Skulane i Ål

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Skulane i Ål er eit oversyn over skulehistoria i Ål kommune, Hallingdal.

Almuge- og folkeskulen

Frå 1742 var det omgangsskule i Ål prestegjeld. Av 3 lærarar var den eine meint for Hol som ikkje vart utskilt frå Ål prestegjeld før i 1877. Etter kvart vart det fleire til å undervise. Frå 1807 vart det 12 lærarar, av desse fekk Hol 4. Frå 1828 var inndelinga av skuledistrika slik at dei 3 fyrste distrikta låg i Hol. Det 4. skuledistriktet inkluderte delar av Hol og gjekk vidare inn i Ål til Tunehagen, det 5. distriktet: Tune til Sundre, 6. distriktet: Øvre Ål og Kvinnegardslie, 7. distriktet: Frå Vats og Leveld til Medgarden, 8. distriktet: Frå Gudbrandsgard til Sel, 9. distriktet: Frå Bergsgard til Torpodelet og litt av Oppheimsgrenda, 10. distriktet: Øvre og Nedre Torpo. I 1857 vart kvart distrikt delt inn i 3 rotar mot tidlegare 4. Ål var både namnet på prestegjeldet og namnet til eit av sokna.

I 1859 var distrikta i Ål delte opp i 2 rotar. Omgangsskulen vart delt mellom 7 lærarar i Ål og 2 i Torpo.

  • 1.-4. distrikt låg i Hol.
  • 5. distrikt: 1: Reinton-Sandåker, 2: Sundbrei-Storeteig.
  • 6. distrikt: 1: Skattebøl-Bakketeigen, 2: Rimejordet-Leksvol.
  • 7. distrikt: 1: Varberg-Skalle, 2: Kolbjørnstølen-Myking.
  • 8. distrikt: 1: Berg-Kjellargard, (gardane nord for Berg låg til Hol), 2: Dokken-Oleivsgard.
  • 9. distrikt: 1: Lappegard-Løkensgard, 2: Springgarden-Bakke.
  • 10. distrikt: 1: Sundre-Ulshagen, 2: Skrindo-Halvorsgard.
  • 11. distrikt: 1: Gullhagen-Bæra, 2: Kvammen-Høgset.
  • 12. distrikt: Øvre Torpo.
  • 13.distrikt: Nedre Torpo.

(Dei to siste med to rotar kvar).

I 1861 var det vedteke å innføre fast skule i Nedre Ål, Satafjordungen, og Øvre Ål med Kvinngardslie. Motstanden mot fast skule kom mellom anna frå at det vart dyrare og gav permanent lang reiseveg for dei som budde ytst i krinsane. I 1862 vart det fast skule på Kvelprud for Liagardane, men det vart framleis omgangsskule for dei nedre gardane. I 1865 fekk Sando fast skule, men omgangsskulen vart innført på nytt i Liagardane. Kvinngardslie fekk omgangsskulen att nokre år frå 1871 grunna lang veg til Øvre-Ål. Ved enden av 1870-åra var det slutt med omgangsskulen i alle krinsane i Ål. Når Hol vart utskilt i 1877 var Nordre Vats lagt til Ål som eigen krins. Frå då av var det 11 krinsar i Ål sokn og 2 i Torpo. I Torpo vart det vedteke fast skule for Øvre Torpo og to halvfaste for Nedre Torpo i 1861. Omgangsskulen skulle likevel vare ei stund i Nedre Torpo.

Dei gamle grendeskulane

Dei fleste skulekrinsane hadde todelt skule, eit par hadde udelt undervisning, medan Nedre Ål og Sando i ei tid hadde tredelt skule.

  • Nedre Ål: Skulehus 1865. Nytt hus i 1925: To-delt. 1933: 7-delt. Ny halv lærarpost i lag med Kvinnegardslie til 1937, seinare delt med Leveld.
  • Øvre Ål: Skulehus 1888.
  • Kvinnegardslie: Skulehus i 1914. Same lærar som Øvre Ål til 1898, same som Nedre Ål småskule frå 1898-1907, som Øvre Ål 1907-1916.
  • Breie: Skulehus i 1880.
  • Skottbøl: Skulehus 1872. Nytt hus i 1921.
  • Sando: Skulehus i 1872. Småskulen hadde i ei tid same lærar som Bergsgard, frå 1907 same lærar som Leveld.
  • Bergsgard: Skulehus 1886. Ei klasse same lærar som Sando til 1899.
  • Tveito: Fekk skulehus i 1878. 1879-1891 same lærar som småskulen i Skottebøl, 1884-1891 ei klasse same lærar som Bergsgard.
  • Leveld: Skulehus i 1880. Nytt hus i 1910.
  • Søre Vats: Skulehus i 1882. Nytt hus i 1921 på garden Fagertun. Småskulen hadde ei tid same lærar som Tveito.
  • Nordre Vats: Skulehus i 1882. Nytt hus i 1921. Same lærar som Søre Vats til 1907.
  • Nedre Torpo: To skulehus i 1878 for krinsane Skjerping og Bråten. Slegne i hop i 1890. Då vart skulestovene flytta og samanbygd på Hagamoen.
  • Oppheim: Skulehus i 1878. Nytt hus i 1925.

Framhaldsskule

Frå 1875 vart det helde kveldsskule i Ål ved Nedre Ål skule og Sando med undervisning i norsk og rekning. Ei stund var det 3-4 slike skular i Ål og ein i Torpo. Frå 1893 til 1900 vart det helde framhaldsskule på Nedre Ål skulehus.

Skular i nyare tid

Grunnskulen

  • Leveld: Leveld skule er ein barneskule med 84 elevar skuleåret 15/16. På Leveld skule arbeider det 12 lærarar, 4 assistentar og rektor. Det er mellom 9 og 17 elevar i kvar klasse. Leveld skule og Nordbygdene barnehage har felles uteområde, og samarbeider på mange område. Ved Leveld skule er det symjehall, grendehus med scene som og blir brukt til kroppsøving, eige lokale for SFO og eige lokale for skulebibliotek. I 2008 vart elevane frå Vats privatskuleoverførte til Leveld.
  • Vats privatskule: Skulen vart nedlagt i 2008 og elevane overførte til Leveld. Opphavleg var det to skular i Vats (Sjå over). På slutten av 1950-talet ville kommunen samle elevane i grannebygda Leveld. Bygdefolket i Vats skipa derfor Vats privatskule, bygd på dugnad. Denne var i drift 1962-1973. Frå 1973 var skulen atter kommunal inntil våren 2003. Hausten 2004 starta friskulen opp att i dei gamle lokalane. Nedlagt i 2008.
  • Nedre-Ål: Skulebygningane er bygde i 1963, 1992, og 2002. Skulen har elevar frå 1. - 7. årstrinn. På årstrinna 1-4 er elevane inndelt i 1 eller 2 grupper pr. årstrinn. Elevane på årstrinn 5-7 er delt inn i 3-4 grupper.
  • Skattebøl: Skattebøl skule er ein fulldelt grendeskule, 1.-4.klasse, som ligg ca. 3 km. frå Ål sentrum. Skulen der den no ligg er bygd i 1980, andre byggesteg med m.a. gymsal kom i 1997. Skulen har pr 20. august 2014 44 elevar. Tilsette: 6 lærarar, rektor og tre skuleassistentar. På SFO er det tre tilsette.
  • Torpo: Torpo skule ligg midt i Hallingdal, om lag midt mellom Ål og Gol. Skulen har skuleåret 2015/2016 85 elevar fordelt på 1. - 7. trinn. I tillegg til rektor er det 15 lærarar og 6 assistentar knytt til skulen. Skulen vart renovert i 2010.
  • Ål ungdomsskule

Andre utdanningsinstitusjonar

  • Lien Jordbruks- og husmorskole (fylkeskommunal)

"Den flyttbare landbruksskole for fjellbygdene" eller "Fjeldlandbruksskolen" vart skipa i 1911. Hausten 1922 vart denne flytta til Lien gard på Torpo i Hallingdal og endra namn til Lien Jordbruks- og Husmorskole. Endra namn til Lien Landbruksskole i 1962. Husmorskuleavdelinga flytta ca.1966 -1967 til Nesbyen. Om lag 1979-1987 hadde landbruksskulen ein underavdeling i Uvdal i Numedal. I dag er Lien ein del av Ål vidaregåande skule.

  • Ål vidaregåande skole (fylkeskommunal)

Tidlegare Hallingdal yrkesskole skipa i 1956 i samarbeid med kommunane i Hallingdal. Skulen vart overteke av Buskerud fylkeskommune i 1964. Skulen utvikla seg gjennom åra med fleire fagliner og betre plass. I 1986 skifta skulen namn til Ål vidaregåande skule.

  • Ål Folkehøyskole og kurssenter for døve (Privat)

Skipa av Norges døveforbund. Offisielt opna i 1974. Drive av ei sjølvstendig stifting.

Arkiv

Eldre og avslutta arkiv etter dei kommunale og fylkeskommunale skulane i Ål er deponert til Interkommunalt arkiv for Buskerud, Vestfold og Telemark IKS.

Kjelder

  • Arkivportalen [lasta ned 05.10.2015].
  • Fonnum, Helge og Svarteberg, Kristen: Aal bygdesoge, band I, Oslo, Fabritius 1952.
  • Skolene i Vats [Wikipedia-artikkel, lasta ned 05.10.2015].
  • Skulane i Ål [Side på heimesida til Ål kommune, lasta ned 05.10.2015].
  • Svarteberg, Kristen: Aal bygdesoge, band II, Gjøvik, Mariendals 1956.