Skrevet (Odda)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 4. sep. 2017 kl. 20:55 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå Skrevet i 1950-åra. Funkisbygget t.v i Bustetungata er magasinet til Odda Samvirkelag frå slutten av 1930-åra.
Foto: NVIM

Skrevet i Odda er staden der Røldalsvegen og Kremarvegen deler seg. Desse gatene går skrått nedover frå same punkt; dei «skrevar ut» som to bein i ei bukse kan vi tenkja oss. På folkemunne har staden fått namnet «Skrevet», men dette er blitt den skriftlege forma også etter kvart.

Før låg det eit lite bustadhus med uthus og stall her. Stallen var frå turisttida før industriutbygginga då eigaren dreiv med muring og hesteskyssing. Sidan eigedomen låg så tett ved hovudvegen, fekk han namnet «Veien» og dei som budde her blei omtala som «Johannes i Veien» og «Jakob i Veien».

Kiosken i Skrevet

Etter at fabrikken kom og folk strøymde forbi, kom det ein kiosk heilt øvst i vegdelet. Der selde dei mengder av aviser og blad. Kiosken var ein populær møteplass og stundom ein stad å flørta med dei unge damene som sto i kiosken eller ein stad å smugkikka på dei meir dristige blada. Den gong var det ikkje vanleg å stilla desse ut slik som no.

Slaget i Skrevet

Staden er også svært godt kjent frå ei spesiell hending den 1. mai 1931. Den gong var det to demonstrasjonstog på 1. mai i Odda, eit for kommunistane og eit for sosialdemokratane. Og sidan dei lokalt hadde ein langvarig konflikt gåande i fagforeiningane, enda det med slåsskamp midt i gata her. Både kvinner og menn var med i ”slaget”. Dei kjempa eigentleg om politisk makt og spesielt om ei av fanene som var det viktige symbolet deira.

«Slaget i Skrevet» er blitt legendarisk. - I kveldsnyheitene på NRK den 1. mai 1931 blei det meldt at 1.maifeinga rundt om i verda hadde gått roleg for seg, bortsett frå i Barcelona og i Odda der det hadde vore «gateopptøyer».