Skjåk: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Eksperiment)
m (Tilbakestilte endring av Jobr (samtale · blokker) til siste versjon av Siri J)
Linje 1: Linje 1:
{{Infoboks kommune
#REDIRECT [[Forside:Skjåk kommune]]
| bgfarge              =
| navn                  = Skjåk
| våpen                = 0513 Skjak komm.png
| bilde                =
| bildestr              =
| bildetekst            =
| historisknavn        =Skiaker
| kommunenummer        = 0513
| fylke                = [[Oppland]]
| administrasjonssenter = [[Bismo]]
| grunnlagt            = [[1866]]
| sammenslåing          =
| målform              = [[Nynorsk]]
| url                  = www.skjaak.kommune.no
| annet                =
}}<onlyinclude>{{thumb høyre|Skjaak.jpg|Biletet viser kommunesenteret Bismo, frå vest mot aust. Foto:Morten Kielland}}
'''[[Skjåk kommune|Skjåk]]''' er ei fjellbygd og kommune lengst vest i [[Ottadalen]], ein sidedal av [[Gudbrandsdalen]] i [[Oppland]] fylke. Kommunen vart skild ut frå [[Lom]] frå [[1. januar]] [[1866]]. Da hadde namnet skriftforma '''Skiaker'''. Ein person frå Skjåk blir kalla ein ''skjåkver''. [[Bismo]] er senteret i kommunen, på nordsida av dalen på grensa mellom dei to sokna Skjåk og [[Nordberg]]. Bygda ligg mellom fjellpartia med dei nyare namna [[Breheimen]] og [[Reinheimen]], og heile 79% av kommunens areal fell inn under nasjonalparkane med desse namna.</onlyinclude> Eller ein kan seia at fjella i Skjåk tilhøyrer nord- og vestdelen av [[Jotunheimen]]. I nord grensar Skjåk til [[Norddal]], [[Rauma]] og [[Lesja]], i aust og søraust til [[Lom]], i sør til [[Luster]] og i vest til [[Stryn]] og [[Stranda]]. Det går heilårsveg over fjellet til [[Stryn]] i [[Nordfjord]]. Sommarstid er det også veg til [[Geiranger]] på [[Sunnmøre]]. <onlyinclude>Den særs nedbørsfattige bygda er kjend for dei mange anlegga for kunstig vatning som har vore i bruk gjennom mange hundre år. Dette avspeglar seg i ordtaket «gjev Vårherre oss sol, ska' oss sjølve skaffe væte». Motivet i kommunevåpenet, akantusblomen, peikar mot treskurden og andre rike handverks- og folkekunsttradisjonar i bygda.</onlyinclude>
 
== Bygdenamnet ==
<googlemap version="0.9" lat="61.856149" lon="8.129883" type="map" zoom="7" controls="none" style="display: inline; clear: right; float: right; overflow:hidden">
61.876498, 8.371122, Skjåk
[[Skjåk kommune|Skjåk i Oppland]]
</googlemap>Bygda har fått namn etter garden Skjåk, og den opphavlege forma var ''Skeidåker''. Det tyder åkeren/plassen der ein held skeid (= leik, kappestrid). Som namn på eit større område vart «Skeidåker» venteleg teke i bruk da det vart bygd kyrkje der. Kyrkja er fyrste  gong nemnd i 1280.
 
I den kyrkjelege inndelinga fram til midten av 1700-talet omfatta ''Skjåk annekssokn'' strekninga på sørsida av Otta-elva (baksida) frå grensa til [[Lom]] til og med den på det tidspunktet vestlegaste garden Lindsheim, og alle gardane på nordsida (solsida) vestfrå til tverrelva Aura.
 
Resten av nåverande Skjåk (heile solsdia austover frå Aura) sokna til kyrkja på Hove på Ramstadstronda, som i likskap med kyrkja på Skjåk var bygd ein gong før 1280.
 
Fellesnamnet på dei to sokna Skjåk og Hove har vore ''[[Nordherad]]''. Det namnet skriv seg truleg frå ei samfunnsorganisering som går attende til førkristen tid. Som fellesnamn på bygda vart nok Nordherad delvis nytta heilt til bygda vart eige prestegjeld i 1864, og kanskje enda ei stund etter det. Men vi kan rekne med at «Skjåk» vart meir og meir einerådande etter at kyrkja på Hove vart nedlagt i [[1752]] og det vart berre eit sokn i Nordherad. Sjå meir om dette i [[Skjåk: Grender og krinsinndelingar]] og [[Skjåk i historisk-administrative inndelingar]].
 
== Geografi ==
{{Utdjupande artikkel|Skjåk: Geografi, ressursgrunnlag og næringsliv}}
I Skjåk utvidar Ottadalen seg til ein vid, open u-dal med flat dalbotn. Landskapet er forma av istida og av avsetningane frå breelver og bresjøar etter som isen trekte seg attende. Berggrunnen er nokså einsarta og består av gneis. Austdelen av bygda (hovudsoknet og den austlegaste delen av Nordberg, aust for ålmenningsgrensa) er prega av ope, samanhengande jordbrukslandskap, medan Nordberg i vest har mykje furuskog med mindre jordbruksgrender og spreidde enkeltbruk innimellom.
Gjennom hovuddalføret renn [[Otta|Otta-elva]], med utspring frå [[Djupvatnet]] på Geirangerfjellet. Einaste sidedalen med fast busetnad er [[Åstradalen]] i sørvest, med grenda [[Bråtå]]. Storelva Otta og sideelvene Framrusta (frå [[Raudalsvatnet]]) og Aura (frå Aursjoen) har vorte regulerte til kraftutvinning.
 
Lågaste punktet i Skjåk (vestenden av vatnet [[Skim]] i Ottaelva) ligg på 364 over havet. Høgaste punktet er den høgaste av Hestbrepiggane på 2172 m.o.h., og det er i alt 17 fjelltoppar over 2000 meter innan kommunegrensene.
 
Klimaet i Skjåk er spesielt på den måten at nedbøren i dalbotnen er svært låg, under 300 mm i årsgjennomsnitt. Det har gjort jordbruket heilt avhengig av kunstig vatning, og forseggjorde anlegg som leier vatn ned frå fjellet til gardane har eksistert frå gammalt av. Dei fyrste  kjeldebelegga for vatningsanlegg er frå ca. år 1600. Med folkevekst og intensivering av korndyrkinga mot slutten av 1700- og utover på 1800-talet, vart vatningsanlegga sterkt utbygde. Særleg kjend som «ingeniør» er [[Vass-Per]].
 
 
== Historisk-administrativ tilknyting ==
{{Utdjupande artikkel|Skjåk i historisk-administrative inndelingar}}
Skjåk har gjennom det meste av den kjende historia vore knytt til dei større reginale administrasjonseiningane [[Gudbrandsdalen]] og [[Nord-Gudbrandsdalen]]. Det gjeld [[futedøme]], [[sorenskriveri]], [[politidistrikt]] og [[prosti]]. I [[Leksikon:len|lenstida]] låg Gudbrandsdalen under [[Akershus len]]. Etter 1660 tilhøyrde distriktet [[Opplandenes amt]], seinare [[Kristians amt]] og [[Oppland fylke]].
 
== Folketalsutvikling ==
[[Bilde:Folketalsutviklinga i Skjaak.jpg|right|500px]]
 
{| class="wikitable"
|-
! Tidspunkt og kjelde
! Folketal
 
|-
| Høgmellomalder maksimum<br>rett før Svartedauden 1350<br>(''Skjåk bygdebok'' bd 1)
| Min. 120 bruk, 600-700 personar
|-
| Lågmål i seinmellomalderen<br>ca. år 1500<br>(''Skjåk bygdebok'' bd. 1)
| Ca. 50 bruk, 250 personar
|-
| 1664 (''Skjåk bygdebok'' bd. 2,<br>på grunnlag av prestens manntal)
| 700 personar
|-
| Folketeljinga 1769
| 1049
|-
| Folketeljinga 1801
| 1485 (i den trykte statistikken: 1367.<br>Justert i ''Skjåk bygdebok'' bd. 3.)
|-
| Folketeljinga 1815
| ca. 1450 (i den trykte statistikken: 1337.<br>Justert i ''Skjåk bygdebok'' bd. 3.)
|-
| Folketeljinga 1825
| 1875
|-
| Folketeljinga 1835
| 2137
|-
| Folketeljinga 1845
| 2159
|-
| Folketeljinga 1855
| 2477
|-
| Folketeljinga 1865
| 2691
|-
| Folketeljinga 1875
| 2623
|-
| Folketeljinga 1891
| 2477
|-
| Folketeljinga 1900
| 2318
|-
| Folketeljinga 1910
| 2166
|-
| Folketeljinga 1920
| 2282
|-
| Folketeljinga 1930
| 2444
|-
| Folketeljinga 1946
| 2990
|-
| Folketeljinga 1950
| 3028
|-
| Folketeljinga 1960
| 2868
|-
| Folketeljinga 1970
| 2571
|-
| Folketeljinga 1980
| 2623
|-
| Folketeljing/folkeregister(?) 1990
| 2612
|}
 
Etter 1990 sjå [http://www.ssb.no/kommuner/kommune_frameset.cgi?kommune=0513 Statistisk sentralbyrå]
 
== Historie ==
 
=== Forhistorisk tid ===
{{Utdjupande artikkel|Skjåks historie frå istida til år 1000}}
Bakre grense for levelege vilkår for folk i Skjåk-traktene etter istida går ved ca. år 7000 f.Kr. Dei fyrste sikre spor etter menneske der kan knytast til ein jordbrukskultur i bygda ca. 2500 f. Kr. ([[yngre steinalder]]). Gardsnamn og gravfunn vitnar om busetnad i store delar av bygda i [[eldre jernalder]], altså i dei næraste århundra rundt år 0. Eit fangstanlegg for elg er datert til 220-570 e.Kr. Ved utgangen av vikingtida ca. år 1000 kan det ha vore om lag. 60 gardar i bygda.
 
=== Mellomalderen ===
{{Utdjupande artikkel|Skjåks historie i mellomalderen (1000-1500)}}
I følgje [[Snorre Sturlason|Snorre]] vart Lom og Skjåk kristna da [[Heilag-Olav]] kom i det ærend dit i [[1021]]. Folkeveksten i [[tidleg mellomalder]] og [[høgmellomalderen]] (fram til 1350) gav grunnlag for to kyrkjesokn i det nåverande Skjåk (Hove og Skjåk), men med felles prest. Det kan ha vore meir enn 120 gardar rett før [[Svartedauden]] (1349). Befolkningskrisene i seinmellomalderen gjorde at befolkninga vart meir enn halvert. Dei to kyrkjesokna vart anneks under Lom prestegjeld.
 
=== Tidleg nytid 1500-1800 ===
{{Utdjupande artikkel|Skjåks historie 1500-1800}}
I andre halvparten av 1600-talet hadde talet på gardar og menneske på nytt nådd nivået frå høgmellomalderen. Om lag 60% av gardane var sjølvått jord. Det meste av leiglendingsgodset var ått av krona og kyrkja. I løpet av nokre tiår etter 1660 vart mykje av det offentlege godset avhendt, og snart var mest alle gardbrukarar i Skjåk sjølveigarar. Frå ca. 1730 byrja ein å utnytte den store ålmenningsskogen kommersielt. Kongen selde [[Skjåk almenning|ålmenninga]] i [[1726]], og ut århundret var ho i hendene på private forretningsfolk, det meste av tida store kjøpmenn i [[Kristiania]]. Husmannsvesenet utvikla seg frå da av. Gardbrukarane fekk brukbare overskot på sal av byggkorn til kornfattige bygder og verkssamfunn på [[Lesja]], i [[Folldal kommune|Folldalen]], på [[Røros]] og andre stader.
 
=== Tida 1800-1940 ===
{{Utdjupande artikkel|Skjåks historie 1800-1940}}
I [[1798]] gjekk gardbrukarane i Skjåk saman og kjøpte ålmenninga av [[Bernt Anker]]. Dette var ei skilsetjande storhending i bygdehistoria som har hatt djuptgripande verknader for bygda, økonomisk, sosialt og jamvel politisk.
 
Fyrst på 1800-talet opplevde Skjåk ei ganske sterk [[Leksikon:Haugianere|haugiansk vekkjingsrørsle]]. Pietismen fekk sterk motbør i [[Skjåk venstrelag|Venstre]]- og norskdomsrørsla mot slutten av århundret.
 
Skjåk vart vart eige prestegjeld frå 13. desember [[1863]]. Nordberg vart skilt ut som annekssokn frå 1. januar [[1866]], same datoen som Skjåk altså vart eiga kommune.
Jernbane gjennom [[Østerdalen]] og [[Gudbrandsdalen]], omfattande emigrasjon og andre faktorar tvinga fram store endringar i landbruket også i Skjåk etter 1880.
 
Politisk vart det danna [[Venstre]] og [[Høgre]] frå 1880-åra. [[Arbeidarpartiet]] og [[Bondepartiet]] vart organisert i 1920-åra. Arbeidarpartiet fekk fleirtal i kommunestyret frå 1935, og etter den tid har Arbeidarpartiet og Bonde-/[[Senterpartiet]] skifta på å vere det leiande partiet i bygda. Venstre («småbrukarpartiet» [[Arbeiderdemokratane]]/[[Radikale Folkeparti]]) svann inn, da veljarane gjekk til anten Arbeidarpartiet eller Bondepartiet (gardbrukarane).
 
Tida frå ca. 1914 var prega av mekanisering, motorisering og elektrifisering, og næringslivet vart meir differensiert. I [[1930]] tok [[Skjåk Almenning]] i bruk eit nytt og moderne sagbruk og eit høvleri i [[Bismo]]. Den fyrste fagforeininga i Skjåk vart skipa ved ålmenninga same året. Gardbrukarane hadde tidlegare organisert seg i [[bondelag]] og [[småbrukarlag]].
 
=== Okkupasjonsåra 1940-1945 ===
{{Utdjupande artikkel|Skjåks historie under okkupasjonen 1940-1945}}
I april [[1940]] vart bruene i Skjåk forsøkt bomba av tyskarane, utan at det lykkast. Elles vart bygda lite råka av krigshandlingar. Skjåk var blant dei bygdene som hadde relativt stor oppslutning om [[NS]] under okkupasjonen. Motstandsrørsla vart etter kvart organisert både sivilt og militært, det siste med ei milorgavdeling basert i Nordberg. Den mest dramatiske krigshendinga i Skjåk var ein Gestapo-aksjon i samband med jakta på ein milorgmann i [[Bråtå]] i mars 1945.
 
=== Historia etter 1945 ===
{{Utdjupande artikkel|Skjåks historie etter 1945}}
Folketalet i Skjåk kulminerte i 1950-åra med noko over 3000 innbyggjarar. Sidan har folkesetnaden vorte redusert til ca. 2300 (i 2009).
 
Frå om lag 1970 har Bismo vorte utvikla som kommunesenter, mellom anna med nytt kommunehus frå [[1968]] og ny ungdomsskule frå [[1975]]. Enda ei tid seinare kom det idrettshall ([[1979]]), svømmehall ([[1981]]) og kjøpesenter. Det er utbygd mange bustadfelt, og det har vorte etablert fleire bedrifter, mellom anna innan mekanisk industri der.
 
Landbruket vart «traktorifisert» frå slutten av 1950-åra, og både driftsformene og ikkje minst bygningsmassen har endra seg mykje etter den tid. Gardbrukarane i Skjåk har vorte internasjonalt kjende for griseavl. I bygda sett under eitt var i 2007 19% av yrkesbefolkninga sysselsette i primærnæringane (jord og skogbruk), 25 % i sekundærnæringane (industri, bygg og anlegg) og 55% i tertiærnæringane (administrasjon, tenesteyting, varehandel og reiseliv). Jakt og friluftsliv og opplevingsferie har vorte satsingsområde. Dette har fått auka aktualitet etter at nasjonalparkane [[Reinheimen]] og [[Breheimen]] vart opna ([[2006]] og [[2009]]). Det meste av høgfjellsområdet til Skjåk almenning er inkludert i desse nasjonalparkane.
 
== Kultur, kunst og handverk ==
{{Utdjupande artikkel|Kultur, kunst og handverk i Skjåk}}
Det er etter måten talrike funn av gjenstandar frå jernaldergraver i bygda, men det er vanskeleg å slå fast kor mykje av dette – om noko - som har vore produsert i bygda. Frå 1500- og 1600-talet er det bevart mange biletvevnader ([[Leksikon:Flamsk|flamskvev]]), mest med bibelske motiv. Desse har utan særleg tvil vore skapte av folk i Skjåk og grannebygdene. Særleg frå andre halvparten av 1700-talet har treskjerarkunsten vorte eit dominerande uttrykk innan kunst- og husflidsektoren, med namn som [[Skjåk-Ola]] (Ola Rasmussen Skjåk eller Teigroen 1744-1803) og [[Sylfest Nilsen Skrinde]] (1732-1785) blant dei fremste. Folkemusikken, særleg felespelet, har vore dyrka. Det mest kjende namnet her er [[Fel-Jakup]] eller Jakup Lom (1821-1876). Frå 1900-talet kan nemnast [[Torkjell Auale]] (1863-1940), [[Kristen Vang]] (1902-1979) og [[Rikard Skjelkvåle]] (1890-1976).
Det er to landskjende diktarar frå Skjåk, [[Tore Ørjasæter]] (1889-1968) og [[Jan-Magnus Bruheim]] (1914-1988)
 
== Ordførarar ==
{{Utdjupande artikkel|Ordførarar i Skjåk kommune}}
Medan Skjåk var ein del av [[Lom kommune]] frå 1838 til 1865, var ingen av ordførarane frå Skjåk. Derimot var skjåkverane [[Ola Persen Ånstad]] (haugianaren "Ånstad-Sygn") og [[Ole Sivertsen Hyrve]] varaordførarar. I det fyrste tiåret som sjølvstendig kommune vart soknepresten [[Otto Ottesen]] vald til ordførar. Etter hans tid har det vore ein overveldande dominans av gardbrukarar i rekkja, knytta til [[Venstre]] og [[Bondepartiet]]/[[Senterpartiet]]. Den einaste arbeidaren blant ordførarane har vore [[Ole O. Langleite]], og han er også den eine av berre to sosialistiske ordførarar i ei bygd der Arbeidarpartiet og Bondepartiet/Senterpartiet har vore nokså jamvektige alt frå 1930-åra av. Den fyrste og hittil einaste kvinneleg ordføraren er [[Margit Grimstad Lien]] (1988-1995).
 
== Kjende personar frå Skjåk ==
* [[Jan Magnus Bruheim]] (1914-1988)
* [[Fel-Jakup]] (1821-1876), felespelar
* [[Skjåk-Ola]] (1744-1803), treskjerar
* [[Sylvester Sivertson]] (1809-1847), pressemann, forfattar og samfunnsdebattant
* [[Tore Ørjasæter]] (1889-1968), forfattar, mest kjend som lyrikar
* [[Vass-Per]] (1782-1846), oppfinnar, ekspert på vatningsanlegg
 
 
== Kjelder og litteratur ==
* Hosar, Hans P.: ''Skjåk bygdebok, 1-3'', Skjåk kommune 1994, 1995, 1998 ISBN 82-993371-0-0
* [http://www.skjaak.kommune.no/ Skjåk kommune sin nettstad]
* {{SNL-artikkel|http://www.snl.no/Skj%C3%A5k|Skjåk}}
 
[[Kategori:Skjåk kommune| ]]
[[Kategori:Kommuner i Oppland]]
[[Kategori:Gudbrandsdalen]]
 
{{F2}}
 
{{ikke kommune}}

Sideversjonen fra 23. jun. 2012 kl. 04:49

Omdirigering til: