Skjåk venstrelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Skjåk venstrelag var lokallag av partiet Venstre i Skjåk kommune. Det vart stifta den 2. januar 1884, truleg under namnet Skiaker Venstreforening. Dette skjedde nesten ein månad før landssamskipnaden Norges venstreforening konstituerte seg den 28. januar. Etter at lokallaget eit par gonger hadde gått i stå, vart det starta opp att i 1894 og 1909. Frå 1913 kan det ha vore eigne lag i kvart av dei to sokna Skjåk og Nordberg. Den lokale partiorganisasjonen synest å ha opphøyrt ein gong i 1930-åra.

Den fyrste organiseringa 1884

Stiftingsmøtet andre nyttårsdag 1884 fann stad på garden Skjelkvåle. I følgje Peder P. Skamsers samtidige dagbokinnførsel var det «200 mænd» til stades. Foredragshaldarar var stortingsmann Sigurd Blekastad og varamann til Stortinget Christian Horne. Hovudtema for dagen var vetostriden. Det hadde i åra i førevegen pågått ein kvass politisk strid ikkje berre på rikspolitisk plan, men lokalt i bygda, mellom anna knytt til myrmannsvesenet og det såkalla Opprob til Christendommens Venner i vort Land frå året før.

Ole Sivertsen Hyrve frå annekset Nordberg vart vald til fyrste leiar i laget. Det teikna seg 63 medlemmer under og rett etter stiftingsmøtet. Blant desse var ordføraren i bygda, Christian A. Hjelter, som var den mest markante venstreleiaren frå hovudsoknet. Båe Ole Sivertsen og «Hjeltar’n» hadde stått i fronten i striden i dei føregåande åra. Hjelter hadde mellom anna bygsla bort parsellar av eigedomen sin for å skaffe røysterett til nokre av tilhengarane sine. Ole Sivertsen hadde vore i skarp polemikk mot sentrale personar i det kristne miljøet i Nordberg som offentleg hadde slutta seg til oppropet til kristendommens vener.

Skiaker Venstreforening 1894

Den 29. april 1894 vart laget revitalisert ved skiping av Skiaker Venstreforening. Medlemstalet kom nå opp i ca. 110. Leiar var Ola O. Skjaak, gardbrukar i Øvre Brekk. Nevøen Ola Gudbrandsen Skjaak, på det tidspunktet gardbrukar på Sygard Ånstad, var med i styret saman med småbrukar Sylfest Hansen Skrindsveen, lærar Lars Hørven og handelsmann og småbrukar Svend Aaboen.

Skiaaker Venstrelag 1909

Laget vart starta for tredje gong våren 1909, nå med namnet Skiaaker Venstrelag. Dette skjedde året etter at partiet vart splitta på landsbasis. Høgrefløya hadde vorte avskala og danna Frisinnede Venstre, medan organisasjonen for øvrig vart ståande att som «det konsoliderte Venstre». Det er grunn til å tru at det nye lokallaget i Skjåk halla mot det konsoliderte partiet.

I Oppland var det nå elles ei retning av Venstre som danna eit eige parti, Arbeiderdemokratene (seinare Radikale folkeparti) under leiing av Johan Castberg. To av styremedlemmene som vart valde ved skipinga i Skiaaker Venstrelag 1909 markerte seg seinare som representantar for Arbeiderdemokratene/Radikale folkeparti da det byrja kome partilister ved kommunevala i bygda nokre år seinare. Det var lærar og kyrkjesongar Kolbein Skaare i Nordberg og gardbrukar og postopnar Ola O. Aanstad (Sygard Ånstad).

Både i fylket og lokalt i Skjåk vart det meir og meir synleg ei kløyving i venstrerørsla mellom eit «småbrukarvenstre» (Arbeiderdemokratene) og eit «bondevenstre». Det siste skulle bli rekrutteringsmark for Bondepartiet i 1920-åra.

Frå resultatet av stortingsvalet i 1912 får vi ein peikepinn om det lokale styrkeforholdet mellom fløyane i Skjåk, sjølv om biletet blir uklårt som følgje av felleslister på båe sider. Det var 178 personar som stemte for gardbrukar Landheim frå Dovre, som stilte for Venstre og Arbeiderdemokratene, og 152 stemte for sorenskrivar Qvigstad, som var kandidat for Høire og Frisinnede Venstre i fylket.

Venstreorganisering i Nordberg

Det er elles ikkje lett å få oversyn over det organisatoriske forholdet mellom Venstre og Arbeiderdemokratene/Radikale folkeparti i Skjåk. Svend Aaboen noterer i dagboka si for 5. januar 1913 at han hadde vore på møte i losjehuset Framtidsheim «til konstitution av et venstre og arbeiderlag».

I byrjinga av februar det same året noterer han at det hadde vore møte i laget om «skogstyrevalget». Interessemotsetningar i forvaltninga av Skjåk Almenning var blitt skjerpa i den næraste tida føreåt. Motsetningane gjekk mellom småbrukarar med berre bruksrett og gardbrukarar med eigedomsrett i tillegg til bruksretten. Aaboen og fleire andre sentrale venstrefolk sat i styret for Skjaak bruksretsforening, som var skipa i desember 1911.

I 1914 noterer Aaboen at han og eit par andre frå Nordberg hadde vore på møte sør i bygda i «Skjaak venstrelag».

Valordninga innebar at det vart stilte eigne lister i kvart dei to valsokna i kommunen, Skjåk og Nordberg. Det gjer det naturleg å tenkje seg at det også var eigne partilag i dei to delane av bygda, moglegvis også med ei fellesforeining for heile kommunen.

Venstrelister ved kommunevala

Nemningane på venstrelistene ved kommunevala i mellomkrigstida synest også å indikere at det eksisterte både eit «Venstre» og eit «folkeparti» i bygda. Men kor vidt eller korleis dette har gjeve seg organisatoriske utslag er uvisst. I alle høve stilte dei felles lister ved kommunevala.

Listene hadde desse namna (med mindre variasjonar i avisene Gudbrandsdølen, Gudbrandsdalens Folkeblad og Dagningen som opplysningane er henta frå):

  • 1919: «Venstre og Arbeiderdemokratene» i båe sokna.
  • 1922: «Venstre og Radikale folkeparti» også i båe sokna.
  • 1925: «Småbrukere og Radikale folkeparti» i Skjåk, framleis «Venstre og Radikale folkeparti» i Nordberg.
  • 1928: Småbrukar- og arbeidarliste i båe sokna (Venstre, Radikale folkeparti og Det norske arbeiderparti)
  • 1931: Igjen «Venstre og Radikale folkeparti» i båe valsokna.

Valet i 1931 er det siste Venstre stilte liste til i Skjåk kommune, og venteleg har også venstrelaget eller -laga opphøyrt kortare eller lengre tid etterpå.

Kjelder og litteratur

  • Hosar, Hans P.: «Klasse, grend, kjønn? Danning av delkulturar blant bygdefolket i Skjåk 1800-1940», i Bygdesamfunnet - en sammensatt helhet, Norsk lokalhistorisk institutt, Oslo 1991.
  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok band 3, Skjåk kommune 1998.
  • Svend Aaboens dagbok 1906-1941, i privat eige, kopi i bygdebokarkivet i Norddalsarkivet avdeling Skjåk.