Skodje sogelag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Skodje sogelag, Skodje i Ålesund kommune, vart skipa 5. desember 1973. Laget gjev ut eit årsskrift og vart i 1983 medlem av Landslaget for lokalhistorie.

Hovudoppgåva er å granske fortida og alt av historisk og antikvarisk verdi i Skodje, og søke å ta vare på verdiar og spreie kunnskap om folk sitt virke i eldre tid. Frå starten var føremålet å føre vidare arbeidet som var gjort med bygdebok for Skodje i 1961 med mål om å gje ut gards- og ættesoge for dåverande Skodje kommune.

I 2019 hadde sogelaget 110 medlemmer. Medlemstalet er nokså stabilt, men det er mange godt vaksne og vanskelig å rekruttere nye.

Hovudaktivitetar og publikasjonar

Utarbeiding av årsskrift som kjem ut før jul kvart år. Årsskrift har kome ut i alle år med unntak av 1982-1988, 1990-1992 og 1994.

Sogelaget arrangerer bygdevandringar i alle delar av Skodje. Innsamling av gamle bilete er òg ei viktig oppgåve.

Skodje sogelage stod for arbeidet med innsamling av stoff og skriving, og i samarbeid med kommunen vart gards- og ættesoga for Skodje (i to band) gjeve ut i 1986:

Ny bygdebok i to band skal kome ut hausten 2021; Prosjektnamn: «Kultur og bygdehistorie/allmennsoge for Skodje». Skodje sogelag og ei eiga bygdeboknemnd koordinerer arbeidet, og held mellom anna på med bildeinnsamling og korrekturlesing.

Leiarar

  • Elias Fylling
  • Louis Giske
  • Otto Jøsok
  • Øystein Strømsvik
  • Bjørn Nedreskodje
  • Kåre Beite
  • Kjell Sindre Tysse

Kjelder og litteratur

  • Opplysningar frå historielaget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenkjer