Skinnargruva: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m ({{nn}})
m (puss)
Linje 16: Linje 16:


==Litteratur==
==Litteratur==
*[[Bruker:Arnfinn_Kjelland|Kjelland, Arnfinn]] 1991: Gruvene til Lesja jernverk. ''[[Årsskrift for Lesja historielag]]'' s. 94.
*[[Bruker:Arnfinn_Kjelland|Kjelland, Arnfinn]] 1991: «Gruvene til Lesja jernverk». ''[[Årsskrift for Lesja historielag]]'' s. 94.
*Oppslag ved gruva.
*Oppslag ved gruva.



Sideversjonen fra 14. jul. 2017 kl. 10:02

Nedgangen til sjakta ved Skinnargruva.

Skinnargruva ligg i Gruvlie (sjå kart der) og var ei av jerngruvene til Lesja jernverk Ho ligg øvst av gruvene i sjølve lia (når vi ser bort frå Fjellgruvene), på høgd med Langstudulgruva og ca 400 m aust for Gruvlisetre. Namnet på denne gruva er litt uskjønleg, for dei kjende tydingane av skinnar ser ikkje ut til å ha noko med gruvedrift å gjere.

Skinnargruva består av ei 20-25 meter lang dagstrosse som går over i ei skråsjakt i austenden. Strossa er knapt 2 meter brei på det smalaste, og ca 3 meter der sjakta går ned. Sjølve sjakta er 1,3-2 meter høg, og sommars tid er det tørt ca. 10 meter innover. Nedafor er sjakta fylt av vatn.

I dagstrossa er det fleire merker etter boring. Slike merke tyder på at det har vore nytta krutspregning for å bryte ut berget. Arbeidarane laut bore hol for hand til krutladinga, og merke etter slik boring kan i visse tilfelle nyttast til datering. Borhola ein kan sjå ved Skinnargruva har skjær som er typiske for 1700-talet, men storleik tilsvarande det som var vanleg på 1800-talet. Etter som drifta ved jernverket sannsynlegvis var slutt før 1800, kan det derfor ha vore nytta ein lokal type bor med mindre diameter enn det som er kjend frå andre gruver. Det skal likevel ha vore ei prøvedrift i nokre av gruvene i 1907, og merka kan vere frå den.

I området er det eit par andre sjakter der det har vore teke ut malm, og ein nokså stor berghald. Det er òg tufter etter hus her.

Bilde

Litteratur

Koordinater: 62.22961° N 8.45798° Ø