Sjukehushagen i Volda

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Sjukehushagen i Volda ligg sørvest for sjukehuset i Volda. Den kan sporast attende til 1964 da ideen om hagen kom opp. Initiativtakarane var Emmy Nes, leiar i Volda Hagelag og overlege Einar Kavli Jørgensen som og var hageinteressert.

Sidan hagen i utgangspunktet var tenkt som ein demonstrasjons- og forsøkshage, hadde den og namnet «Demonstrasjons- og forsøkshagen i Volda». I daglegtale vart og vert den nemnd som «Sjukehusparken» eller «Sjukehushagen».

Området på 2,7 dekar kor hagen ligg, låg brakk etter at det første sjukehuset vart bygd. «Villnisset» som det vert omtale som i heftet «Sjukehushagen i Volda gjennom 30 år», vart i 1964 stilt til disposisjon for Volda Hagelag. Gjennom området var det og ei lita elv.

Johannes Nes, mannen til Emmy Nes, laga den første grunnplanen til parken med vegar, dam og korleis ein elles skulle disponere hagen. Gravemaskin vart leigd inn og mykje jord (110 lass) måtte køyrast på. Mykje kratt måtte fjernast og store steinar flyttast. Dugnadstimane var ikkje få i denne perioden, medlemmer av hagelaget, men og av mange andre. Emmy Nes sto på seint og tidleg. Andre som er nemnde spesielt er Einar Kavli Jørgensen og kona hans Cora samt Fritjof Halkjelsvik. Det gjekk med om lag kr 150.000 i kontantutlegg. For å sette kostnaden i perspektiv kosta ein time med gravemaskin den gongen 6-7 kroner.

Emmy Nes og overlege Jørgensen laga kvar si planteliste ut frå boka «All verdens planter i Norsk jord» av Hiorth. Vidare utarbeidde dei ei felles liste på om lag 300 sortar. Sidan planen var å lage ein demonstrasjons- og forsøkshage med vekstar som ikkje var vanlege i klimaet her, måtte dei søke Landbruksdepartementet om importløyve. Dei utnemnde professor Oddvin Reisæter ved Institutt for hagebruk ved Norges Landbrukshøgskule. I januar i 1966 kom svaret. Reisæter meinte at nokre av vekstane neppe ville klare seg i Volda, men at han såg fram til at dei vart prøvd for å skaffe meir kunnskap. Samstundes tilbaud Reisæter 59 prøveplanter av 23 ulike slag frå Norges Landbruksskule.

Våren 1967 tok arbeidet med å steinsette bekken gjennom hagen, etter at den gjekk over breddene sine og ødela noko hausten før. Bogebrua over bekken fekk dei ide til frå ei tilsvarnde i ein park i Leverkusen i Tyskland.

Svært mange deltok i arbeidet med hagen både frå nærområdet, men og frå utlandet. Fem danskar frå Det Jydske Haveselskap med hagekonsulent Falck Hansen i spissen var her ei veke kor dei mellom anna arbeidde med andedammen. Nokre deltakarar frå ein internasjonal Rotary-leir brukte noko tid til å hjelpe til med hagen.

Hagen kom etter kvart meir og meir i stand. Her var det tre, busker, vintergrøne planter og stauder. Gjennom hagen gjekk det grusgangar som var kanta med stein, trapper, steinmurar og benkar. Inn mot grusgangane var det planta fargerike stauder som sto i kontrast til dei vintergrøne vekstene lenger bak.

Mot sør fekk Emmy Nes med seg nokre karar til å bygge ein rullesteinsmur med stein som vart henta i fjøra, noko dei ikkje hadde tru på. Murar skulle byggast med flate steinar. Men dei tok utfordringa og muren kom opp. Ved utviding av vegen vart denne muren fjerna på slutten av 1990-talet.

Lina Høydal frå Høydal i Volda ga i 1967 eit gamal kvernhus frå 1841 til hagen. Dette vart sett opp ved bekken. Dessverre brann kvernhuset fullstendig ned etter uforsiktig leik med fyrstikker. Johannes Nes fekk sett opp ein eksakt kopi som står ved bekken den dag i dag.

Hagen fekk og nokre skulpturar. "Gutt med gås" og "Leikande bjørnar" av Emma Mathisen. Det vart gjeve støtte frå Norsk kulturråd, men Emmy og Johannes Nes la og ut omlag kr 50000 av eigne midlar for å få til dette.

I 1969 var hagen i store trekk ferdigstilt til NRK kom og laga eit program om hagen. Frå nå av galt arbeidet stell og vedlikehald. Det var god oppslutning om dugnadar med å halde den ved like og utvikle den vidare. Frå Norges Landbruksskule kom det ved fleire høve parti med planter til utprøving. Det var stort sett Volda Hagelag som sto for dugnadane saman med mange andre, men etter kvart vart det vanskeleg å få oppslutning om dugnadane. Gartnar ved Fylkessjukehuset vart ansvarleg for det daglege vedlikehaldet. Staudene gjekk etter kvart ut sidan dei krevde mykje stell og nokre vaks ut over proposjonar og det vart naudsynt med tynning av dei fleste av vekstane.

Det har vore gjort forsøk med å merke vekstene i hagen, men sidan desse ikkje har fått stå i fred, er desse fjerna.

Kilder

  • Amdam, Rolv og Frode Græsdal 1994: Sjukehushagen i Volda gjennom 30 år. Det Norske Hageselskap avd. Møre og Romsdal.
  • Hiorth ___: All verdens planter i Norsk jord.