Simen Wolrath

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Simen Wolrath (fødd 1877 i Sel, død 1939 på Lillehammer), fødd Andersen, var skogforvaltar. Foreldra var fanejunker Ole Andersen og Ragnhild Torsdotter Fevollen. Han var fyrste gong gift med Karen Marie Blessum og fekk dottera Kari. Simen og Karen Marie vart skilde. Andre gong var han gift med enkja Sigrid Morgenstierne, fødd Enersen. Namneendring til Wolrath ca. 1914.

Han tok eksamen ved skogskulen på Kongsberg i 1898 og ved landbrukshøgskulen på Ås (skogbruksavdelinga) i 1905. Frå 1905 til han døydde var han skogforvaltar i Nord-Gudbrandsdalen og budde i Vågå.

Simen Wolrath var ein av skiparane av Vågå historielag i 1929, og var formann der 1930–35.

Kjelder

  • Berner, Carl: artikkel i Årbok for Gudbrandsdalen 1941. Lillehammer 1941.
  • Norske forstmenn fra 1853 til 1928. Oslo 1931. Mal:Bokhylla

Eksterne lenkjer


Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!