Skodje folkehøgskule

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 19. apr. 2017 kl. 09:17 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Folkehøgskulen på Skodje var den fyrste i sitt slag på Sunnmøre. Den var i verksemd i berre to år, 1872-1873 og 1873-1874.

Skulen vart sett i gang av teologen Einar Skavlan, og han var sjølv lærar og styrar der i dei to åra. Det var berre ein lærar i tillegg til styraren. Det fyrste året var andrelæraren den lokale kyrkjesongaren Ludvig Flåte, som fekk eit år fri frå den vanlege lærarposten sin. Det andre året var cand. theol. Kristian Nordlid andrelærar..

Einar Skavlan var oppvaksen på Sunnmøre og hadde såleis sterk tilknyting til distriktet. Systera hans var gift med Ludvig L. DaaeSolnør. Daae var på dette tidspunktet fut på Sunnmøre. I bygdeboka for Skodje blir det framhalde at Skavlan fekk viktig økonomisk og moralsk støtte til skulearbeidet sitt frå svogeren.

Skulen vart halden på garden Holmøy, og der budde også styraren. Truleg budde også elevane der. På eit bilete frå det fyrste kullet ser det ut til at det var 18-20 elevar der, berre gutar. Dei betalte 1 ½ spesidalar i månaden i skulepengar, men nokre av elevane hadde friplass.

Faga det vart undervist i, var norsk skriftleg og munnleg, rekning og song, og i pakt med Grundtvigs fekk noregssoga brei plass. Etter kveldsmaten var det jamt diskusjonsmøte.

Kjelder og litteratur

  • Bygdebok for Skodje. Ålesund 1961.