Skjåk sokn og prestegjeld

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyreSkjåk sokn og prestegjeld har gjennom historia omfatta heile eller delar av det som i dag ligg under Skjåk kyrkjelege fellesråd, geografisk samanfallande med Skjåk kommune. Fellesrådet administrerer i dag to kyrkjelydar, Skjåk og Nordberg, og tilhøyrer Nord-Gudbrandsdal prosti.

Mellomalderen

Seinast frå ca. 1280, men sikkert ein god del tidlegare, var det to kyrkjer i nåverande Skjåk, på gardane Skjåk på Skjåkstrond og Hove på Ramstadstrond (Hovsstrond). Dei hadde felles prest, å døme etter eit diplom frå 1343, da presten Gunnar grenimæidr (granlegg) blir sagt å ha songe i båe kyrkjene for ca. 60 år sidan. I 1363 er det i eit diplom nemnt tre sokn i nåverande Skjåk: Skjåk, «Bøær» (Bøje?) og Geilo. Geilo kyrkjesokn er også nemnt i 1436. Bøje er nabogard til Hove, og det er funne restar etter ein kyrkjegard der. Truleg har Hove og Bøje vore brukte som namn på same kyrkjesoknet. Etter svartedauden vart kyrkjene i nåverande Skjåk annekskyrkjer under Lom hovudkyrkje.

To annekssokn: Skjåk og Hove til 1752

I 1590-åra reknar biskop Jens Nilssøn opp tre anneks under Lomskyrkja: «Hoff, Skeager og Garmo». (Garmo er i nåverande Lom kommune.)

I 1668 er sokneinndelinga i nåverande Skjåk slik: Skjåk anneks omfatta sørsida av Ottaelva (baksida) frå og med Risheim til og med Lindsheim, som i 1668 var den nørdste (vestlegaste) garden i bygda. På nordsida av elva (solsida) sokna alle gardane vest for tverrelva Aura til Skjåk-kyrkja. Hove anneks dekte da nordsida av Ottaelva frå Aura til og med Bakkomsgrenda. Kanskje var også gardane Staurust på solsida og Synstnes, Nørstnes og Stusnes på baksida, som i dag ligg Lom, inkluderte i høvesvis Hove og Skjåk annekssokn.

Frå 1752 vart Hove og Skjåk slege saman til eitt annekssokn, med namn etter den nye Skjåk-kyrkja som stod ferdig det året. Dei gamle kyrkjebygningane på Skjåk og Hove var til nedfalls og vart rivne.

Skjåk annekssokn 1752-1863

Skjåk hadde altså status som annekssokn under Lom i eit drygt hundreår. Ved kongeleg resolusjon 4. august 1863 vart Skjåk utskild som eige prestegjeld, med verknad frå 13. desember same år. Cand. theol. Otto Ottesen vart utnemnd til sokneprest i det nye kallet.

Skjåk prestegjeld og hovudsokn 1863-2004

I vestdelen av bygda vart det reist ei ny kyrkje, Nordberg kyrkje, som stod ferdig i 1864 og vart innvigd 7. juli det året. Ved kongeleg resolusjon 23. september 1865, med verknad frå nyttår 1866, vart det nye Skjåk prestegjeld delt i to sokn. Hovudsoknet gjekk frå grensa til Lom til Teigom på baksida og Skei på solsida. Nordberg anneks omfatta alle grendene vest for denne linja.

Frå 2004 er det dei tidlegare sokneråda for høvesvis Skjåk og Nordberg avløyst av Skjåk og Nordberg kyrkjelege fellesråd.

Kjelder og litteratur

  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok 1-3, Skjåk kommune 1994-1998.