Skjåk kommune: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Tillegg på kjelder)
(Tilleggsopplysningar)
Linje 1: Linje 1:
{{Under arbeid}}
{{Infoboks kommune
{{Infoboks kommune
| bgfarge              =  
| bgfarge              =  
Linje 200: Linje 198:
Landbruket vart «traktorifisert» frå slutten av 1950-åra, og både driftsformene og ikkje minst bygningsmassen har endra seg mykje etter den tid. Gardbrukarane i Skjåk har vorte internasjonalt kjende for griseavl. I bygda sett under eitt var i 2007 19% av yrkesbefolkninga sysselsette i primærnæringane (jord og skogbruk), 25 % i sekundærnæringane (industri, bygg og anlegg) og 55% i tertiærnæringane (administrasjon, tenesteyting, varehandel og reiseliv). Jakt og friluftsliv og opplevingsferie har vorte satsingsområde. Dette har fått auka aktualitet etter at nasjonalparkane [[Reinheimen]] og [[Breheimen]] vart opna ([[2006]] og [[2009]]). Det meste av høgfjellsområdet til Skjåk almenning er inkludert i desse nasjonalparkane.
Landbruket vart «traktorifisert» frå slutten av 1950-åra, og både driftsformene og ikkje minst bygningsmassen har endra seg mykje etter den tid. Gardbrukarane i Skjåk har vorte internasjonalt kjende for griseavl. I bygda sett under eitt var i 2007 19% av yrkesbefolkninga sysselsette i primærnæringane (jord og skogbruk), 25 % i sekundærnæringane (industri, bygg og anlegg) og 55% i tertiærnæringane (administrasjon, tenesteyting, varehandel og reiseliv). Jakt og friluftsliv og opplevingsferie har vorte satsingsområde. Dette har fått auka aktualitet etter at nasjonalparkane [[Reinheimen]] og [[Breheimen]] vart opna ([[2006]] og [[2009]]). Det meste av høgfjellsområdet til Skjåk almenning er inkludert i desse nasjonalparkane.
:''Utdjupande artikkel: [[Skjåks historie etter 1945]]''
:''Utdjupande artikkel: [[Skjåks historie etter 1945]]''




== Kunst og kultur ==
== Kunst og kultur ==
Det er etter måten talrike funn av gjenstandar frå jernaldergraver i bygda, men det er vanskeleg å slå fast kor mykje av dette – om noko - som har vore produsert i bygda. Frå 1500- og 1600-talet er det bevart mange biletvevnader ([[Leksikon:Flamsk|flamskvev]]), mest med bibelske motiv. Desse har utan særleg tvil vore skapte av folk i Skjåk og grannebygdene. Særleg frå andre halvparten av 1700-talet har treskjerarkunsten vorte eit dominerande uttrykk innan kunst- og husflidsektoren, med namn som [[Skjåk-Ola]] (Ola Rasmussen Skjåk/Teigroen 1744-1803) og [[Sylfest Nilsen Skrinde]] (1732-1785) blant dei fremste. Folkemusikken, særleg felespelet, har vore dyrka. Det mest kjende namnet her er [[Fel-Jakup]] eller Jakup Lom (1821-1876). Frå 1900-talet kan nemnast [[Torkjell Auale]] (1863-1940), [[Kristen Vang]] (1902-1979) og [[Rikard Skjelkvåle]] (1890-1976).
Det er etter måten talrike funn av gjenstandar frå jernaldergraver i bygda, men det er vanskeleg å slå fast kor mykje av dette – om noko - som har vore produsert i bygda. Frå 1500- og 1600-talet er det bevart mange biletvevnader ([[Leksikon:Flamsk|flamskvev]]), mest med bibelske motiv. Desse har utan særleg tvil vore skapte av folk i Skjåk og grannebygdene. Særleg frå andre halvparten av 1700-talet har treskjerarkunsten vorte eit dominerande uttrykk innan kunst- og husflidsektoren, med namn som [[Skjåk-Ola]] (Ola Rasmussen Skjåk eller Teigroen 1744-1803) og [[Sylfest Nilsen Skrinde]] (1732-1785) blant dei fremste. Folkemusikken, særleg felespelet, har vore dyrka. Det mest kjende namnet her er [[Fel-Jakup]] eller Jakup Lom (1821-1876). Frå 1900-talet kan nemnast [[Torkjell Auale]] (1863-1940), [[Kristen Vang]] (1902-1979) og [[Rikard Skjelkvåle]] (1890-1976).
Det er to landskjende diktarar frå Skjåk, [[Tore Ørjasæter]] (1889-1968) og [[Jan-Magnus Bruheim]] (1914-1988)
Det er to landskjende diktarar frå Skjåk, [[Tore Ørjasæter]] (1889-1968) og [[Jan-Magnus Bruheim]] (1914-1988)


==Litteratur==
 
== Kjende personar frå Skjåk ==
 
* [[Jan Magnus Bruheim]] (1914-1988)
* [[Fel-Jakup]] (1821-1876), felespelar
* [[Skjåk-Ola]] (1744-1803), treskjerar
* [[Sylvester Sivertson]](1809-1847), pressemann, forfattar og samfunnsdebattant
* [[Tore Ørjasæter]] (1889-1968), forfattar, mest kjend som lyrikar
* [[Vass-Per]] (1782-1846), oppfinnar, ekspert på vatningsanlegg
 
 
==Kjelder==


* Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok, 1-3, Skjåk kommune 1994, 1995, 1998  
* Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok, 1-3, Skjåk kommune 1994, 1995, 1998  

Sideversjonen fra 18. des. 2009 kl. 12:54

Skjåk
0513 Skjak komm.png
Basisdata
Kommunenummer 0513
Fylke Oppland
Kommunesenter Bismo
Areal 98.83  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 98.83  km²
Folketall ukjent kode (2023)
Grunnlagt 1866
Målform Nynorsk
Nettside Nettside
Liste over ordførarar

Mal:Thumb høyre Skjåk er ei fjellbygd og kommune lengst vest i Ottadalen, ein sidedal av Gudbrandsdalen i Oppland fylke. Kommunen vart skild ut frå Lom 1. januar 1866, og hadde da skriftforma Skiaker. Ein person frå Skjåk blir kalla ein skjåkver. Bismo er senteret i kommunen, på nordsida av dalen på grensa mellom dei to sokna i Skjåk prestegjeld, Skjåk og Nordberg. Bygda ligg mellom fjellpartia med dei nyare namna Breheimen og Reinheimen. Eller ein kan seia at fjella i Skjåk tilhøyrer nord- og vestdelen av Jotunheimen. I nord grensar Skjåk til Norddal, Rauma og Lesja, i aust og søraust til Lom, i sør til Luster og i vest til Stryn og Stranda. Det går heilårsveg over fjellet til Stryn i Nordfjord Sommarstid er det også veg til GeirangerSunnmøre. Den særs nedbørsfattige bygda er kjend for dei mange anlegga for kunstig vatning som har vore i bruk gjennom mange hundre år. Dette avspeglar seg i ordtaket "gjev Vårherre oss sol, ska' oss sjølve skaffe væte". Motivet i kommunevåpenet, akantusblomen, peikar mot treskurden og andre rike handverks- og folkekunsttradisjonane i bygda.

Bygdenamnet

Bygda har fått namn etter garden Skjåk (Uppigard og Nigard), og den opphavlege forma var Skeidåker. Det tyder åkeren/plassen der ein held skeid (= leik, kappestrid). Som namn på eit større område vart «Skeidåker» venteleg teke i bruk da det vart bygd kyrkje der, ein gong i tidleg mellomalder eller i høgmellomalderen. I den kyrkjelege inndelinga fram til midten av 1700-talet omfatta Skjåk annekssokn strekninga på sørsida av Otta-elva (baksida) frå grensa til Lom til og med den på det tidspunktet vestlegaste garden Lindsheim, og alle gardane på nordsida (solsida) vestfrå til tverrelva Aura. Resten av nåverande Skjåk sokna til kyrkja på Hove på Ramstadstronda, som i likskap med kyrkja på Skjåk kom til ein gong før 1280. Fellesnamnet på dei to sokna Skjåk og Hove har vore Nordherad. Det namnet skriv seg truleg frå ei samfunnsorganisering som går attende til førkristen tid. Som fellesnamn på bygda vart nok Nordherad delvis nytta heilt til bygda vart eige prestegjeld i 1864, og kanskje enda ei stund etter det. Men vi kan rekne med at «Skjåk» vart meir og meir einerådande etter at kyrkja på Hove vart nedlagt i 1752 og det vart berre eit sokn i Nordherad. Sjå meir om dette i Skjåk: Grender og krinsinndelingar og Skjåk i historisk-administrative inndelingar


Geografi

I Skjåk utvidar Ottadalen seg til ein vid, open u-dal med flat dalbotn. Landskapet er forma av istida og av avsetningane frå breelver og bresjøar etter som isen trekte seg attende. Berggrunnen er nokså einsarta og består av gneis. Austdelen av bygda (hovudsoknet og den austlegaste delen av Nordberg, aust for ålmenningsgrensa) er prega av ope, samanhengande jordbrukslandskap, medan Nordberg i vest har mykje furuskog med mindre jordbruksgrender og spreidde enkeltbruk innimellom.

Gjennom hovuddalføret renn Otta-elva, med utspring frå Djupvatnet på Geirangerfjellet. Einaste sidedalen med fast busetnad innan kommunen, er Åstradalen i sørvest, med grenda Bråtå. Storelva Otta, og sideelvene Framrusta (Raudalsvatnet) og Aura (Aursjoen) har vorte regulerte til kraftutvinning.

Lågaste punktet i Skjåk (vestenden av vatnet Skim i Ottaelva) ligg på 364 over havet. Høgaste punktet er den høgaste av Hestbrepiggane på 2172 m.o.h., og det er i alt 17 fjelltoppar over 2000 meter innan kommunegrensene.


<googlemap version="0.9" lat="61.856149" lon="8.129883" type="map" zoom="7">

61.876498, 8.371122, Skjåk Skjåk i Oppland

</googlemap>


Skjaak Arealtyper.jpg

Arealet på 2079 km2 fordeler seg slik:

Arealtype Dekar Prosent av

totalareal

Snaufjell 1.651.050 79,4
Skogareal 173.000 8,4
Brear 124.860 6,0
Myrer 4.940 0,2
Vassdrag 100.190 4,8
Innmark 25.000 1,2
Totalt areal 2.079.040 100

Klimaet i Skjåk er spesielt på den måten at nedbøren i dalbotnen er svært låg, under 300 mm i årsgjennomsnitt. Det har gjort jordbruket heilt avhengig av kunstig vatning, og forseggjorde anlegg som leier vatn ned frå fjellet til gardane har eksistert frå gammalt av. Dei fyrste kjeldebelegga for vatningsanlegg er frå ca. år 1600. Med folkevekst og intensivering av korndyrkinga mot slutten av 1700- og utover på 1800-talet, vart vatningsanlegga sterkt utbygde. Særleg kjend som «ingeniør» er Vass-Per.

Utdjupande artikkel: Skjåk: Geografi, ressursgrunnlag og næringsliv

Historisk-administrativ tilknyting

Skjåk har gjennom det meste av den kjende historia vore knytt til dei større reginale administrasjonseiningane Gudbrandsdalen og Nord-Gudbrandsdalen. Det gjeld futedøme, sorenskriveri, politidistrikt og prosti. I lenstida låg Gudbrandsdalen under Akershus len. Etter 1660 tilhøyrde distriktet Opplandenes amt, seinare Kristians amt og Oppland fylke.

Utdjupande artikkel: Skjåk i historisk-administrative inndelingar

Folketalsutvikling

Folketalsutviklinga i Skjaak.jpg
Tidspunkt og kjelde Folketal
Høgmellomalder maksimum
rett før Svartedauden 1350
(Skjåk bygdebok bd 1)
Min. 120 bruk, 600-700 personar
Lågmål i seinmellomalderen
ca. år 1500
(Skjåk bygdebok bd. 1)
Ca. 50 bruk, 250 personar
1664 (Skjåk bygdebok bd. 2,
på grunnlag av prestens manntal)
700 personar
Folketeljinga 1769 1049
Folketeljinga 1801 1485 (i den trykte statistikken: 1367.
Justert i Skjåk bygdebok bd. 3.)
Folketeljinga 1815 ca. 1450 (i den trykte statistikken: 1337.
Justert i Skjåk bygdebok bd. 3.)
Folketeljinga 1825 1875
Folketeljinga 1835 2137
Folketeljinga 1845 2159
Folketeljinga 1855 2477
Folketeljinga 1865 2691
Folketeljinga 1875 2623
Folketeljinga 1891 2477
Folketeljinga 1900 2318
Folketeljinga 1910 2166
Folketeljinga 1920 2282
Folketeljinga 1930 2444
Folketeljinga 1946 2990
Folketeljinga 1950 3028
Folketeljinga 1960 2868
Folketeljinga 1970 2571
Folketeljinga 1980 2623
Folketeljing/folkeregister(?) 1990 2612

Etter 1990 sjå Statistisk sentralbyrå

Historie

Bakre grense for levelege vilkår for folk i Skjåk-traktene etter istida går ved ca. år 7000 f.Kr. Dei fyrste sikre spor etter menneske der kan knytast til ein jordbrukskultur i bygda ca. 2500 f. Kr. (yngre steinalder). Gardsnamn og gravfunn vitnar om busetnad i store delar av bygda i eldre jernalder, altså i dei næraste århundra rundt år 0. Eit fangstanlegg for elg er datert til 220-570 e.Kr. Ved utgangen av vikingtida ca. år 1000 kan det ha vore om lag. 60 gardar i bygda.

Utdjupande artikkel: Skjåks historie frå istida til år 1000

I følgje Snorre vart Lom og Skjåk kristna da Heilag-Olav kom i det ærend hit i 1021. Folkeveksten i tidleg mellomalder og høgmellomalderen (fram til 1350) gav grunnlag for to kyrkjesokn i det nåverande Skjåk (Hove og Skjåk), men med felles prest. Det kan ha vore meir enn 120 gardar rett før Svartedauden (1349). Befolkningskrisene i seinmellomalderen gjorde at befolkninga vart meir enn halvert. Dei to kyrkjesokna vart anneks under Lom prestegjeld.

Utdjupande artikkel: Skjåks historie i mellomalderen (1000-1500)

I andre halvparten av 1600-talet hadde talet på gardar og menneske på nytt nådd nivået frå høgmellomalderen. Om lag 60% av gardane var sjølveigd jord. Det meste av leiglendingsgodset var ått av krona og kyrkja. I løpet av nokre tiår etter 1660 vart mykje av det offentlege godset avhendt, og snart var mest alle gardbrukarar i Skjåk sjølveigarar. Frå ca. 1730 byrja ein å utnytte den store ålmenningsskogen kommersielt. Kongen selde ålmenninga i 1726, og ut århundret var ho i hendene på private forretningsfolk, det meste av tida store kjøpmenn i Kristiania. Husmannsvesenet utvikla seg frå da av. Gardbrukarane fekk brukbare overskot på sal av byggkorn til kornfattige bygder og verkssamfunn på Lesja, i Folldalen, på Røros og andre stader.

Utdjupande artikkel: Skjåks historie 1500-1800

I 1798 gjekk gardbrukarane i Skjåk saman og kjøpte ålmenninga av Bernt Anker. Dette var ei skilsetjande storhending i bygdehistoria som har hatt djuptgripande verknader for bygda, økonomisk, sosialt og jamvel politisk.

Fyrst på 1800-talet opplevde Skjåk ei ganske sterk haugiansk vekkjingsrørsle. Pietismen fekk sterk motbør i Venstre- og norskdomsrørsla mot slutten av århundret.

Skjåk vart vart eige prestegjeld frå 13. desember 1863. Nordberg vart skilt ut som annekssokn frå 1. januar 1866, same datoen som Skjåk altså vart eiga kommune.

Jernbane gjennom Østerdalen og Gudbrandsdalen, omfattande emigrasjon og andre faktorar tvinga fram store endringar i landbruket også i Skjåk etter 1880. Tida frå ca. 1914 er prega av mekanisering, motorisering og elektrifisering, og næringslivet blir meir differensiert. I 1930 tok Skjåk Almenning i bruk eit nytt og moderne sagbruk og eit høvleri i Bismo. Den fyrste fagforeininga i Skjåk vart skipa ved ålmenninga same året. Gardbrukarane hadde tidlegare organisert seg i bondelag og småbrukarlag.

Politisk vart det danna Venstre og Høgre frå 1880-åra. Arbeidarpartiet og Bondepartiet vart organisert i 1920-åra. Arbeidarpartiet fekk fleirtal i kommunestyret frå 1935, og etter den tid har Arbeidarpartiet og Bonde-/Senterpartiet skifta på å vere det leiande partiet i bygda.

Utdjupande artikkel: Skjåks historie 1800-1940

I april 1940 vart bruene i Skjåk forsøkt bomba av tyskarane, utan at det lykkast. Elles vart bygda lite råka av krigshandlingar. Skjåk var blant dei bygdene som hadde relativt stor oppslutning om NS under okkupasjonen. Motstandsrørsla vart etter kvart organisert både sivilt og militært, det siste med ei milorgavdeling basert i Nordberg. Den mest dramatiske krigshendinga i Skjåk var ein Gestapo-aksjon i samband med jakta på ein milorgmann i Bråtå i mars 1945.

Utdjupande artikkel: Skjåks historie under okkupasjonen 1940-1945

Folketalet i Skjåk kulminerte i 1950-åra med noko over 3000 innbyggjarar. Sidan har folkesetnaden vorte redusert til ca. 2300 (2009).

Frå om lag 1970 har Bismo vorte utvikla som kommunesenter, mellom anna med nytt kommunehus frå 1968 og ny ungdomsskule frå 1975. Enda ei tid seinare kom det idrettshall (1979), svømmehall (1981) og kjøpesenter. Det er utbygd mange bustadfelt, og det har vorte etablert fleire bedrifter, mellom anna innan mekanisk industri der.

Landbruket vart «traktorifisert» frå slutten av 1950-åra, og både driftsformene og ikkje minst bygningsmassen har endra seg mykje etter den tid. Gardbrukarane i Skjåk har vorte internasjonalt kjende for griseavl. I bygda sett under eitt var i 2007 19% av yrkesbefolkninga sysselsette i primærnæringane (jord og skogbruk), 25 % i sekundærnæringane (industri, bygg og anlegg) og 55% i tertiærnæringane (administrasjon, tenesteyting, varehandel og reiseliv). Jakt og friluftsliv og opplevingsferie har vorte satsingsområde. Dette har fått auka aktualitet etter at nasjonalparkane Reinheimen og Breheimen vart opna (2006 og 2009). Det meste av høgfjellsområdet til Skjåk almenning er inkludert i desse nasjonalparkane.

Utdjupande artikkel: Skjåks historie etter 1945


Kunst og kultur

Det er etter måten talrike funn av gjenstandar frå jernaldergraver i bygda, men det er vanskeleg å slå fast kor mykje av dette – om noko - som har vore produsert i bygda. Frå 1500- og 1600-talet er det bevart mange biletvevnader (flamskvev), mest med bibelske motiv. Desse har utan særleg tvil vore skapte av folk i Skjåk og grannebygdene. Særleg frå andre halvparten av 1700-talet har treskjerarkunsten vorte eit dominerande uttrykk innan kunst- og husflidsektoren, med namn som Skjåk-Ola (Ola Rasmussen Skjåk eller Teigroen 1744-1803) og Sylfest Nilsen Skrinde (1732-1785) blant dei fremste. Folkemusikken, særleg felespelet, har vore dyrka. Det mest kjende namnet her er Fel-Jakup eller Jakup Lom (1821-1876). Frå 1900-talet kan nemnast Torkjell Auale (1863-1940), Kristen Vang (1902-1979) og Rikard Skjelkvåle (1890-1976). Det er to landskjende diktarar frå Skjåk, Tore Ørjasæter (1889-1968) og Jan-Magnus Bruheim (1914-1988)


Kjende personar frå Skjåk


Kjelder