Skår tåkeklokke

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. mai 2018 kl. 16:05 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Skår tåkeklokke, Tysnes i Sunnhordland.
Foto: Knut Rage (2017) ).

Skår tåkeklokke er plassert i sjøkanten ved Langenuen mellom Stord og Tysnes i Sunnhordland, i Tysnes kommune. Like ved er det ei fyrlykt som framleis er i drift. Gards- og ættesoga for Tysnes fortel at det opphavlege tårnet vart oppført mot slutten av 1800-talet. Fyrlykta er også gammal. Det gamle tårnet sto høgare oppe, på nabogarden, men vart på eit seinare tidspunkt flytta dit det står no. Frå Kystverket vert det opplyst at noverande klokketårn vart bygd i 1928 og nedlagd i februar 1975.

Den første som passa fyrlykta, var Mikkel Bergeson Økland, som døydde i 1900. Mikkel dreiv ein del heimefiske, og hadde oppsyn med fyrlykta på Skår. Deretter gjekk jobben vidare til sonen Ole Mikkelson Skår og etter han sonen Martin Skår. I dag er det hans son Ole som eig garden.

Klokke med dei tolv apostlar

Ole Skår kan fortelja mykje om klokketårnet. Her hang det ei kyrkjeklokke, omkransa av dei tolv apostlar, som dei ringde i når sikten var dårleg eller når skipstrafikken elles måtte varslast. Eit finurleg maskineri kunne få klokka til å slå i timevis. Det var ein tøff jobb å sveiva opp urverket.

Loddet hadde ei vekt på 300 kg og vart sveivd heilt opp under taket. Det var ein hard jobb. Då kunne klokka slå i seks timar.

Etter 1975 vart ikkje tårnet lenger vedlikehalde av Kystverket, og det er ikkje fritt for at det er kome noko i forfall sidan den tid. Fyrlykta derimot er framleis godt vedlikehalde. Det er mange teoriar om kvar klokka er blitt av. Nokre meiner ho i dag heng i eit kapell, andre seier at ho hamna i ei sjømannskyrkje i Amerika. Det var Kystverket som fjerna både klokka og urverket, men dei har ingenting i arkiva på dette frå før etter 1980.

Gjekk på parafin

Før fyrlykta vart elektrifisert gjekk ho på parafin, og ved klokketårnet var det eit parafinlager. Vegen frå garden ned til fyrlykta og tårnet er stupbratt, sjølv om det er murt ei trapp og eit rekkverk til å halda seg i. Det var nok ikkje berre like lett å gå ned hit i all slags uver, særleg vinters tid når det i tillegg var glatt og ein lett kunne koma på gli.

I årenes løp er det ikkje tal på kor mange båtar som har passert gjennom Langenuen, trygt losa av fyrlykta og tåkeklokka, om skodda eller snøfokket var så tett at lyset frå fyrlykta knapt var til å sjå. Men nokre har likevel gått på grunn her.

Stormklokkene er dei minst effektive signalar og vart berre brukt i innelukka farvatn der det var råd å høyra dei gjennom braket av sjøen. Klokkene vog som oftast mellom 500 og 700 kg. Det første klokketårnet her i landet vart reist i 1841, først i 1860 kom endå to klokker i drift. På det meste var det fjorten klokketårn i drift. I dag er nokre få av desse freda, klokketårnet på Skår er ikkje mellom dei. Noverande eigar meiner at no er forfallet dessutan kome så langt at ei restaurering har lite føre seg.

Kjelder

  • Norges fyrvesen gjennom 250 år. Steenske forlag, 1941.
  • Den norske los, band III. Norges sjøkartverk, 1973.
  • Tysnes gards- og ættesoge, band 1, utg.
  • Opplysningar frå Kystverket.
  • Munnlege opplysningar frå noverande eigar Ole Skår.