Skjerstad kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Det tidlegare kommunesentret Misvær.
Foto: Lars Røed Hansen (2006)

Skjerstad kommune var fram til 1. januar 2005 ein kommune i Salten i Nordland fylke. Han blei samanslegen med Bodø kommune etter ei folkeavstemming i mai 2004 der det var to stemmer overvekt for samanslåing. Kommunesenteret var i den litle bygda Misvær.

Geografi

Skjerstad ligg sør for Skjerstadfjorden, som er den midterste delen av Saltenfjorden, som går austover frå Bodø til Fauske og vidare sørover til Saltdal. Skjerstadfjorden er 32 km lang og 8 km brei på det breiaste. På sørsida ligg den 16 km lange sidefjorden Misværfjorden.

Området er svært berglendt, og Lurfjelltind når 1286 meter over havet. Lågland finst bare på spreidde oddar og vikar i fjorden. Berggrunnen består hovudsakleg av glimmerskifer og kalkstein, med førekomstar av kalksteinkonglomerat i aust.

Fjellet kring Misværfjorden består av granitt med innslag av gabbro.

Demografi

1. januar 2004, eit år før kommunesamanslåinga med Bodø kommune, hadde Skjerstad kommune 1030 innbyggjarar.

Om namnet

Namnet Skjerstad er eit gardsnamn. I dei eldste skriftene blir namneforma Skirastaðir bruka. Første ledd er eit elvenamn, der det norrøne adjektivet skirr tyder ‘rein’ eller ‘klår’ (jfr. Skirða i Sunndal). Gardsnamnet blir nemnt fleire stader, første gongen den 7. november 1390 (a Skinastadom i Salte).

Historie

1200-talet fanst det ei katolsk kyrkje i Skjerstad. Denne mellomalderkyrkja i Skjerstad var etter alt å dømme ei trekyrkje, ettersom det ikkje finst ytre restar av ei steinkyrkje. Under bislaget på den noverande kyrkja er det òg funne ei altartavle i kleberstein frå katolsk mellomalder. I tavla er det innhogd ein kvadratisk gøymestad for relikvie. Det er òg inngravert eit solkors — som det einaste i sitt slag nordafor Ålesund.

Misvær prestegard er det funne fire gravstøtter i granitt frå 1200-talet. Tre av gravstøttene har kors i relieff. Tilsvarande kors andre stader i Norge blir daterte til 1100-talet. Gravminna er kring 1,5 meter lange, 50 cm breie og 10 cm tjukke.

Skjerstad sokn blir nemnt i eit skøyte skrive på pergament og datert den 7. november 1390. Skøytet fortel at Gudleik Thorgillsön selde til Botolf Korte “et pundasleigu i Breidvik, som ligher i Skirasta sokn i Salte” (‘eit pundsleige [ein gard] i Breivik, som ligg i Skjerstad sokn i Salten’).

I 1390 var altså Skjerstad eit sokn (Skirasta sokn), med ei kyrkje oppkalla etter ein gard (a Skinastadom i Salte). Garden Skjerstad finst ikkje nemnt i Aslak Bolts jordebok frå 1430.

Eit stabbur i Misvær, bygd i 1510, er den eldste kjente trebygninga nordafor Trondheim. Fleire stokkar i stabburet blei hogde i 1496. Stabburet var opprinnelig innreidd som bustadhus eller eldhus.

Ni andre bygningar i Skjerstad er eldre enn 1650, som er grensa for automatisk freding av bygningar.

Administrativ historie

Skjerstad sokn (1589–1595)

Skjerstad kyrkje blir nemnt i Den trondhjemske reformats frå 1589. Lensherren over Trondheims len, Christian Friis, hadde i 1586 klaga over vanstellet av kyrkjene i distrikta i eit skriv til kong Fredrik II. Avstandane mellom Trondheim og distrikta var lange, og areala for kvart prestegjeld var urimeleg store med kommunikasjonsmidla som fanst på den tida. Julaftan 1586 blei lensherren, biskopen i Trondheim, soknepresten i domkyrkja og ein kannik pålagte å granske forholda i distrikta og komme med konstruktive forslag for å betre stellet med kyrkjene i Nord-Noreg. Etter to reiser i 1587 og 1588 blei Reformats av 1589, Trondhjems stifts geistlige sager anliggender lagt fram for kongen.

Rapporten frå kommisjonen oppgjev eit manntal over bønder som sokna til dei enkelte kyrkjene, kor mykje desse skulle gje i tiende, og kor ofte prestane skulle preike i dei enkelte kyrkjene i «Salten prestegjeld». Bodin kirke var på dette tidspunktet ei hovudkyrkje med Skjerstad kyrkje, Rørstad kyrkje og Kjerringøy korshus som underlagte kyrkjer (hørende inn under Bodøe).

Skjerstad meinigheit, som òg omfatta Saltdalen, bestod i 1589 av 150 bønder (oppsittarar) og 15 husmenn, og tilsvara ei folkemengd på mellom 600 og 700 menneske.

Pastoren i Bodin, Mogens Olsen, betjente Skjerstad kirkje med ein domestica sacellana (huskapellan eller personell-kapellan) fram til han døydde i 1595.

Residerande kapellani (1595–1770) og eige prestegjeld (1770– )

Utdjupande artikkel: Skjerstad prestegjeld

Den nye Skjerstad kyrkje, bygd 1959 etter at gamlekyrkja brann ned kring 1950 etter lynnedslag.
Foto: Lars Røed Hansen

Mellom 1595 og 1770 var soknet Skjerstad eit residerande kapellani under Bodøen prestegjeld. Skjerstad kyrkje hadde 12 pastorar i denne tida.

Skjerstad kommune (1837–2005)

Kommunevåpenet (1991–2005) til Skjerstad kommune var ein kvit kvernstein på ein grøn åker

I 1837 blei den nye heradskommunen Skjerstad etablert. Gardane kring Skjerstad- og Misværfjorden hadde då eit folketal på kring 2 500 innbyggjarar. Det første lokalvalet blei halde på Mjønes i slutten av mai 1838. Det blei valt fem formenn og 15 representantar. Formannskapet heldt sitt første møte på Skjerstad prestegard i juni 1838. Der blei soknepresten sin kapellan, Johan Fredrik Lampe valt til den første ordføraren i kommunen.

Den 1. januar 1905 blei Skjerstad kommune delt i to kommunar. Den største av desse i både areal og folketal blei til Fauske kommune (4 646 innbyggjarar), medan den minste fortsette under namnet Skjerstad (1 709 innbyggjarar).

I 1949 blei så ein liten del av Skjerstad, med 10 innbyggjarar, lagt til Saltdal kommune, og den 1. januar 1963 blei endå ein del av Skjerstad, med 224 innbyggjarar, samanslegen med den tidligare kommunen Bodin kommune.

Den 1. januar 2005 blei Skjerstad kommune innlemma i Bodø kommune.

Kommunen hadde då eit areal på 465 km², der 109 km² var skog (inkludert 10 km² barskog), 24 km² var ferskvatn og 11 km² var jordbruksareal.

Sjå òg

Kjelder og litteratur


Creative Commons License Denne artikkelen er helt eller delvis basert på artikkelen «Skjerstad» fra Wikipedia på bokmål og riksmål og kan kopieres, distribueres og/eller endres slik det er angitt i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For en liste over bidragsytere til den opprinnelige artikkelen, se endringshistorikk knyttet til den opprinnelige artikkelen. For en liste over bidragsytere til denne versjonen, se endringshistorikk knyttet til denne siden.
Artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon.