Sjøtun (Fedje gnr 169 bnr 26)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 13. apr. 2023 kl. 15:04 av Arvid Skogseth (samtale | bidrag) (Lenking)
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjøtun
S365.169.26.CD 01 076.jpg
Berta framfor huset i Hesteneset (bnr 26).
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 26

Sjøtun er ein tidlegare bustadeigedom i Fedje kommune.

1. Karl Olsen f. 1878 Sulo (gnr 169 bnr 34-2c) d. 1934 g. 1901 m. Berta Gudmundsd f. 1876 Husa (gnr 168 bnr 6-3c) d. 1948, budde først i Sulo gnr 169 bnr 34. Så flytta dei huset hit om lag 1908, og bygde på det. Dei fekk skøyte på tomta for 90 kr i 1930, den vart frådelt Hesteneset gnr 169 bnr 4 same året. Berta budde her til 1940, då ho flytta til sonen Olaf på Nygård. I 1947 vart huset flytta dit av sonen Andreas, sjå Nygård gnr 172 bnr 106-1.

Born: a. Ludvik Bertin Karlsen f. 1901 d. 1921 (tub.), sjømann. b. Gustav Andreas Karlsen f. 1902 d. 1925 (tub.), fiskar. c. Olaf Martin Karlsen Storhaug f. 1904 d. 1994 g. 1928 m. Astrid Nilsd Ones f. 1900 Lindås d. 1990, budde på Nygård (gnr 172 bnr 36-1). d. Bergitte Kristine Karlsd Storhaug f. 1906 d. 2007 (100 år gl), ugift, hushjelp og arb. Bjelland, busett hjå broren Olaf på Nygård frå 1946. e. Johanna Serina Karlsd f. 1908 d. 1989, sjå nr 2 her. f. Gunhild Konstanse Karlsd f. 1910 d. 1928 (tub.). g. Andreas Kristoffer Karlsen Hestenes f. 1913 d. 1982 g. 1942 m. Astrid Kvarven f. 1915 Fitjar d. 1988, budde på Nygård (gnr 172 bnr 106-1). h. Martin Johan Karlsen f. 1917 d. 1½ md gl.

2. Johanna Karlsd Hestenes f. 1908 på dette bruket (le) d. 1989 g. 1933 m. Knut Hansen Brügger f. 1906 Førland, Austrheim d. 1969, fiskar og sjømann. Dei budde her til 1938, då dei flytta til Førland (jf Austrheimb. II s 478).

Born: a. Hans Arvid Brügger f. 1934 d. 1991 g. 1961 m. Kjellaug Marthinussen f. 1936 Sulo (gnr 169 bnr 27-5c), sjå der (6). b. Gunvor Konstanse Brügger f. 1935 d. 2008 g. 1955 m. Trygve Gullaksen f. 1928 Grenda (gnr 168 bnr 17-17b), bygde der (gnr 168 bnr 143). c. Mathilde Kristine Brügger f. 1938 d. 1939. d. Berit Mathilde Brügger f. 1941 g. 1966 m. Karsten Tresnes f. 1935 (gnr 171 bnr 1-4d) d. 1999, bustad Solend i Austrheim (sjå Austrheimb. I s 645). e. Karl Andreas Brügger f. 1945 g. 1972 m. Gerd Henny Grimstvedt f. 1946 Sveio, busette der (jf Sveiob. II s 102).


Fedje komm.svg Sjøtun (Fedje gnr 169 bnr 26) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Hesteneset (Fedje gnr 169 bnr 4) • Neste bolk: Heimvard (Fedje gnr 169 bnr 30)