Skafså Fråhaldslag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Skafså Fråhaldslag var eit fråhaldslag under Det Norske Totalavholdsselskap. Laget heldt til i Skafså i Tokke kommune. I 1934 var det Gjermund Kjestveit som var formann i laget.

Fråhaldslaget oppfordra til fråhald frå alkoholhaldige drikkar, og tilbydde alkoholfrie aktivitetar til ungdom og vaksne i Skafså. Aktivitetane i laget var elles å halde lagskveldar der ein las og song songar. Laget abonnerte på fråhaldsavisa Menneskevennen.

Arkiv

Arkivet etter Skafså Fråhaldslag er ordna ved Vest-Telemark Museum. Sjå oppføring på arkivportalen.