Sjur Hesjevoll

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 3. feb. 2016 kl. 09:34 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Sjur O. Hesjevoll (fødd 19. mars 1914, død 18. desember 1994) frå Jostedalen i Sogn og Fjordane var spelemann, biletkunstnar og tredreiar.

Hesjevoll var son av Anna Sjursdotter f. Krokgjelet og Ola Halvorson f. Fåberg. Dei fekk tolv born, og Sjur var den tiande i rekkja. Han budde på heimgarden Hesjevollen i Jostedalen fram til 1968. Då fekk han bygt seg verkstad og husvære på Stein, like ved Svoi på Øvste Hesjevoll.

Av utdanning hadde han folkeskulen. Han hadde ingen utdanning som spelemann eller kunstmålar ut over nokre brevkurs. Når det gjeld trearbeidet hadde han nok likevel godt ein god skule heime. Faren Ola var svært flink med trearbeid og kjend som ’laggar’ – ein som laga trekjøreld, som saltekjerald, ambarar, mjølkebytter, stampar og liknande. Rettleiing i målarkunsten fekk han nok av den 15 år eldre broren, lærar Hallvard Hesjevoll, som var ein kjend landskapsmålar.

Fyrste fela si fekk han som 5–6-åring, og musikken vart den største gleda hans gjennom livet. Han hadde gode læremeistrar og førebilete i dei kjende jostedalsspelemennene Johannes Ormbergstølen, Martin Halveg og Olav Sperle. I vaksen alder fekk han òg god kontakt med landskjende spelemenn som Sigbjørn Bernhoft Osa, Gjermund Haugen og Alfred Maurstad. Han deltok på sin fyrste kappleik som 16-åring, og gjennom livet vart det mange kappleikar og mange gode plasseringar, både lokalt og i landssamanheng. Han var i mange år ein av drivkreftene i Jostedal spelemannslag.

Sjur var òg aktivt med i ungdomsarbeid, mellom anna med amatørteater der han både måla kulissar, instruerte spelestykke og sminka aktørane.

Sjur Hesjevoll er gravlagd på Jostedal kyrkjegard.

I juli 2009 heldt Jostedal historielag ei stor utstilling med kunst av Sjur Hesjevoll i Jostedal samfunnshus. Same hausten kom ein cd med slåttar etter Hesjevoll.

Kjelder