Skottetoget

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Skottetoget er den tradisjonelle nemninga på ein innmarsj av skotske leigesoldatar som kulminerte ved Kringen, eit lite område litt sør for tettstaden (frå 2000 byen) Otta i Sel kommune onsdagen 26. august 1612. Dette var under det som er kalla Kalmarkrigen mellom Danmark-Noreg og Sverige. Lokalt er stadnamnet ved Otta uttala i fleirtal, Kringane, dativ Kringom eller Høg-Kringom.

Men historia starta nokre månader før. På denne tida var krigane altså dominert av leigetroppar. Svenskekongen, Gustav 2 Adolf, hadde sendt ein høgare offiser, Johann von Mönnichhofen til Nederland for å verve soldatar. Han samla om lag 1200 mann som han segla ut frå Amsterdam med 14. juli 1612. Fem dagar seinare gjekk denne styrken i land ved Stjørdalen og marsjerte raskt opp dalen over Meråker og over til Sverige utan å møte motstand.

Parallellt gav Gustav Adolf ein skotsk adelsmann, Sir James Spens, i oppdrag å skaffe soldatar også i Skottland. Det var ikkje kongen av Skottlad, Jakob 1, interessert i, for han var gift med søster til kongen av Danmark-Noreg, Kristian 4. Det lyktes Spens ved hjelp av en skotsk oberst, Andrew Ramsay, å verve ein styrke. Skotske myndigheiter prøvde å stanse dei, men 2. august 1612 rakk to små skip å stikke ut frå landet med om lag 300-350 mann. Skipa segla saman mot norskekysten under leiing av oberstløytnant Alexander Ramsay, bror til Andrew, med to kompanisjefar, George Hay og George Sinclair.

Skottane skal ha lege nærare 14 dagar på Shetland, kanskje for å vente på styrken til Mönnichhofen, før dei segla vidare mot Romsdalen. Og frå innseglinga her 19. august fram til slaget 26. august finst det ei lang rad segn om personar og hendingar som skal ha vore involvert i hendingane. Ein Peder Klungnes skal ha lurt skottane til å gå i land ved garden sin på nordsida av Romsdalsfjorden, der ein den dag i dag finn namnet Skothammaren. Peder skal ha lurt skottane til å marsjere heile vegen rundt Isfjorden og dermed seinka dei med ein dag. Han skal òg ha ført dei vidare oppover dalen. Men eit av dokumenta om hendingane frå same hausten (sjå lenke nedafor) viser at skottane konfiskerte noko sølv frå ein dansk mann, Søren Setnes. Ser ein på kartet ser ein at Setnes ligg på sørsida av Romsdalsfjorden og den naturlege vegen inn i Romsdalen - hadde skottane gått rundt Isfjorden ville dei vore nøydd til å krysse elva for å kome til Setnes. Per Klungnes er ikkje nemnt i kjelder frå den tida hendingane skjedde.

Skottane marsjerte raskt opp Romsdalen og over Lesja, der det òg er segner om at dei skal ha stole og brent gardar, utan at det kan dokumenterast. Tvert i mot går det fram av dokumenta frå same året at dei ikkje plyndra. Det er så ingen tvil om at det vart sendt melding om innmarsjen slik at lensmannen i Lesja (som den gang òg omfatta Dovre), Lars Hågå klarte å mobilisere ein del bønder frå det prestegjeldet for å prøve å stoppe skottane. Han fekk òg sendt varsel til naboprestegjelda, Vågå, Fron og Ringebu. Styrken samlast ved Kringen med Lars Hågå og lensmannen i Ringebu, Per Randkleiv som førarar. Der angreip dei og skaut ned «alle» skottane på halvannan time iflg. rapporten statthaldaren skreiv tre veker seinare. Men iflg. same rapport var det ein del som overlevde. Nokre prøvde å kome seg over på andre sida elva, men der vart dei slege i hel av bønder.

Rapporten fortel òg at 134 skottar vart teke til fange, men at alla utanom 18 vart avretta av bøndene dagen etter. Dei 18 vart førte til statthaldaren på Akershus, som altså rapporterte saka til København. Mellom dei 18 var føraren, Ramsay og den eine kompanisjefen, Hay. Den andre kompanisjefen, Sinclair, vart drepe, og tradisjonen i ettertid har utpeikt han som førar av styrken. Gravsteinen over Sinclair kan ein framleis sjå på Kvam.

Kongen, Kristian 4., viste seg takknemleg. Ved gåvebrev datert 3. september 1613 fekk Lars Hågå gardane Hågå og Lannem på Dovre. Per Randkleiv fekk gardane Randkleiv og Øvre Gunnstad i Ringebu og Berdon Segalstad fekk garden Segalstad også i Ringebu. Berdon skal etter segna ha vore den som skaut Sinclair.

Ei lang rad segner og tradisjonar om denne hendinga levde i Gudbrandsdalen i hundreåra framover.

Kjelder og litteratur

  • Beveridge, John 1933: «The Scottish Expedition in Norway 1612.» Proceedings of the Society of Antiqaries of Scotland. Vol. LXVII s. 209-223.
  • Bondevik, Kjell 1948: Studiar i norsk segnhistorie. Aschehoug & Co.
  • Krag, Hans Peter Schnitler 1838: Sagn, samlede i Gudbrandsdalen om Slaget ved Kringlen den 26de August 1612, og udgivne i Forbindelse med hvad Historien beretter om denne Tildragelse. Christiania
  • Michell, Thomas C.B. 1886 (norsk omsetjing ved Tone Formo 1997): Historien om Den skotske ekspedisjon til Norge i 1612. Utg.: Jon Selfors
  • Rasch-Eng, Rolf 1992: Herr Sinclair dro over salten hav. Skottetoget og kampene ved Kringen 1612. Libretto forlag
  • Rudin, S. 1953: «Kringenslaget og segna om velta.» Årbok for Gudbrandsdalen
  • Teigum, Ivar 1978: «Ei nogen levende sjel kom hjem». Fakta og fantasi om skotteferda i 1612. Syn og Segn s. 482-490
  • Teigum, Ivar 2004: Bygdebok for Vågå og Sel bd. 2 s. 62-63
  • Rapportane frå 1612 på vigerust.net