannsvesenet. Den kom i stand som svar på ei oppgåve utlyst av NansenfondetKristiania Videnskabsselskaps årsmøte i 1920. Det er ingen tvil om at avhandlinga har vore og er ei hovudkjelde til kunnskap om husmannsvesenet og at det har lagt mange premiss for den seinare forskinga på emnet. Mellom anna den kjende todelinga av husmannsstanden i høvevis arbeidshusmann (Austlandet, Trøndelag) bygselshusmann (Vestlandet) vart framsett i denne avhandlinga. Gunnar Jahn skriver om denne utgjevinga: «Denne bok viser Skappels evne både til historisk granskning og til å forstå sammenhengen mellem husmannsvesenets utvikling og Norges økonomiske og sosiale utvikling i tidens løp. Han kaster gjennem denne bok lys over forhold som tidligere ikke trådte så klart frem.»

Referansar

  1. Geni.com
  2. Skapal i folketeljinga 1875 for Ringsaker frå Digitalarkivet
  3. Simen Skappel i folketeljinga 1900 for Ringsaker frå Digitalarkivet

Kjelder og litteratur

  • Feiring, Trond: Ringsakboka IV. Tidskifte - ny teknologi 1840-1900. Brøttum historielag, Ringsaker historielag, Veldre historielag 1998.
  • Jahn, Gunnar: Omtale av Simen Skappel i Nationen 7.3.1936.
  • Klokk, Olav: Artikkel om Simen Skappel i Norsk biografisk leksikon bd. XIII (1958)
  • Simen Skappel i Historisk befolkningsregister.