Skjåks historie 1500-1800

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

I andre halvparten av 1600-talet hadde talet på gardar og menneske på nytt nådd nivået frå høgmellomalderen. Bygda var prega av etter måten jamstore bondegardar. Om lag 60% av dette var sjølveigd jord. Leiglendingsjorda var i hovudsak i offentleg eige (krone og kyrkje). Etter 1660 vart mykje av det offentlege godset avhendt, og i løpet av nokre tiår var 9 av 10 gardbrukarar i Skjåk vortne sjølveigarar.

Jordbruksdrifta var halvnomadisk, i den forstand at buskapen vart oppfødd i eit system av vår- og hauststølar i stor mon på gamle øydegardar, og på setrer opp mot høgfjellet om sommaren.

Om det var sjølveigde og etter måten jamstore gardar, var det likevel openbert at det fanst eit bondearistokratisk sjikt med tette slektsband til tilsvarande sosiale grupper utover i Gudbrandsdalen og nedover Austlandet. Denne bygdeeliten heva seg markant over dei mindre ættestore og mindre bemidla familiar mellom anna på dei gjenrydda bruka i øydegrendene frå seinmellomalderen. Det fanst også eit proletarsjikt av «betlersker og løsgjængere». Ei kvinne frå dette sjiktet, Marit Trulsdotter, vart i 1621 dømd som heks og brend på bål.

Bergverksdrift rundt Dovre-platået, kommersiell skogsdrift langt innover i landet og utbygging av statsapparatet på 1600-talet gav avsetnadsutvegar også for bøndene i Skjåk. Dei byrja å avhende husdyravdrått og hestar på dei tradisjonelle marknadsplassane, særleg i Romsdalen og i Kristiania. Og dei tok så smått til å selja korn ut av bygda, noko som kom til å bli svært viktig i bygdeøkonomien på 1700- og 1800-talet.

Frå ca. 1730 byrja ein å utnytte den store ålmenningsskogen vest i bygda kommersielt. Tømmer vart fløytt nedover Otta og Lågen.

Kongen selde ålmenninga i 1726, og ut århundret var ho i hendene på private forretningsfolk. Det meste av tida var dette store kjøpmenn i Kristiania. Men i eit drygt tiår (1731-1743) var det ein driftig bondekapitalist frå Dovre, Tosten Hjelle eller «Rik-Skjeillin», som åtte ålmenninga. I hans tid vart dei fyrste verkelege stordriftene i ålmenningsskogen sette i gang.

Skogsdrifta gav grunnlag for nye levebrød på småbruk i skogbygda. Det kom fast busetnad i Bråtå og Åmotskrinsen, og rundt 1800 også i Jøingslia og Billingsdalen. Det vart ikkje lenger så mykje rom for vår- og haustsetring i låglendet, og jordbruket vart igjen lagt om i meir intensiv retning.

I hovudbygda utvikla husmannsvesenet seg. I 1723 var det 22 husmanns- og 104 gardbrukarhushald i bygda. I 1801 var det 74 husmanns- og 143 gardbrukarhushald. Gardbrukarane fekk brukbare overskot på sal av byggkorn til småbrukar- og skogsarbeidarbefolkninga innanbygds, og til kornfattige bygder og verkssamfunn på Lesja, i Folldalen, på Røros og andre stader. Det var to hovudføresetnader for at dette kunne lykkast. Den eine var god tilgang på rimeleg arbeidskraft. Den andre føresetnaden var ei sterk utviding av anlegg for kunstig vatning. Aukande velstand innan bondeklassen gjorde seg mellom anna utslag i ein ny og staselegare byggjeskikk frå slutten av 1700-talet, innreidd med treskurd og rosemåling av handverkarar og bygdekunstnarar som Skjåk-Ola, Sylfest Skrinde og andre.

Sjå også desse artiklane:

Kjelder

  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok. Band 2: Historia 1537-1800. Skjåk kommune 1995
  • Hosar, Hans P.: «Protokapitalismen i Skjåk frå frø til frukt. Historisk endring gjennom 300 år.» I: Blikk på lokalhistorie. Norsk lokalhistorie etter 1970. Norsk lokalhistorisk institutt, Oslo 1997.